mandag 5. mars 2012

Eg veit eg ikkje burde klage, men...

Uansett kva me seier og uansett kva som kunne vore betre, så er det bevist og blir bevist kvart einaste år: Me bur i verdas beste land. Det er likevel ikkje alle som har det så bra som oss i Noreg. Framfor vårt nye fjernsyn på minst 42 tommar, i skinnsofaen i vårt isolerte hus med popkornet på fanget, ser me daglig elendigheita som utspel seg elles i verda. Det er ikkje i form av trøyte artiklar eller i tørre aviser, men i form av levande bilete og videoar frå heile verda. Me ser  blant anna guten med den oppsvulma magen, som representerer fattigdommen i Afrika. Me ser ein far, som desperat beskyttar bornet sitt frå kulene og krigane i Midtausten. Me ser hjernevaska menneske, som lever i full undertrykking i Nord Korea. Og me ser naturkatastrofane, som skyller vekk heimar, avlingar, levebrød og familiar. Elendigheita er der heile tida, som ein evig påminnar om kor forferdelig andre har det, og ikkje minst, kor ufattelig godt me har det her i vesle, men store, Noreg.

Sjølv om eg får desse bileta innprenta, som visar elendigheita og dei verkelege store problema i verda, består livet mitt av klaging. Det er snakk om veldig små problem, som på ein eller annan måte blir gjort om til store verdsproblem for meg sjølv. Mine største problem dei siste vekene har vore at eg ikkje vann 200 millionar i Viking Lotto, at nokre bussar frå Arna til Haus går heile den lange vegen om Garnes og at Kiwi har vald å slutte å selje Eldorado Tzatziki-dipp(som verkeleg, verkeleg, verkeleg var min favoritt). Eg kan ta meg sjølv i å velje bort nyheitsendinga, fordi det rett og slett blir for mange problem i tillegg til mine eigne enorme og uløyselige dilemma. Eg veit så godt at eg ikkje burde klage, men... eg gjer det likevel. Eg trur ikkje eg er den einaste som har slike store, men små problem.

Misforstå meg ikkje. For at noko skal bli betre og for at verda skal gå framover så må ein klage. Det er viktig å klage og verda hadde stått stille viss ikkje. Det eg reagerer på er vår avhengigheit av å alltid klage for oss sjølv og om våre eigne problem. Samtalen rundt middagsbordet vårt handlar om dagens forferdelige mattetime, om feil val av middagsrett eller om butikken som var utsolgt for favorittsjokoladen. Den handlar sjeldan eller aldri om den hjelpetrengande verda der ute som sårt treng ei røyst og ein klage. For kven klagar for borna som blir skutt på veg til mattetimen eller for dei som ikkje har skule i det heile tatt og dermed inga framtid? Kven klagar for for dei som alltid er svoltne og tilslutt dør av svolt? Alle av oss klagar, men kven av oss klagar for dei som verkeleg  treng det?

Ein ting er sikkert og visst: Me kjem aldri til å slutte å klage. Det vil alltid vera noko å klage over og alltid noko som kan bli betre. Også i vårt eige land. Eg meiner ikkje at me burde slutte å klage, snarare tvert imot. Det eg vil fram til er at me, ein sjeldan gong ,kunne ha klaga for andre enn oss sjølve.  Me kunne ha styrka den svake røysta, som kjem frå dei som verkeleg treng det. Gått ut ifrå vår eiga litle boble og sett oss rundt. På den måten kunne me gjort resten av verda til ein betre stad å leve.