fredag 4. januar 2013

Påan igjen


Jula er over, saman med året 2012. Eit nytt år står framfor oss, fullt av håp og forventningar. Eg er nok ikkje den einaste som tenker: I år skal det skje, i  år skal eg klare det, i år skal alt bli bra.

Eg har hatt mange nyttårsforsett. Eg har hatt planar om å bli tynn. Bli høg. Bli sunn. Få meg ein mann. Kvart år har dette feila. Kvart år har eg halde på med det ekstremt ambisiøse prosjektet i omtrent ein månad, men så går alt skeis og eg endar opp med eit endå verre sjølvbilete enn nokon gong. For i tillegg til å framleis vera rund, lav, usunn og mannlaus, så e eg mislykka.
Det er ikkje berre meg. Treningssentera fylles opp i januar og butikken går tom for knekkebrød, samtidig som me ser fleire og fleire desperate på jakt etter nokon å gifte seg med eller i alle fall dele seng med. Me nøyer oss ikkje med eit labert nyttårsforsett, men slår på stortromma og skal trena kvar dag i veka, aldri ete sjokolade og bli kjempe sosial sånn at drømmepartnaren dukkar opp. Og når målet er nådd, skal me endelig bli nøgd og då skal me byrje å leve. I staden for å tenke realistisk, ser ein rundt seg og tenker :"Dei klarer det, så då bør eg klare det òg". Etter nokre månadar så viser det seg at prosjektet har vore for stort og for vanskeleg. Treningssentra tømmast, knekkebrøda blir kasta i bosset og håpet om bryllaup går i dass.

Sjølv om eg ikkje har god erfaring med nyttårsforsetta mine har eg bestemt meg for å ha eit i år òg, men denne gongen eit litt annleis eit. I motsetning til tidligare, skal eg i 2013 ikkje streva mot urealistiske mål , for å bli noko eg eigentlig ikkje er og noko eg ikkje veit om eg eigentleg vil vera. Eg skal gjere det motsette av det eg har gjort i alle år: Eg skal vera den eg er og framleis vera nøgd. Eg skal akseptera meg sjølv og eg skal prøve å føle meg god nok. Eg skal leva i augeblinken, utan å bekymra meg over framtid og fortid, og eg skal leve fullt ut sjølv om eg skulle ønske eg var 10 kilo tynnare og 10 cm høgare (eigentleg 20).
               
Eg trur nemlig grunnen til at mange nyttårsforsett går i vasken rett og slett er fordi me enten eigentlig ikkje vil det sjølv eller fordi me fokuserar på feil ting. Me ser på Tone Damli Aaberge og ynskjer å vera slik som ho. Dronninga, som alle menn vil ha. Me gløymer at for dei fleste av oss er dette fysisk umogleg og me gløymer at alle menn eigentlig ikkje vil ha Tone Damli Aaberge. I alle fall ikkje lenger enn ei natt, eller to. Me gløymer også at til og med Tone Damli Aaberge har vanskelige dagar og mest sannsynlig noko ho vil endre med seg sjølv. Me kjenner ikkje etter på dei verkelege problema inni oss og trur alt ordnar seg berre me blir lik dei ideala me ser opp til. Som samfunnet ser opp til. Me samanliknar oss konstant med desse og tapar samanlikninga om og om igjen. Den harde verkelegheita er at uansett om du hadde blitt som Tone Damli Aaberge eller ein eller annan kjendis med lange bein og nydelige kinnbein, så hadde du ikkje vore lukkeleg eller heilt nøgd med deg sjølv likevel. Det er noko anna som gjer deg misfornøgd og den kjensla har både tynne, tjukke, høge, lave, kjendisar og ikkje-kjendisar. Tru det eller ei.

Eg meiner sjølvsagt ikkje at me aldri skal tenkje på helsa vår og leve usunt resten av livet. Men eg trur at dersom ein skal få til ei endring eller forbetring av livet sitt, så må ein vera bestemt og vete kva ein vil, men samtidig òg akseptere seg sjølv for den ein er på botn av alt. På denne måten tar ein ikkje vatn langt over hovudet og ein har mykje betre sannsynlighet for å lukkast. Og dersom ein mislykkast, så er ikkje dette eit bevis på at ein er ubrukeleg til alt eller ikkje god nok til noko.
               
Eg trur me alle treng å bli mindre strenge med oss sjølv og på den måten kunne sei høgt ut: "Eg er god nok". Å bli nøgd med seg sjølv blir ikkje gjort over natta. Ein må jobbe med seg sjølv og sine eigne tankar heile tida. Akseptere at dei negative tankane er der, men ikkje tru på dei. For det som skjer i hovudet ditt og det du tenker treng ikkje vera sant.  I 2013 vil eg sei dette til meg sjølv om og om igjen, til eg tilslutt trur på det eg seier. Det skjer kanskje ikkje i 2013, men det er verd eit forsøk. Eg oppfordre deg til å gjera det same. Prøv å godta deg sjølv, med eller utan ein valk på magen. Uansett yrkestittelen din eller lønninga på konto. Uansett om du er singel eller gift. Sjølv om du ikkje liknar på Tone Damli Aaberge.Du er god nok likevel.

Du veit det berre ikkje sjølv. 

torsdag 3. januar 2013

Syngja

Eg elske Lars Amund Vaage. I alle fall orda hans. Dei kan smakast på om og om igjen. I boka si "Syngja" skriv han om sitt eige liv. Korleis han møtte mora til sitt autistiske born og korleis livet deira har vore sidan. Det er så ufattelig fint og så ufatteleg brutalt og ærleg. 


Eg ville ikkje at ho skulle sjå meg. Ho måtte ikkje vakna og få auge på meg, ståande framfor senga, halvt påkledd, på veg bort. Eg ville spara henne for det. Det ville vera eit stygt syn. Det ville ikkje vera eit syn som ho kunne ha glede av. Eg var ferdig med henne. Det ville ho kunna sjå på meg, tenkte eg. Ho var vakker og god, men eg var sjuk og galen. Ho skulle sparast for å sjå meg endra. Ho skulle ikkje møta ein framand i sitt eige rom. Ho måtte få sleppa å sjå den ho hadde gitt seg til, i dagslys, eit tomt skal, eit kaldt vesen. Eg hadde gitt henne det eg hadde av varme, og hadde ikkje meir igjen. Eg hadde berre ei tynn stripe lys i meg. Eg var nesten heilt død. Hjarta mitt slo ikkje jamt. Hjarta hiksta og gjekk, og ingen måtte få sjå det. Hjarta mumla og kviskra og visste ikkje korleis det skulle tena meg.

Lars Amund Vaage, "Syngja"

onsdag 19. desember 2012

Fra en annen virkelighet

Har lest nokre dikt av Gunvor Hofmo i det siste, som beskriv depresjon og einsamheit på ein utrulig sterk måte. Det er sånn det føles. Det er sånn det er.

Fra en annen virkelighet

Syk blir en av ropet om virkelighet.
Altfor nær var jeg tingene,
slik at jeg brant meg igjennom
og står på den andre siden av dem,
der lyset ikke er skilt fra mørket,
der ingen grenser er satt,
bare en stillhet som kaster meg ut i universet av ensomhet,
og av uhelbredelig ensomhet.
Se, jeg svaler min hånd i kjølig gress:
Det er vel virkelighet,
det er vel virkelighet nok for dine øyne,
men jeg er på den andre siden
hvor gresstrå er kimende klokker av sorg og bitter forventning.
Jeg holder et menneskes hånd,
ser inn i et menneskes øyne,
men jeg er på den andre siden
der mennesket er en tåke av ensomhet og angst.

Å, om jeg var en sten
som kunne rumme denne tomhetens tyngde,
om jeg var en stjerne
som kunne drikke denne tomhetens smerte,
men jeg er et menneske kastet ut i grenselandet,
og stillheten hører jeg bruse,
stillheten hører jeg rope
fra dypere verdner enn denne.

FRA EN ANNEN VIRKELIGHET (1948)
GUNVOR HOFMO

søndag 16. desember 2012

Meg og bøker. Meg og livet.

Eg har mange gode bøker eg har byrja på, men aldri klart å lest ferdig. Når dei siste sidene er igjen, så stoppar eg. Mistar interessa kanskje. Eg orkar iallefall ikkje lese resten. Orkar ikkje at det skal ta slutt.

Eg hatar når noko flott sluttar, når ei hending endar og eg må vende tilbake til mitt nitriste liv. Når eit tv-program sluttar. Eit godt måltid er havna i magen og du er stappmett og ekkel. Når du veit du må heim, men skulle ønske du kunne vore med han resten av kvelden. Natta. Livet.

Eg hatar når noko tar slutt og eg blir åleine med meg sjølv igjen. Utan boka. Utan maten. Utan han.

Åleine. Med meg sjølv.

lørdag 8. desember 2012

Når eg klør

Eg har eit jævla utslett på henda. Eller eksem er det vel. Eg har hatt det i eit år og det går faen ikkje vekk. Det klør heile tida og blir tørt og ekkelt. Så ekkelt at eg ikkje vil halde deg i handa eingong.
Det jævla utslettet blir berre værre, uansett kva salvar og råd eg får av legane. Uansett om han stilige legen seier: "Bruk den og så den og så den, og sååå er du kvitt det"

Eg blir ikkje kvitt det. Det klør. Heile tida.

Eksemen minner meg om uroligheita inni meg. Det klør og klør, og forsvinn liksom aldri. Det er faktisk jævla irriterandes å klø, heile tida. Til du blir sår. Til du byrjar å blø. Til kvar einaste bevegelse gjer ilt.

Det er som om eksemen min er angsten min. Stresset mitt. Depresjonen min. Det er som om kroppen, som ellers alltid smilar, prøver å vise meg noko. Prøver å vise andre noko.

For sjølv om kroppen er roleg utvendig, så klør den innvendig. Det er berre at den ikkje visar det.

Utenom når eg klør på henda.

Du kan sjå alt då. Når eg klør.

onsdag 5. desember 2012

Einsemda

Det er denne einsemda, som aldri gjev ho fred. Den er som eit ope sår, som aldri gror. Som ei smerte ho ikkje klarer å skjønne kvifor ho har eller kvar den kjem ifrå. For eigentleg er ho ikkje einsam. Det er mange rundt ho. Sånn sett er ho ikkje så ofte åleine heller. Men einsemda og smerta er der likevel. Inni ho ein stad.

Det er desse kveldane og nettene med denne indre smerta som gjer ho gal. Som gjer at ho får lyst til å kjøre i fjellveggen eller hoppe frå brua. Sjølv om ho veit at morgondagen heilt sikkert blir betre, berre ho går ut, møter folk og delar. Delar tankane sine. Og slapper av. Og berre lever.

Det er berre desse kveldane og dei stundane når smerta blir så sterk at den verkar uoverkommelig og dreg frå ho all motivasjon og glede. Ho må berre komme seg gjennom dei. Så går det nok bra. Så ordnar det seg nok. Ein dag.

Vår sista dans


Jag vet vad som måste göras
Ändå sitter jag kvar här
Och det skrämmer mig att jag kan nå dig var du än är

Och om jag behöver förklara
Den skugga som vilar i tiden
Förstör inga minnen, du vill inte se mig såhär

Men jag vet att jag döljer en sanning
Att väntan inte leder någonstans
Jag vet att jag måste ta steget ur vår sista dans

Jag vet vad som måste göras
Ända sitter jag kvar här
I ett sista kapitel som jag har förälskat mig i

Jag försöker att strida mot känslan
Men den är rädd och den spelar ett spel nu
Jag får för mig att jag kan va kvar men vet inte hur

Men jag vet att jag döljer en sanning
Att väntan inte leder nånstans
Jag vet att måste ta steget ur vår sista dans

Jag vet vad som måste göras
Ändå ligger du kvar här
Och jag hoppas du sover, jag smeker dig lätt om din hals

Jag vill inte spara min längtan
Jag har tänkt men aldrig fått tala
Så feg att jag viskar du hör säkert ingenting alls

Men jag vet att jag döljer en sanning
Att väntan inte leder nånstans
Jag vet att jag måste ta steget ur vår sista dans

Ja, jag vet att jag döljer en sanning
Att väntan inte leder nånstans
Jag vet att jag måste ta steget ur vår sista dans

Älskling hör på, jag tar steget ur vår sista dans