fredag 14. mars 2014

Der ingen er gode nok

Eg sitt i klasserommet og ser rundt meg. Det er fullt av vakre, verdifulle menneske. Dei ser litt trøtte ut, men elles glade, fine og nøgde. Det er lett for å tru at livet deira så langt har vore ein dans på roser og at dei fleste er lukkelege, men så byrjar me å snakke og sanninga kjem fram. Sjølv om dei fleste er over 20 år, er mange usikre, redde og av eiga meining absolutt ikkje gode nok. Det er så mykje dei burde gjere og så mykje dei burde sagt, så mange ting dei gjer feil og så mange ting som kunne vore betre. Vips, så var me visst ganske like likevel. 

Presset i samfunnet vårt aukar stadig og media har mykje av skulda. Me ser dei såkalla perfekte menneska over alt og me får tips om korleis me også kan bli så perfekte. For det er mogleg, berre du vil det og berre du arbeidar hardt nok. Rundt oss lyser dei vakraste smila og dei tynnaste kroppane frå plakatar og blader, som før dei gjekk i trykken har blitt retusjert på alle tenkelige måtar. Me ser på Paradise Hotel, der alle andre kroppar enn den tynnaste på hotellet blir hengt ut som stygge og feite. Me les bloggar om seksten år gamle jenter som ser ut som dei skal på ball når dei skal på skulen. Og så fotballfrua då, som spratt opp av fødesenga og rett på tredemølla. Me møter heile tida denne sminka verda, som minnar oss på kor usminka og uperfekte me er og korleis me eigentleg burde vera.

Eg seier ikkje at alle går i grøfta av å sjå på Paradise Hotel, men ein skal vera ganske sikker på seg sjølv for å ikkje la alt dette gå inn på seg og kven er vel det i for eksempel ungdomstida? Me hugsar vel alle korleis tida som ungdom var, med usikkerheit og utfordringane som stod i kø. Sjølv om ungdomstida heilt sikkert alltid har vore tøff, så ser me at stadig fleire og fleire ungdommar stressar seg sjuke. Helsesøstre rundt om på skulane i Noreg har fleire gongar slått alarm dei siste åra fordi dei møter rekordmange utbrente ungdommar, som gjer alt for å vera best på alle område i livet. Ein undersøking frå Sverige visar at ein av tre svenske ungdommar er konstant stressa. Ein av tre! Å leve med stress over lengre tid kan få alvorlege konsekvensar for helsa vår og er ofte ein forløpar til angst og depresjonar. Me risikerer rett og slett å miste fantastiske menneske som gjer sitt beste, men som aldri blir gode nok. 

Da e viktigare no enn nokon gong at foreldre, lærarar og andre viktige vaksne fortel born og unge at dei ideala dei ser på framsida av eit vekeblad, med retusjerte kroppar og uhorveleg med energi ikkje er realistiske. At den jenta som er flinkast på skulen, fordi ho ikkje gjer annan enn å arbeide med lekser, mest sannsynleg kjem til å slite seg ut. Møte veggen ein eller annan dag. At dei bileta og dei fantastiske liva ein ser på Facebook ikkje representerer korleis livet eigentleg er. Born og unge treng å bli fortalt og vist at menneske sin verdi ikkje er avhengig av kor lange bein du har eller kva som står på vekta. Me treng fleire menneske som høgt og tydeleg hyllar menneske i alle form og fargar, som innrømmer at dei slit med å kome seg opp om morgonen og at fødselen var noko herk. Det er ikkje snakk om klaging. Det er ikkje snakk om å legge ut om sine mest djuptgåande problem på butikken. Det er snakk om å visa kvarandre at me er menneske, noko som utruleg nok har blitt lett for å gløyme i desse dagar. 

Dette er ikkje ein kritikk mot rosabloggarane eller mot tynne kroppar. Det er ein kritikk til alle oss som godtar det, som hyller det og som klikkar rundt på alt dette perfekte vaset og trur det er slik det må vera. Det er ein kritikk mot at me finn oss i det, at media faktisk får lov å bestemme at dersom du skal vera på framsida av eit blad så må bladet retusjere deg, ikkje berre tynn, men drittynn fyrst. Eller dersom du skal vera nyheitsankar på TV2, så må du sjå ut som ei dukke med så kvite tenn at dei heime i stova nesten blir blenda. 

For kva samfunn skaper me tilslutt, dersom målet om det perfekte får regjere? Har me plass til personar med nedsett funksjonsevne? Har me plass til psykiske lidingar? Har me plass til nedturar som livet byr på? Har me plass til dei kronisk sjuke? Har me plass til menneske, med sine menneskelege feil og manglar, som alle menneske har?

Eg vil ha eit samfunn der alle kan vera seg sjølv, utan å konstant gå rundt å tenkje at ein aldri blir god nok. Eg skulle ønske me kunne stoppe opp inni mellom og tenke at det ikkje er krise med den derre valken på magen. Eg har ein kropp som fungerar, eit hjarta som forelskar seg og ein hjerne som kan løyse mange problem. Kvar einaste dag gjer eg så godt eg kan, med det eg har. Og jaggu er det godt nok. 

Jaggu, er eg god nok.

Kronikken stod på trykk i Bygdanytt  11/3-14

torsdag 13. mars 2014

Kvardagens sus

Eg treng ein morgon
utan mørke tankar
utan frykt og angst

Eg treng ein dag i solskinn
eller regn
utan bruk for auga i nakken
Stemma i hovudet

Eg treng ein kveld
med den kjensla
du veit den kjensla
Som fortel heile kroppen din
at alt skal gå bra

Du kan slappe av

Eg treng ingen dyr tur
Ingen store festar
Ingen lange feriar
Ingen store bryllaup

Eg treng ein kvardag
Med morgoner, med dagar, med kveldar

Med ro

onsdag 12. mars 2014

I live, utan å leve

Eg er redd for å aldri bli elska
Redd for å elske
Eg er redd for å bli forlatt
Redd for å forlate
Eg e redd for å vakne
Redd for å sovne

Eg er redd for å døy
Eg er redd for å leve

Redd for det meste
Redd
Redd
Redd


tirsdag 25. februar 2014

Eit tre

Eit epletre i Sogndal
Står der trygt og godt
Rundt det ruvar husa
men eplehagen har bestått

Eit oliventre i Palestina
Med brannsår på sin kropp
Ingen lenger haustar
Frå treets stolte topp

Epleslang er treet
i Sogndal si største frykt
Det hender innimellom
Men oftast står det trygt

I Palestina er det annleis
Der hogges tre kvar dag
Og treets rette eigar
Bygger opp sitt nag

Kvar med lange røtter
Kvar fulle av tradisjon
Kvar med eigen herre
Som sådde dei i jord

Tone Mjelde




torsdag 30. januar 2014

Historia

I dag er det den internasjonale Holocaustdagen. 6 millionar jødar, 450 000 sigøynarar og 250 000 funksjonshemma og homofile vart drepen på nokre få år. 

Me må ikkje gløyme at Noreg hadde jødeparagrafen i si grunnlov, som sa at ingen jødar fekk kome inn i Noreg. Og ikkje minst at den vanlige mannen på gata var med på den uretten som fann stad. Kor lett det er å havne i eit samfunn der me skiller menneske frå menneske og der nokre har meir verdi enn andre. 

Gløymer du historia, kjem du til å oppleve den på nytt!

onsdag 22. januar 2014

Hovudet i fanget

Han spør om han kan få legge hovudet sitt i fanget hennar. Ho har aldri hatt hovudet til ein mann på fanget før, men seier ja. Han ligg der og ser på ho. Ser opp på ansiktet hennar, som sikkert ser rart ut frå den vinkelen. For å ikkje snakke om polyppen i nasa, som sikkert er ganske synleg der ifrå. Kvar skal ho sjå, når ein mann ligg i fanget hennar og ser på ho. Ser ein tilbake? Han lukkar tilslutt augene, seier at han kunne lagt der for alltid. At akkurat no er han heilt avslappa, som aldri før. Ho slappar ikkje av, men det er fint likevel. Fint fordi han har det bra og av ein eller annan grunn liker å ligge der. Liker å sjå på ansiktet hennar frå den verste vinkelen. Ho lurer om han kjenner dei. Hjarteslaga hennar som bankar i heile kroppen. Om han kjenner at ho skjelver, utan å sjølv skjønne kvifor. For ho er ikkje redd. Det er berre uvant. Uvant og fint.

lørdag 18. januar 2014

Du skal ikkje tåle så inderlig vel

Me ser filmar om ein krig som har skjedd. Me ristar på hovudet. Sukkar. Me grin. Skjøner ikkje korleis slikt kunne skje, korleis menneske kunne vera så onde. Umenneskelege, men samtidig berre menneske.

Mens me grin over alt som har skjedd, skjer det same igjen. Overalt. Heile tida. Me sitt stille i heimane våre. Me sukkar ikkje. Me reagerer ikkje. Handlar ikkje.

Men når filmen kjem om nokre år skal me sukke og grine. Og ikkje skjøne noko.

Igjen.