tirsdag 26. august 2014

Kjærleik i solnedgang

Det sterkaste minne eg har frå sumarens tur til Palestina er frå ein beduinleir i ørkenen utanfor Betlehem då eg satt og såg på ei jente og far hennar. Dei hadde skimta kamelane sine kome traskande i det fjerne og far og dotter var på veg for å klargjere vasstankane. Midt i den fantastiske solnedgangen i ørkenen gjekk dei saman, hand i hand. Det er sjeldan eg har sett ein så sterk kjærleik, ikkje berre for kvarandre, men for jorda si.

Eg møtte mange menneske på Vestbreidda og vart nok ein gong minna på kva Israel sin okkupasjon gjer med palestinarane. Kor mykje den hindre dei i å leve liva sine, kor den audmjuke og diskriminere dei og kor den sakte men sikkert gjer ein Palestinsk stat umogleg. Rett etter eg kom heim frå Vestbreidda braut helvete laus i Gaza, noko som har resultert i 2034 drepne palestinarar, 1607 av desse sivile, 473 av desse born. På israelsk side har 67 personar blitt drepne, tre av desse sivile.

Etter eg kom heim har eg delt hundrevis av artiklar, jævlige bilete og intervju på facebook. Eg har diskutert med menneske og har prøvd å formulere meg utan å verka som ein palestina-aktivist som ikkje klarar å sjå den andre sida. Det er vanskeleg og eg har ofte heller vald å berre late som eg ikkje har ei meining. Eg har kjent meg hjelpelaus, trist, tom og åleine, fordi eg føler at det ikkje er vits. Mine ord forandrar ingenting. Og eg har vore sint, uendelig sint, på den handlingslamma verda og på meg sjølv.

Det er ikkje meg det er synd i. Det er ikkje eg som må oppleve dette kvar dag. Eg kan reise heim igjen, bestemme over mitt eige liv og ikkje vise ID kortet mitt fleire gongar for dagen fordi eg ser mistenkeleg ut. Eg treng ikkje stå i timeslange køar, fordi ein mur har blitt satt opp mellom arbeidsplassen og heimen min. Ikkje sjå barnet mitt bli reven i fillebitar av israelske bomber eller konstant frykte for livet mitt, innestengt av mur på alle kantar. Eg kan reise, elske og flytte kvar eg vil. Når eg, som har det så bra og som berre har vore i Palestina to gongar kan bli så sint, kor sint er palestinarane då? Når eg kjenner meg så håplaus, at ingenting hjelper, er det rart palestinarane kjenner seg enormt hjelpelause og blir desperate?  

Dei fleste gongane eg har lagt ting ut på Facebook har eg fått ingen eller liten respons. Det verkar som me (ikkje berre dei som lede landet vårt, men meg og deg) er uendelig redde for å ta eit standpunkt, vera engasjerte. Vera ho der som skrik på Facebook kvar einaste kveld. Det er meir akseptert å vera den som ikkje har peiling, som kjøper vesker til 3000 kroner og kunn hever stemma når ein katt blir dumpa i sjøen. Eg får hundre likes på eit bilete der eg nyter livet på Mallorca med ein drink i handa, men null på ein status der eg meiner bombinga av uskuldige born i Gaza må ta slutt. Det får meg til å tenke, får meg til å undre på kva samfunn me lever i.

Når eg spør palestinarane kva me i Noreg kan gjere svarar dei alltid at me kan bry oss og at me kan støtte. Ikkje vald, ikkje ekstremisme, men dei vanlege menneska som det finst flest av i Palestina. Palestinarane har sett landet sitt blitt tatt frå seg og dei kjemper med nebb og klør for det dei har igjen, som kvart einaste folk ville gjort. Som Noreg sine motstandsmenn gjorde under andre verdskrig, ein innsats og eit heltemot me i dag hyllar. Mange eg snakkar med meinar at "det kjem aldri til å bli fred der nede". Denne mentaliteten frigjer oss frå å bry oss. Jo! Det kan bli fred dersom me engasjerer oss og tek tak i uretta som skjer. Dersom partane blir tvungen til å behandle kvarandre som menneske og dersom me sluttar å tenke på eigne interesser og kva stat me tener mest på å vera "venn med". Dersom me byrjar å lese og setje oss inn i saker, ikkje berre Palestina/Israel-saka, men i alle fall noko viktigare enn at Linni eit eller anna har fått nye puppar. Dersom me bryr oss.

Etter dette innlegget har eg kanskje blitt stempla som verdas mest bitre 24 åring. Alt eg eigentleg ville sei er at verda treng stemma di, hjarta ditt og engasjementet ditt. For veit du kva? Me kan redde verda saman, hand i hand. 

* Denne kronikken vart publisert i Bygdanytt fredag 22.08.14
* Tala på drepne er no 2122 palestinarar, over 500 av desse born