torsdag 13. mars 2014

Kvardagens sus

Eg treng ein morgon
utan mørke tankar
utan frykt og angst

Eg treng ein dag i solskinn
eller regn
utan bruk for auga i nakken
Stemma i hovudet

Eg treng ein kveld
med den kjensla
du veit den kjensla
Som fortel heile kroppen din
at alt skal gå bra

Du kan slappe av

Eg treng ingen dyr tur
Ingen store festar
Ingen lange feriar
Ingen store bryllaup

Eg treng ein kvardag
Med morgoner, med dagar, med kveldar

Med ro

onsdag 12. mars 2014

I live, utan å leve

Eg er redd for å aldri bli elska
Redd for å elske
Eg er redd for å bli forlatt
Redd for å forlate
Eg e redd for å vakne
Redd for å sovne

Eg er redd for å døy
Eg er redd for å leve

Redd for det meste
Redd
Redd
Redd


tirsdag 25. februar 2014

Eit tre

Eit epletre i Sogndal
Står der trygt og godt
Rundt det ruvar husa
men eplehagen har bestått

Eit oliventre i Palestina
Med brannsår på sin kropp
Ingen lenger haustar
Frå treets stolte topp

Epleslang er treet
i Sogndal si største frykt
Det hender innimellom
Men oftast står det trygt

I Palestina er det annleis
Der hogges tre kvar dag
Og treets rette eigar
Bygger opp sitt nag

Kvar med lange røtter
Kvar fulle av tradisjon
Kvar med eigen herre
Som sådde dei i jord

Tone Mjelde




torsdag 30. januar 2014

Historia

I dag er det den internasjonale Holocaustdagen. 6 millionar jødar, 450 000 sigøynarar og 250 000 funksjonshemma og homofile vart drepen på nokre få år. 

Me må ikkje gløyme at Noreg hadde jødeparagrafen i si grunnlov, som sa at ingen jødar fekk kome inn i Noreg. Og ikkje minst at den vanlige mannen på gata var med på den uretten som fann stad. Kor lett det er å havne i eit samfunn der me skiller menneske frå menneske og der nokre har meir verdi enn andre. 

Gløymer du historia, kjem du til å oppleve den på nytt!

onsdag 22. januar 2014

Hovudet i fanget

Han spør om han kan få legge hovudet sitt i fanget hennar. Ho har aldri hatt hovudet til ein mann på fanget før, men seier ja. Han ligg der og ser på ho. Ser opp på ansiktet hennar, som sikkert ser rart ut frå den vinkelen. For å ikkje snakke om polyppen i nasa, som sikkert er ganske synleg der ifrå. Kvar skal ho sjå, når ein mann ligg i fanget hennar og ser på ho. Ser ein tilbake? Han lukkar tilslutt augene, seier at han kunne lagt der for alltid. At akkurat no er han heilt avslappa, som aldri før. Ho slappar ikkje av, men det er fint likevel. Fint fordi han har det bra og av ein eller annan grunn liker å ligge der. Liker å sjå på ansiktet hennar frå den verste vinkelen. Ho lurer om han kjenner dei. Hjarteslaga hennar som bankar i heile kroppen. Om han kjenner at ho skjelver, utan å sjølv skjønne kvifor. For ho er ikkje redd. Det er berre uvant. Uvant og fint.

lørdag 18. januar 2014

Du skal ikkje tåle så inderlig vel

Me ser filmar om ein krig som har skjedd. Me ristar på hovudet. Sukkar. Me grin. Skjøner ikkje korleis slikt kunne skje, korleis menneske kunne vera så onde. Umenneskelege, men samtidig berre menneske.

Mens me grin over alt som har skjedd, skjer det same igjen. Overalt. Heile tida. Me sitt stille i heimane våre. Me sukkar ikkje. Me reagerer ikkje. Handlar ikkje.

Men når filmen kjem om nokre år skal me sukke og grine. Og ikkje skjøne noko.

Igjen. 

tirsdag 31. desember 2013

Hjarta, hjarta!

Eg byrjar å skrive, igjen. Det er måndag, den nest siste dagen i året. Eg sitt i stova i farfar sitt steinmurhus i Mjeldalen og høyrer på Melissa Horn. Klokka er 00:32. Innlegget mitt til Bygdanytt skulle vore sendt for seks dagar sidan. Absolutt siste deadline er i morgon, eller i dag. Eg har byrja å skrive for tredje gong denne månaden. Klokka er 00.33.

Jula er over. Tida då me skal vera på vårt lukkeligaste, mest avslappa, takknemlig og glad. Me sitt oss med middagsbordet på julafta og ventar på dette. På at alt skal bli bra. På at sorga i hjarta skal forsvinne. På julefreden. Me ventar på at kroppen, hovudet og hjarta endeleg skal slappe av og kjenne seg nøgd. På at verda skal verke mindre skummel, fordi ein har dei riktige menneska rundt seg. På framtidshåpet. Me ventar på at dei mørke tankane skal forsvinne, i alle fall for ei lita stund.

Jula mi har vore roleg. Ikkje roleg i den forstand at eg ikkje har handla julepresangar dagen før julafta og at stovebordet ikkje har vore overflauma av gåvepapir, teip og feilskrivne namnelappar. Det har vore kaos, også i år. Men hjarta mitt har vore rolegare, meir nøgd, fordi det kaotiske hovudet med sin dårlege samvittigheit og negative tankar har fått mindre plass. Samvittigheita som fortel meg at eg burde vore lukkelegare fordi eg har det så bra, som masar om at eg ikkje gjer nok for andre. Tankane mine som fortel meg at eg må bake sju kakesortar som eg eigentlig ikkje liker og at eg heller må rydde stovebordet enn å besøke vener som hjarta sårt treng. 

Tidligare har eg aldri høyrt på hjarta. Hjarta mitt som desperat har skrike om at eg går i feil retning. Som har bedt meg høyre meir på det enn på dei evige tankane, det evige presset, om kven eg bør vera. Hjarta har heile tida fortalt meg at eg berre må vera meg sjølv, med rotete stovebord og mine forseinka presangutleveringar klokka tre på julafta. 

I år har ting vore annleis. Hjarta mitt har latt meg få sprenge tidskjemaet allereie på fyrste presangutleveringsbesøk. Det har sagt ja takk til nok ein kaffikopp. Det har bestemt julepresangane heilt sjølv og ikkje latt tankane fortelje kor idiotisk eller feil gåvene er, nok ein gong. Hjarta mitt har latt meg få lov til å sitte saman med pappen min og sjå Harry Potter ein laurdagskveld, i staden for  å vera på fest med ukjente. Fordi hjarta treng pappa og ikkje fleire ukjente. Tankane som fortel at det er viktig kva dei ukjente meiner om meg, Harry Potter og pappa har ikkje fått lov å snakke. Har blitt nekta ein replikk på hjarta sitt innlegg. Hjarta mitt har latt meg få slappe av saman med ein ven til langt på natt, sjølv om tankane har skrike om katastrofe fordi bidraget til avisa skal vera inne om nokre få timar. Hjarta mitt seier at det ordnar seg, hjarta mitt seier at det treng venen meir enn kva Bygdanytt treng eit innlegg.

Eg trur alt for mange av oss høyrer etter på desse tankane og forvekslar dei med fornufta, men tankane dine fortel deg ofte feil ting og er ikkje alltid så veldig fornuftige. Dei kan fortelje deg at du ikkje er verd noko. At du ikkje fortene å ha det bra. At andre si lukke er viktigare enn di eiga. Tankane dine kan fortelje deg at den måten andre lever livet sitt på er riktigare enn den måten hjarta ditt skrik om inni deg. Den måten du eigentleg vil leve, viss du berre kjenner etter. Lar du desse tankane ta overhand lenge nok, så sitt du der med eit utslitt hjarte som bankar og pumper til ein kropp som går ein heilt annan veg enn den burde. For sjølv om me treng fornuft, så treng me ikkje tankar som skadar oss. Som gjer at me lever feil liv. Eit liv som lammar oss og som gjer oss ulukkelege. Som igjen gjer at me heller ikkje klarar å hjelpe andre eller å gjere dei tinga me ynskjer.

Hjarta ditt er heilt unikt. Det er ikkje likt naboen eller søstera di sitt. Det fungerer på sin eigen måte. Har si eiga verd og sine eigne ting det treng. Som alle andre hjarter, så fortene hjarta ditt å bli høyrd på og du fortener å ha det bra. Du fortene alle fine ord du får din veg og du fortene å tru på dei. La hjarta bli varmt og godt av dei. Du fortene å vera forelska; å gløyme verda i nokre sekund og berre nyte den kjensla. Du fortene å gjere akkurat det du ynskjer, sjølv om naboen ser litt rart på deg fordi hjarta hans seier noko heilt anna. Du fortene å drite i alle tankane dine, eit lite sekund. 

Klokka er 02.02. Tankane mine har i heile desember fortalt meg kva eg burde skrive om. Har minna meg på kva som sømmer seg i avisa og ikkje. Eg valde tilslutt å høyre på hjarta. Hjarta mitt som drit i kva som sømmar seg. Klokka er 02.03 og det ordna seg. Det ordnar seg alltid, seier hjarta.