fredag 4. januar 2013

Påan igjen


Jula er over, saman med året 2012. Eit nytt år står framfor oss, fullt av håp og forventningar. Eg er nok ikkje den einaste som tenker: I år skal det skje, i  år skal eg klare det, i år skal alt bli bra.

Eg har hatt mange nyttårsforsett. Eg har hatt planar om å bli tynn. Bli høg. Bli sunn. Få meg ein mann. Kvart år har dette feila. Kvart år har eg halde på med det ekstremt ambisiøse prosjektet i omtrent ein månad, men så går alt skeis og eg endar opp med eit endå verre sjølvbilete enn nokon gong. For i tillegg til å framleis vera rund, lav, usunn og mannlaus, så e eg mislykka.
Det er ikkje berre meg. Treningssentera fylles opp i januar og butikken går tom for knekkebrød, samtidig som me ser fleire og fleire desperate på jakt etter nokon å gifte seg med eller i alle fall dele seng med. Me nøyer oss ikkje med eit labert nyttårsforsett, men slår på stortromma og skal trena kvar dag i veka, aldri ete sjokolade og bli kjempe sosial sånn at drømmepartnaren dukkar opp. Og når målet er nådd, skal me endelig bli nøgd og då skal me byrje å leve. I staden for å tenke realistisk, ser ein rundt seg og tenker :"Dei klarer det, så då bør eg klare det òg". Etter nokre månadar så viser det seg at prosjektet har vore for stort og for vanskeleg. Treningssentra tømmast, knekkebrøda blir kasta i bosset og håpet om bryllaup går i dass.

Sjølv om eg ikkje har god erfaring med nyttårsforsetta mine har eg bestemt meg for å ha eit i år òg, men denne gongen eit litt annleis eit. I motsetning til tidligare, skal eg i 2013 ikkje streva mot urealistiske mål , for å bli noko eg eigentlig ikkje er og noko eg ikkje veit om eg eigentleg vil vera. Eg skal gjere det motsette av det eg har gjort i alle år: Eg skal vera den eg er og framleis vera nøgd. Eg skal akseptera meg sjølv og eg skal prøve å føle meg god nok. Eg skal leva i augeblinken, utan å bekymra meg over framtid og fortid, og eg skal leve fullt ut sjølv om eg skulle ønske eg var 10 kilo tynnare og 10 cm høgare (eigentleg 20).
               
Eg trur nemlig grunnen til at mange nyttårsforsett går i vasken rett og slett er fordi me enten eigentlig ikkje vil det sjølv eller fordi me fokuserar på feil ting. Me ser på Tone Damli Aaberge og ynskjer å vera slik som ho. Dronninga, som alle menn vil ha. Me gløymer at for dei fleste av oss er dette fysisk umogleg og me gløymer at alle menn eigentlig ikkje vil ha Tone Damli Aaberge. I alle fall ikkje lenger enn ei natt, eller to. Me gløymer også at til og med Tone Damli Aaberge har vanskelige dagar og mest sannsynlig noko ho vil endre med seg sjølv. Me kjenner ikkje etter på dei verkelege problema inni oss og trur alt ordnar seg berre me blir lik dei ideala me ser opp til. Som samfunnet ser opp til. Me samanliknar oss konstant med desse og tapar samanlikninga om og om igjen. Den harde verkelegheita er at uansett om du hadde blitt som Tone Damli Aaberge eller ein eller annan kjendis med lange bein og nydelige kinnbein, så hadde du ikkje vore lukkeleg eller heilt nøgd med deg sjølv likevel. Det er noko anna som gjer deg misfornøgd og den kjensla har både tynne, tjukke, høge, lave, kjendisar og ikkje-kjendisar. Tru det eller ei.

Eg meiner sjølvsagt ikkje at me aldri skal tenkje på helsa vår og leve usunt resten av livet. Men eg trur at dersom ein skal få til ei endring eller forbetring av livet sitt, så må ein vera bestemt og vete kva ein vil, men samtidig òg akseptere seg sjølv for den ein er på botn av alt. På denne måten tar ein ikkje vatn langt over hovudet og ein har mykje betre sannsynlighet for å lukkast. Og dersom ein mislykkast, så er ikkje dette eit bevis på at ein er ubrukeleg til alt eller ikkje god nok til noko.
               
Eg trur me alle treng å bli mindre strenge med oss sjølv og på den måten kunne sei høgt ut: "Eg er god nok". Å bli nøgd med seg sjølv blir ikkje gjort over natta. Ein må jobbe med seg sjølv og sine eigne tankar heile tida. Akseptere at dei negative tankane er der, men ikkje tru på dei. For det som skjer i hovudet ditt og det du tenker treng ikkje vera sant.  I 2013 vil eg sei dette til meg sjølv om og om igjen, til eg tilslutt trur på det eg seier. Det skjer kanskje ikkje i 2013, men det er verd eit forsøk. Eg oppfordre deg til å gjera det same. Prøv å godta deg sjølv, med eller utan ein valk på magen. Uansett yrkestittelen din eller lønninga på konto. Uansett om du er singel eller gift. Sjølv om du ikkje liknar på Tone Damli Aaberge.Du er god nok likevel.

Du veit det berre ikkje sjølv. 

2 kommentarer: