fredag 8. juni 2012

Kortid, visst ikkje no?

Eit fabelaktig dikt av Linda Fosse! 
Kanskje fordi eg er akkurat der for tida. Det er på tide å leve draumen folkens:

onsdag 6. juni 2012

Natta

Kvifor er verda
så uendelig stille
Utanom fuglane
Dei syng

Til og med om natta

Kvifor er verda
så uendelig stille
når eg treng ein lyd
når eg treng ei rørsle

Midt på natta

Kvifor er verda
så uendelig stille
når den ellers bråkar
når den alltid bråkar
ellers

Men ikkje om natta

Kvifor er verda
så uendelig stille
når eg sitt her
åleine

Om natta




torsdag 24. mai 2012

Jan Eggum





Bilen står stylet og blank
Han sier full tank
Han står der i oljestank
Ja, som i et skuespill,
som en cowboy som vil
hun skal se på han
som sin redningsmann
og si
og si:

Å, ta meg med,
ta meg med
No vet eg du fins
At du e min prins
Si at du vil ha meg med
at du tar meg med
ja, hvis du ber meg om det no,
så gjør eg det
si ordet eg bryr meg om
Bare si:
Kom.

Bak disken her
har vi alt
en cowboy kan få,
men så må han alltid gå
Hun står som var hun på film
Og hun tenker:
si noe,
rør meg
og bryt mine lenker
Kan han forstå meg rett?
Ser han det eg har sett?
Vil han ha mer enn den
doble hamburgeren?
Inni seg ber hun pent:
Si, før det e for sent:

Å, ta meg med,
ta meg med
No vet eg du fins
At du e min prins
Si at du vil ha meg med
at du tar meg med
ja, hvis du ber meg om det no,
så gjør eg det
Si ordet eg bryr meg om
Bare si:
Kom.

Gutten får mat og bensin
og tenker: "hun der var fin",
"tenk om hun var prinsessen min"
Han sier "hei" også går han til bilen sin
han skulle sagt: "vil du bli med på hesten min?"
Si det!
Si det!

Å, ta meg med
ta meg med
No vet eg du fins
At du e min prins
Si at du vil ha meg med
at du tar meg med
ja, hvis du ber meg om det no,
så gjør eg det
Si ordet eg bryr meg om,
Bare si:
Kom.

tirsdag 22. mai 2012

Kan alle bli statsminister?

               Me får stadig fleire og fleire inntrykk av korleis liva til alle menneska rundt oss er. Facebook er den viktigaste staden, der me får eit unikt innblikk i kvardagen til naboar, slekt, venner og folk ellers i  bygda. Kor realistisk dette bildet er, kan diskuterast, men me får i alle fall eit inntrykk me aldri før har hatt moglegheita til å få.
                Det som blir tydelig med facebook og med andre sosiale medier, er at det er viktig å vera spesiell. Å utmerke seg. Å ha den morsommaste statusen, eller den travlaste dagen av alle. Me må skilje oss ut. Borna skal for eksempel utmerka seg på skulen, vera kaptein på fotball-laget og ha hovudrolla i teateret. Å vera normalt flink er ikkje lenger godt nok. Då har ikkje bornet gjort sitt beste, eller læraren har feila. Borna drøymer ikkje om å bli lærar eller barnehagetante, men statsminister, tv-kjendis eller vinnaren av Idol. Me vaksne skal reise til spennande stader og oppleve alt som er mogleg å oppleve. Det normale livet med ein normal jobb frå 9 til 17 er kjedelig og i alle fall ingenting å skrive om på facebook. Ein skal velje seg eit spennande yrke, med utfordringar og spontanitet. Gjerne i utlandet. Profilbiletet på facebook er ikkje det tradisjonelle bryllaupsbildet, men eit bilde frå safarituren i Afrika. Det er spesielt. Det skiljer seg ut.
                Eg er slik som dette. I heile mitt 22 år lange liv, har eg streva etter å bli spesiell. Eg har ynskja å utmerka meg, prøvd å finna vegen der eg skulle bli minst mogleg normal, minst mogleg kjedelig, mest mogleg spesiell. Eg kunne for eksempel ikkje bli på Osterøy, eg kunne ikkje nøye meg med ein vanleg jobb eller ikkje skilje meg ut. Eg måtte søke etter noko større og eg måtte for all del unngå å bli den personen som alltid valte det trygge og tilslutt havna i mi eiga lille boble. Mi eiga normale og kjedelige boble. Eg måtte reise til eit land langt vekke, eg måtte flytte til byn, eg måtte studere noko ingen andre studerte. Og ikkje minst: Eg måtte vera best i alt eg gjorde.
                Konsekvensane av denne strevinga etter å vera spesiell og best i alt, er at ingenting eg så langt har gjort i livet mitt har vore godt nok. Eg har ikkje vore spesiell nok. Nokon er alltid flinkare enn meg i noko, nokon har alltid noko å klage på, nokon er alltid meir spesiell. Uansett kor mykje og kor hardt eg har prøvd, så har eg alltid feila. Eg har aldri klart å nå opp til mine eigne forventningar. Forventningane som seier at eg skal bli noko stort, noko ingen andre er. Eg endar alltid opp med å bli alt for normal. Og normalt er ikkje godt nok.
                Denne tankegangen har gjort meg ulukkeleg. For jo meir eg strevar, jo meir finn eg ut at det alltid er noko eg ikkje klarer. Eg heng meg opp i desse tinga eg ikkje klager. Grubler på dei i vekevis, og ser ikkje lenger tinga eg faktisk er flink til. Etter å ha funne ut at dette faktisk gjer meg ulukkeleg, gjekk det samtidig opp for meg at ikkje alle kan vera spesielle. Tenk deg viss alle skulle hatt hovudrolla i teateret eller dersom alle skulle vore kaptein på fotball-laget. Det hadde det blitt kaos. Alle kan faktisk ikkje vera sjefen. Alle kan ikkje bli statsminister.
                Etter å ha innsett dette, så ser eg moglegheiter overalt. Livet mitt kan faktisk bli akkurat det eg vil det skal bli. Det treng ikkje å vera spesielt, så lenge eg er lukkeleg. Eg kan bli ein potetdyrkar, som sel sjølvmalte maleri utanfor Kiwien i Haus. Eg kan bli ein filosof, som berre tenkjer og tenkjer. Eg kan vera evig singel - reise verda rundt. Utan å skrive om det på facebook. Eg kan bli ei barnehagetante i 50% stilling, som går fjellturar om søndagane. Eg kan bli ein bonde, med to kyr og tre sauar. Eg kan bli rørleggar, med rørleggarsprekk, eller få 7 ungar.

Og veit du kva. Eg kan bli statsminister. Viss eg vil då.

But this time its different



I am a creature of habit
And I move in circles around you
I will admit there's a pattern
One I created myself

None of my lovers dared leave me
I grew impatient and stale
Didn't look back once I'd left them
Cause I always expected to fail

But this time it's different
The rules don't apply
But I need some distance to step out of line

So grant me this wish and meet me back here in a year
If we still exist, I can let go of my fear
Fear of normalcy
Fear of the solid walls of our future and let go of my past

I must be crazy to want this
Cause you are the girl of my dreams
But I'm prone to ruin the good things
Cautious 'round balance it seems

But with you it's different
The rules don't apply
But I need some distance to step out of line

So grant me this wish and meet me back here in a year
If we still exist, I can let go of my fear
Fear of normalcy
Fear of the solid walls of our future and let go of my past

So grant me this wish and meet me back here in a year
If we still exist, I can let go of my fear
Fear of normalcy
Fear of the solid walls of our future and let go of my past

fredag 18. mai 2012

Kjensla

Har du hatt den kjensla
Den kjensla av lykke

Den kjensla av å leve
her og no
Akkurat no
Saman
med nokon

Har du hatt den kjensla
av å aldri ville gå heim
Av å ville snakke resten av
kvelden
natta
dagen
evigheita

Slik kjenner eg det no

Har du hatt den kjensla
Den kjensla som seier deg:
Bli - lev - gløym alt det andre

Har du hatt den kjensla
Den forferdelige kjensla
Som seier

At dette aldri ikkje vil skje


C - Tone Mjelde

lørdag 5. mai 2012

Sparvöga



Du lilla sparvöga flyg över ängarna
Dröm dina drömmar så länge du känner liv
Du lilla sparvöga flyg över ängarna
Dröm dina drömmar så länge du känner liv, känner liv
Vår tid är nu en svartvit film
Som blir till färg om du vill
Så många val så svårt att se
När dina bruna ögon vill se mer
Du lilla sparvöga flyg över ängarna
Dröm dina drömmar så länge du känner liv
Du lilla sparvöga flyg över ängarna
Dröm dina drömmar så länge du känner liv, känner liv
Tiden den går livet är så kort
Alltför kort för att gömmas bort
Så gör det du vill och blomma ut
Njut av din spegelbild vår tid är nu
Du lilla sparvöga flyg över ängarna
Dröm dina drömmar så länge du känner liv
Du lilla sparvöga flyg över ängarna
Dröm dina drömmar så länge du känner
Du lilla sparvöga flyg över ängarna
Dröm dina drömmar så länge du känner liv...