tirsdag 28. desember 2010

Det er jo jul, for faen!

Då var det gått to veker av slankekrigen mellom meg og Carina. Desse to vekene har, for min del, vore jævlige. Eg har jobba på kiwien der chips og snop er nokre cm unna og ikkje minst all anna usunn mat. Til lunsj pleier eg å rulle i pasta, pizzabolle eller gode rundtstykker. Og no... For fyrste gong i mitt liv har det ikkje frista å gå til lunsj, når eg veit at dette ventar meg:

Uansett. Me veigde oss i går, og for min del (som har klaga og sytt meg og faktisk vore ganske så flink) var det ikkje mykje å jubla for. Carina derimot, som ikkje har klaga eller sytt eller noko (men tydeligvis vore superflink), kunne jubla. Carina har gått ned 1,3 kg. Og eg... Nesten det samme, berre eit kilo mindre, altså: -0,3 kg. Ka faen liksom? Knekkebrød nærmast kvar dag og dette er det eg får? Greitt, så hadde eg ein dårlig start med burn drikking i 3 dagar i strekk grunna desperat eksamensoppgåve skriving, men eg har jo vore sabla flink ellers (viss ein ser vekk frå 2 kveldar med høgt alkoholforbruk). Men da e jo jul for faen!

Dersom ein ser det frå den positive sida, så er det ganske bra å gå ned 0,3 kg,og ikkje minst 1,3 kg, av å berre ete annleis og ikkje trene i det heile tatt. For me har faktisk ikkje trent ein einaste dag (viss me ikkje tar med dansinga på dei alkoholfulle kveldane). Eg har berre gått rundt og vore konstant sulten liksom, i jula!

Jaja. Sånn går no dagan. Julafta vart liksom ikkje det same heller. Satt i stolen med dårleg samvit og fann ut at da e nåkke hakkande gale med meg. Det er jo jul for faen!

torsdag 16. desember 2010

Skippertak!

Skippertak (def.: kort og intensiv anstrengelse) er ordet som kan beskrive min situasjon denne veka. Er det mulig å utsette mest mogleg for å så sitte to dagar før innlevering av to eksamensoppgåve og ha skrevet 10% av oppgåvene? Ja. Det er fullt mogleg. Eg hadde faktisk gløymt kor utrulig skippertak-menneske eg er når det er noko som er fullstendig uinteressant (som exphil og exfac) må bli gjort.Det er rart kor spennande alt anna blir når ein burde gjera noko kjedelig. I går "vakna eg plutselig opp" mens eg støvsugde leiligheita og tenkte: Ka faen? Eg støvsugde mandag, kvifor gjer eg dette igjen? I dag bar eg ut bosset og vaska badet... Alt for å ikkje gjere det som verkeleg er naudsynt: nemleg eksamensoppgåvene.

Eg byrja å ta bilete av meg sjølv: (altså eg tar kanskje eit i ny og ne, men no tok eg ein heil serie med bileter, noko som minna meg om fjortisperioden min som varte til vidaregåande ... Ja, eg va litt sein i utviklinga)


Ein kan tydelig sjå sinnstemninga endre seg til neste dag...


Eg ringte til og med mamma i ein halvtime og maste non stop!

Plutselig låg eg merke te skoa mine og måtte konstantere at desse skoa må i søppelet og eg må (... nok ein gong...) ta turen til skobutikken! HERREGUD! Dei e berre... 2-3 år! KORFOR kan ikkje sko vara evig?

Nei... Dei hadde ikkje kvitt mønster (salt) på seg når eg kjøpte dei!

Så. Her sitt eg. Fullt klar øve at eksamensoppgåvene vart crappy, men med et smil om munn...
Kvifor? Jo :) Fordi eg glede meg te å koma heim :) til...

Stress, krangling, kjæfting, mas og kaos

Altså: Det er juleferie!

fredag 10. desember 2010

Rødt lys betyr STOPP!

Eg begynner nesten å lure på folk for tida. Kor vanskelig kan det vera å stoppe på eit raudt lys? Ja, eg snakker om den berømte Bybana i Bergen (som eg forresten synest er ein fantastisk oppfinnelse, utenom når gamle ekle menn prøver å føre ein samtale om kor vakre dagens ungdom er... Men sånn er det vell på all kollektiv transport). Bybana krasjer jo i hytten og pytten for tida og det verker som om folk tenker at dette er bybana sin feil. Men det er ikkje bybana som kresjer, men forvirra bilister som tydeligvis ikkje skjønner kva eit RØDT LYS betyr!


Greit. Danmarksplasskrysset kan vera forvirrande (iallefall når eg lærekjørte) med alle sine lys og forskjellige kjørebaner. Det er nok ein av grunnane til at det er der det skjer flest bybaneulykker. Men likevel! Det er faktisk ganske vanskelig å krasje med bybana, sjølv om det ikkje verker sånn. Du må faktisk kjøre på RØDT lys for at noko hakkande gale skal skje og alle klarer vell å stoppe på eit raudt lys (utenom fyllekjørere og sånn, men dei har ein god unskyldning iallefall). I tillegg så tar det ganske lang tid før bybana kjem etter lyset har blitt raudt, så dei fleste skal klare å kome seg over på "den andre sida" sjølv om dei kjører på lyserødt lys.

På bt.no står det oftes at bilistene er i "sjokk" etter ulykka... Ja, det er jo verkeleg eit sjokk å bli påkjørt når ein kjører på raudt lys. Kva skjer med verda?

Når alle desse ulykkene skjer fordi bilistene ikkje klarer å stoppe på rødt lys, så begynner eg å lure på om det alltid har vore sånn. Dette kan jo ikkje vera eit nytt fenomen...? Det hadde iallefall vore veldig tragisk.
"Hey. Nå har vi fått bybane i Bergen. Da kan vi begynne å kjøre på rødt lys. Kjeeempe gøy dere!"

Nei. Dette må ha foregått ei stund og no får desse "eg veit ikkje kva eit raudt lys er" svi som berre pokker. Det kjem sikkert til å bli halvering av folk som består oppgjøring i Bergen, fordi halvparten som skal kjøre opp, kjører på rødt lys og blir truffet av bybana. Kanskje til og med trafikkskulane må innføre ein ny obligatorisk "dag" for å kunne kjøre opp: "Rødt lys = stopp bilen" dag.

Gjer som eg: ta beina fatt (eller ta bybana). Bil er oppskrytt!


mandag 6. desember 2010

Kvifor kjøpte eg desse skona?

Så var det på tide igjen: Skohandling.
Imotsetning til alle andre jenter på jordkloden, HATER eg å kjøpe sko. Det finns mange grunnar, blandt anna at eg har størrelse 35/36 og ofte må snu nesa mot barneavdelingen, eller at eg har merkelige og skreive bein, som passar dårleg i normale og "billige" sko. Den tredje gode grunnen er at eg har forfeeerdelig tjukke legger (eller som pappen min sei da: Sterke fotballegger. Jaddaaa). Men ikkje minst så hater eg skohandling, fordi eg ALLTID (utanom ved eit par anledninger) ender opp med å hate skoa eg kjøpte. Og sidan eg er så dum som eg er, så ender eg også opp med å gå med desse skoa, sjølv om dei ikkje passar, ser jævlig ut eller er tunge som faen.

Og jammen skjedde det igjen! Snøen kom og eg måtte tilslutt innsjå at dei tynne sommarskoa ville drepe meg av kulde dersom eg ikkje trossa frykta mi og tok meg ein skohandlings tur. I skobutikken røska eg med meg nokre vintersko i str.37 (sjølv om eg veit at eg har str 35/36. "Godt med litt plass til tjukkelester. Ja du, som om eg bruker tjukkalester...) prøvde eine skoen, såg på beina i speilet og vinka med tærne: Perfekt, tenkte eg! Eg var blid og fornøgd og skraut til alle eg møtte om mine nye og varme vintersko.

Etter fyrste tur frå Danmarksplass til Høyden, måtte eg konstantere at eg var full i gnagesår, blodet hadde stoppa i leggen, at skoa føltes som 10 kg på kvar fot, og at eg brukte str. 35 og ikkje str.37. Ei veke seinare såg eg fleire ungar med same sko og eg kunne rett og slett konstantere at eg hadde klart det igjen: Nok eit forbanna dårleg skovalg.

Og kva gjer eg?
Eg fortsetter å bruke dei og har herved hatt dei i ein månads tid. Ja, for dei er jo tross alt heilt forbanna fantastiske.

lørdag 4. desember 2010

Livet med døden

Døden overvelder meg
Den drar meg ned og tærer meg opp
Kviskrer i øyret mitt:
"Alle rundt deg forsvinner,
du er snart alene".
Den skremmer meg
Med sitt mørke og sin uendelige kulde
Får meg til å skrike av redsel,
Gir meg ingen grunn til å ville leve

Døden lurer meg
Selv om det er eg som vil lure døden
Den gir meg ikke tid
lar meg ikkje sei ord som kan hjelpe
Den sier: "Nå tar eg deg,
Ingen andre blir med deg"
Den kommer bakfra
Raskt og uventet
Gir meg ingen sjangs
til å forlate dere i fred

Døden styrker meg
Den får meg til å se alt eg har
og ka eg kan miste
Den gir meg livsglede og en mening med livet
Den synger:
"Lev livet, mens du kan det,
Du er ikke alene"
Den viser meg alt
Som eg kommer til å savne
Gir meg en grunn til å ville leve lengre
Døden gir meg livet

© Tone Mjelde

mandag 8. november 2010

Hemmelig blogging?

Eg ser ikkje på meg sjølv som ein person som absolutt må utrykka meiningane sine heila tie, men her på bloggen så kan det verke som om eg er ein slik person, og ikkje minst at eg er veldig negativ om alt. Vel, eg veit ikkje kvifor, men når eg ikkje har det så bra, er trist eller når eg er irritert eller sur over noko, så skriv eg... Kanskje for å roe meg ned, eller for å blir høyrt på ein eller annan merkelig måte. Eg veit ikkje. Eg skriv iallefall.

I det siste har eg fått nokre munnlege kommentarar på blogginga mi, og eg har funne ut at denne blogginga mi egentlig er litt flaut. Når nokon ute i det verkelege liv nemnar blogginga mi, så blir eg litt sånn: "eg meiner ikkje det som står der altså", sjølv når eg veit at eg meiner det.
Kvifor er det slik at eg ikkje tørr å sei meiningane mine ute i det verkelege liv og når eg er her i "eg kan sei ka eg vil-bloggverda", så er eg super sjølvsikker? For eksempel: For nokre veker sidan møtte eg ei dame, som var sendt frå Jahovas vitne og ville stoppa meg og fortelje om skapelsen og livet. Og kvifor står eg der i nermare 10 minutt, jattar med og latar som om eg er enig i det ho seier? Kvifor seier eg ikkje det som det er: At eg rett og slett ikkje er interessert... ?

Er eg ei pingla eller er eg redd for å såra andre? Jadda jadda jadda. Klaging, klaging, klaging... Kanskje ein blanding.

Er det fleire der ute som slit med ærlegheita si i det verkelege liv?

torsdag 4. november 2010

Money, money, money. Must be funny...

Studentlivet er pengelaust og eg må innrømma at eg slit med å ikkje kjøpa alt som kjem øve meg. (Viss det er nokre som les dette som klarar å gå inn i ein butikk å berre sjå og ikkje kjøpe, vennligs kom ut av skapet og gje meg nokre tips!!!!) Studentlånet/stipendet er rundt 6600 kroner i månaden eller noko. Ca 45% eller noko av dette blir stipend dersom eg består faga mine (herreguuuuuuud, eg kan ikkje stryka). Resten er lån, som eg eingong må betala tilbake. Den tid den sorg liksom. I tillegg jobbar eg. Planlagt skulle eg jobbe annan kvar helg. Men sidan dette berre vart rundt 3000 kr på konto, så har eg plana om å prøva å jobba litt meir. 4500 kroner går i ei herskens husleige, så då er allereie mykje fare.

Eg har alltid vore vand med å ha penga. Dette høyres bortskjemt ut, og det er det forsåvidt også, men ikkje heilt. Greitt nok. Mamma og dei har alltid kunne hjelpt meg dersom det er noko, men samtidig har eg "jobba" sidan eg var 13-14 år, då eg byrja å gå med aviser i Haus om søndagar. Vidare fylgte vaskejobb på Kiwi og butikkdama på Kiwi. Samtidig har eg alltid spart ganske greit og har alltid hatt litt penga på lager, som eg kan bruke i krisesituasjoner ("Mååå berre ha ny og kul og fancy mobil lizzm").

Men! Så kom denne reisa te Sør Afrika der eg brukte opp alle pengane mine og la på meg rundt 10 kg. Korleis dette er mogleg, har eg spurt meg sjølv om nokre gongar. Ting er ikkje allitd slik ein skulle tru. Planen om å gå ned 20 kg og bruke pengane mine fornuftig gjekk iallefall til dunders, men eg har vel konkludert med at det likevel var verdt det.
Så her sitt eg: Blakk, prøvar å spare nokre kroner på sparegrisen i ny og ne, men ellers heilt forbanna blakk. Ikkje har eg framtidsplanar som kan sikra meg oljepengar eller facebook millionar heller. Akkurat no ser det ut som det blir ein evig student av meg og dermed evig blakk.

Ehm. Dette innlegget skulle egentlig vera positivt, men sjølvsagt har mine tankar fått det negativt. Eg skulle fortelje dykk at eg har klart meg denne månaden (okei, det er 6 dagar før eg får lønn, men ja. Det nermar seg). Tross kunn 3000 i lønn + lån. Greit, så har eg nermast BUDD heima i Mjeldalen den siste månaden og fråtsa i mat, MEN eg klarte da, mot alle odds. Maby I am learning...

Fleire som slit med økonomien?

tirsdag 2. november 2010

Finns det ei anna side?

For tida er det grådig "in" med desse overnaturlege seriane på tv. Ja, til og med prinsessa vår Martha Louise slår til med å "kome ut av skapet", som ein englesnakkar. Program som "Åndenes Makt" visar oss at det finns opptil fleire spøkelseshus i Noreg og i programmet "Den andre siden" får me høyre drøssevis av overnaturlege opplevingar og kjensler. Kva er denne fasineringa av dette mystiske som foregår utanfor vår oppfattelse? Er denne trua på sjela som uavhengig av kroppen iferd med å bli ein slags allmenn religion i Noreg?


Eg har aldri trudd på spøkelser, ånder eller Gud. Eller. Eg har hatt mine forvirrande periodar i oppveksten der eg eksprimenterte med både bønn og tilkalling av ånder (ein slik fase må vell alle igjennom og nokon blir forsåvidt i denne fasen resten av livet). Utenom det har eg vore av oppfattninga at alt berre er innbildning. Alle slags skumle situasjonar, som eg og andre har hatt, har eg tilslutt konkludert med var innbildning. Eller innbildning er kanskje eit sterkt ord. Eg trur det er psyken som spelar oss eit lite puss. Eit eksempel på dette, som freaka meg heilt ut, er då eg og venegjengen (trur me var rundt 16-17år) hadde sett "The exosism of Emoly Rose" (ingen anelse korleis dette staves og gidd ikkje finna da ut). Der var hovudpoenget at kl.3 om natta var tidspunktet då alle vonde ånder kom ut og gjorde all slags forferdelige ting med deg, som å bli besatt av ein demon osv. Nokre veker etter dette, når det største sjokket hadde lagt seg, så vakna eg opp mitt på natta av at nokon kviskra meg i øyra. Eller. Eg trudde iallefall det. Eg vakna iallefall av ein lyd og av ein forferdelig kjensle. Det gjorde rett og slett ilt inni meg og eg fekk det for meg at eg måtte sjekke at alle i familien min hadde det bra. Eg gjekk ein kjapp runde inn til Carina, Mons-Helge, mamma og pappa (som alle vart sure fordi eg vakna dei midt på natta). Etter dette gjekk eg ned i senga og sendte ein melding til Karoline Mjelde om at eg hadde fått denne forferdelige kjensla og ville berre sei at eg var glad i ho og håpa alt va bra med ho. Ho skjønte sikkert ikkje bæret då ho såg meldingen neste morgon, men men. Neste morgon blei det og eg var på Kiwi Kiwi på jobb. I lunsjen satt eg og bladde gjennom meldingen eg hadde sendt til Karoline, litt flau og sånn. MEN! Då oppdaga eg til forskrekkelse at eg hadde sendt meldinga til ho 03.06 på natta! Dette betyr at eg vakna ca. kl.3 av denne lyden og ekle kjensla. Oh my good liksom. Kva var dette? Var det åndene som ville ta meg? I mine eldre dager har eg funne ut at det rett og slett var underbevistheita mi, som kødda med meg. Ja... Eg vel å tru det!
Eg klarar heller ikkje å tru på desse tv programma, nettopp fordi det er tv program. Kva veit me om det som foregår "behind the scenes"? Eg vel å tru på Kristian Valen versjonen der ("Hæær e de nåkkaa") , sjølv om eg må innrømme at eg blir fasinert av program som "Åndenes Makt".

Eg er ein Agnostikar (dersom det er slik me skriv det). Eg trur iallefall på Agnostisme. Dette betyr at eg nekter for at me kan vite noko om det finnes ein Gud eller noko overnaturleg. Derfor tar eg rett og slett ikkje stilling til Gud og allslags spøkelse. Eg orkar ikkje bruka tida mi på dette (utanom å sjå desse nermast underhaldningsprogramma som Åndenes Makt og denne filosoferinga mi her på bloggen). Dette er rett og slett utanfor min forstand, kunnskap og verd. Eg har faktisk meld meg ut av Statskirka, noko som eg overraska meg sjølv med. Det er faktisk overraskande skummelt å vera utanfor det trygge og norske kirkesamfunnet, som me innbiller oss at me er ein del av. For meg vart det iallefall feil å vera ein del av Den Norske Kirke når eg verken gjekk i kyrkja, trudde på Gud eller vil ha eit bryllup eller ein begravelse der dei snakkar om, nettopp: Gud! Den einaste grunnen, som kunne holde meg inne i kyrkja er tradisjonar. Å bryte ut og oppheve tradisjonar er ikkje berre berre. Og kva gjer eg når eg ein gong vil gifte meg eller "døype" ungen min av rein tradisjon. Det forsåvidt greitt å vera gift pga.kjærleik og rettigheiter også, men mykje av desse kyrkjelege tinga gjer me, nettopp fordi det er ein tradisjon som er innskreven i liva våre utan at me trur på Gud.

For meg blir det å bruke tida mi på Gud og det over meg bortkasta. Reglane i samfunnet, verdien i menneske, kjærleiken og samvittigheita mi klarar seg utan at det må stå i ei bok som Bibelen. La den trøyste dei som trøystast kan. Eg vil trøyste meg sjølv.

torsdag 28. oktober 2010

Teater: På scena og i kvardagen!

Heile livet mitt er eit teater og... eg likar det. Ja! Det var faktisk ein radikal filosof (eg har ikkje pugga exPhil boka, så eg hugser ikkje namnet) som sa det eingong. At livet vårt berre består av roller. Roller som me har i dei forskjellige situasjonene i livet vårt. Avhengig av kven du er med, eller kva du skal. Eg trenger ikkje gruble meir på spørsmålet om kven eg er. Eg er på forskjellige scener og speler teater, i kvardagen.

Teater har alltid vore ein del av meg. Eller iallefall frå barnelagstider, i fem-seks års alderen, då det var om å gjere å late som du ikkje hadde nokon å danse med og dermed få lov å halde i handa til Henning Hekland, barnelagsledaren vår. Der fekk eg lov å vera ein heilt annen Tone, enn ho eg var "ute i offentligheita". Tilogmed i ungdomskuleåra, då alt var kaos og forferdelse, var eg den samme teater-Tone på øvingar. Eg dreiv med noko eg likte, var sikker på og flink til. Alt det andre i livet mitt vart gløymd i teaterøvingstimen kvar torsdag, tilogmed håplause forelskingar og hjartesorg (noko resten av ungdomskuletida gjekk vekk i). Det var som den timen når du ser på tv; når ein gløymer alle sine eigne problem og fokuserer på dei stakkars "greys" legene med sine store verdsproblem (Greys e forresten ein forferdelig serie).
Instruktøren vår, Melissa Hekland, betydde alt for meg og alle tilbakemeldingane frå ho gjekk rett til hjarta. Eg hugsar endå eingong ho sa at den einaste som kunne replikkane sine godt nok var meg. Eg svevde i fleire veker etterpå.
Desse inntrykka og denne viktigheita prøver eg å ta med meg vidare når eg har eigne unger på barneteater. Tenk! Tenk, viss eg kan bety i nærleiken av det Melissa betydde for meg.

I dag er eg meir teaterlig ute i kvardagen min (utanom å vera totalt forskjellige roller i forskjellige situasjoner som eg gjer stortsett heile tida). Eg tørr å vera teater-Tone, men eg viser ho berre fram til folk som kjenner meg eller folk eg er sikker på. Det er utrulig kor forskjellig ein kan vera i ein sjenert setting "Hei, eg heite Tone" vs. ein familiemiddag eller ein vaksenteatertur. Eg skjønar nesten ikkje korleis det går an å vera så forskjellig frå gong til gong. Eg må vera sjuk. Jaja, den diskusjonen har me tatt før...

Poenget med denne teksten er vell: Tørr å vær deg sjølv. Eg slår meg i hovudet kvar dag, med denne lille setningen. Utan å vite kven eg er eingong. ("vær meg sjølv,vær meg sjølv, vær meg sjølv, kem e eg?, kem e eg?, KEM E EG? Panikk). Du treng ikkje å vera nokre andre. Du treng ikkje bry deg om kven som ser deg, eller kva dei andre meiner. Du er bra nok! Drit i janteloven som prøver å rakke deg ned. Eg er så lei! LEI! Av å heile tida tenke på kva andre meiner og kva andre synest ein skal gjere.

Det er ditt valg! Du er du!


Ps! (I love you?)
Har ordna kommenteringen slik at ALLE kan kommentere, uansett om du har googlekonto eller ikkje. Så knock yourself out!

mandag 18. oktober 2010

Nok ein gong: Kven er eg?

Dersom du fylgjer med her inne, så har eg hatt eit liknande innlegg for litt sidan, med hovudspørsmålet "Kven er eg?". Eg har ikkje funne noko svar, og kven veit; kanskje det aldri skjer. Det er forsåvidt greitt det. Grunnen til at eg tar dette opp igjen, er fordi eg leita gjennom den gamle pcen min frå vidaregåande i dag. Der fann eg mykje rart, deribland eksamensbesvarelsen min i norsk siste året på vidaregåande skule, altså for ca 1,5 år sidan. Kva skreiv eg om? Nettopp!Spørsmålet: "Kven er eg?". Når du les dette, så ha dette i bakhovudet: Eg overdreiv og "Maiken" er ikkje det ekte navnet til denne personen eg siktar til. Enjoy:

Kven er eg?

Eg blir ofte spurd dette spørsmålet. Enten på ei eller anna internett side, der eg skal imponera med mitt spennande vesen eller på ein fest, der eg har eit par sekunder på å imponere potensielle nye venar. Eg kunne ha funne på noko spennande å sei. Som at eg skal bli politi, jobbe for CSI, er lesbisk eller liknande. Ja, iallefall ei kvit løgn, som at eg er Noregsmester i traktorkjæring eller kokosbolleeting. Men neida! Kvar gong eg blir spurd, klarar eg ikkje fine på eit einaste vetig ord og eg blir beskjeden og stille. Det er ikkje fordi eg ikkje vil svare eller fortelje om kven eg er, men fordi eg ikkje veit kva eg skal svare. For... Kven er eg?
Jeg fekk navnet Tone og var vell ganske fornøgd med det, før eg fekk den sjokkerande nyheita: Far min ville at eg skulle heite "Maiken". Eg såg for meg Maiken som gjekk i same klasse som meg; tynn som ei flis, utadvent til tusen, aldri sjenert, stilige klede og med gutane hengande etter seg. Maiken? Kunne eg vore Maiken? Alt dette var ting eg aldri hadde og som eg visste eg aldri nokon gong kom til å få. Det gjekk til og med rykter om at Maiken allereie hadde hatt sex, og der satt eg; aleine, tretten år gamal, mildt sagt lubben, med briller og den nye gule buksa som mamma hadde anbefalt meg å kjøpe. Det var då eg byrja å tenke: Kva dersom eg hadde fått navnet Maiken? Hadde ting vore annleis då? Hadde eg vore annleis då? Og ikkje minst: Hadde eg vore akkurat som sånn som Maiken? No var det for seint å bytte navn og skaden hadde allereie skjedd: Eg var ein Tone.
Eg er ein skuleelev og det har eg vore sidan eg var seks år. I byrjinga av tida mi som skuleelev hadde eg det veldig fint på skulen, Eg likte skulearbeidet, i motsetning til Maiken, og eg viste kven eg var, nemlig ein skuleelev og klassekamerat. Ferdig med den saken. Problemet kom då både foreldre, lærarar og medelevar forventa at eg skulle bringe mine medelever med meg heim og vere vener på fritida. Då måtte eg plutselig vera Tone, ei jente eg ikkje visste kven var, samtidig som ein skuleelev og klassekamerat. Ikkje overraskande klarte Maiken dette bra, men for meg vart det for mykje og i dei verste vene-periodane holdt eg meg rett og slett heime for meg sjølv.
Om ettermiddagane jobber eg for tida på Kiwi, ein dagligvarebutikk. Då tar eg på meg maska med "Alexander Rybakk-smilet"på og er den fantastiske "kiwidama" og ikkje Tone lenger. På grunn av "Alexander Rybakk-smilet" får eg ofte høyre at eg, Tone, er så utrulig blid og hyggelig. Men det er der dei misforstår. Det er KIWIDAMA som er hyggelig. Du kjenner ikkje Tone, du! Når kundene og kollegaene mine ikkje ser meg, så prøver eg å vera sånn som Maiken. Då lure eg meg inn på lageret, drikk ein ukjøpt "Coca Cola" og gjer absolutt ingenting fornuftig. Eg klarer nesten å holde ut, før eg får dårlig samvittighet og spring bort til kassen for å betale "Coca Colaen".
Det verste er å gå på butikken uten uniform, altså når eg handle mat til meg sjølv. Ja, for eg spiser alt for mykje (når eg gløyme å vera Maiken), så det blir eit par butikkbesøk på meg utanom arbeidstida. Det er forresten derfor eg er lubben. Uansett! Der går eg rundt i min egen verden, som Tone, og vips kjenner nokon meg att som "Kiwidama". Smilande og blide kjem dei sprettande bort til meg for å starte ein samtale med den personen dei trur er ei blid og hyggelig jente. I den forferdelige ubehagelige situasjonen der eg ikkje veit korleis eg skal vera, overser eg (Tone altså, ikkje kiwidama) dei og late som om eg har det travelt. Nei! Dei kjenne meg ikkje!
Eg meldte meg forresten på "Farmen" for nokre veker sidan. Eg tenkte at personlegheita mi kunne bli bra TV og sendte inn ein søknad via internett... Vel. Eg angrer. Ikkje fordi eg meldte meg på, men på det eg skreiv i søknaden. Eg vart spurd om forskjellige ting, blant anna kva som gjer meg skikkelig sint, glad og korleis eg reagerer på ting. Så der satt eg aleine for meg sjølv ein laurdagskveld, framleis lubben, med briller og klede som mamma har anbefalt for meg, og lata som om eg var Maiken. Eg elsker Maiken! Det trur eg TV2 gjorde også.
Men mamma elsker meg og ikkje Maiken. Det er fordi ho ikkje kjenner meg. Vel, ingen kjenner meg. I kvart einaste familiebesøk, så er det det samme maset om kor flink og talentfull eg er. Ja for alkohol har eg ikkje byrja med, skulen går eg på kvar dag og eg spring rundt på jobb og gjer mitt aller beste. Som sagt: Ho kjenne meg ikkje.
No trur du sikkert at eg har dårleg sjølvtillit og slikt, men eg elsker meg sjølv altså... Når eg er full iallefall. For ja. Eg drikk ofte. Det byrja med ein liten rusbrus og etter det har det berre blitt meir og meir. Dei dyre "Baccardi" og "Tequila" flaskene blir fort tomme, men det er ved kvar einaste krone, fordi når eg drikk så slappe eg av og bryr meg ikkje om kven eg snakker med eller korleis eg er. Når eg tenkjer meg om så hadde eg vore konstant full, dersom eg hadde hatt penga til det. Farmen blir eit helvette utan alkohol!
Heldigvis er eg snart ferdig på skulen, dersom eg overlever med det høge fraværet mitt. Dersom eg hadde heitt Maiken, kunne eg ha vore ferdig med skulebenken for lenge sidan. Då kunne eg hatt ein eller annan jobb og ein lausunge å tatt vare på. Du skjønner. Etter ungdomskulen, då eg ikkje hadde ein anelse om kva eg skulle gjere og kven eg var, kunne eg ha vore like kul som Maiken og slutta. Kva gjorde eg? Eg valde å sitte på skulebenken i tre år til. Eg høyrde på mamma, noko eg alltid har gjort. Tre år seinare sitt eg her; framleis på skulebenken, lubben med briller og med klede som mamma.... Ja, du skjønner. Tenk deg! Eg kunne ha hatt 1095 dagar med fest, moro, babylaging og hor. Ja, slik som Maiken.

Du har kanskje fått med deg at eg ikkje har ein anelse om kva eg skal bruke tida mi på framover. Eg prøver framleis å finne ut kven eg er og kva eg vil. Det blir vell meir skule, dersom eg fortsetter å høyre på mamma sine råd. Men ein ting seier eg deg, og ikkje gløym det: Eg kunne vore Maiken!

torsdag 7. oktober 2010

Fridom!

Dei andre sitt blikk
Blikket dømmer
Korleis får eg dei til å forstå?
Nei. Eg rømmer!

Hjarta seier meg:
Snu, fortel dei og lev
Men blikka deira er der
Redsel, dei meg gjev

Dei andre
Dei har mange grunnar
Dei ramsar dei opp
frå sine hatfulle munnar

Min fridom
betyr ikkje mykje
Eg bør gjere som dei fleste
Gløyme min lykke

Men så høyrer eg nokon
som kviskrar meg i øyra
"Kva har du gjort gale?
La meg få høyra"

Eg snur
Vender heim
Eg fortel
Eg lever

Så kjem blikket

Og eg
Mitt hovud hever

fredag 27. august 2010

Bussjåfører på Osterøy!

Som kanskje mange veit, har eg vore litt i ilden pga. mitt lille dikt i Bygdanytten for ei stund tilbake. For dei som treng ein oppfriskning, kjem diktet her:

Bussjåfør, ein mann med godt humør?


Ein gjeng frå Osterøy tok seg ein tur på byn,
Noko som alltid utviklar seg til eit fantastisk syn.
Dansa på bordet og viste seg fram,
Datt ned frå bordet, vart nesten lam.

Gjengen frå Osterøy ville heim
Var litt lei av "all the fame"
Fortvilte og trøytte skjedde det værste
Bussen køyrde forbi det meste

Lettere stressa,
men med eit smil om munn,
gjorde me eit bussjåfør funn.

Bussen til Arna stod der og skinte,
men det endra seg raskt då me møtte han sinte.
Me spurte så fint om han kunne hjelpe,
Det var ikkje akkuratt som om me forlanga å få snøen til å smelte.

Bussjåføren, som tydeligvis ikkje har lært å smile,
løfta ikkje ei einaste mine.
Han sa: "Ser det ut som om dette er mitt problem, jente?"
De skulle sett blikket han sendte.

Han har det heilt sikkert ikkje lett denne bussjåfør,
Oss flotte Osterøyjente, gjorde han nok litt ør.
Me skjønar at det ikkje alltid kan vera lett,
og at fulle ungdommar kan gjera deg litt mett.
Men ditt sure ansikt fekk turen til å verka som fleire hundre mil.
Og tru meg. Neste gong vel me bil!


I neste bygdanytt fekk eg svar frå sjåføren, der han beskylte meg for å vera ein bortskjemt og full jenteunge, som forlanga å bli køyrd heim. I tillegg kom ein innlegg, der eg vart samanlikna med folk som bit bussjåførar. Eg følte at detta vart feil (men for all del, kanskje eg er bortskjemt?), og kom med eit innlegg tilbake. Dette stoppa bygdanytt, fordi redaktøren synest dette var "totalt uinteressant".


Så... Er temaet blitt litt aktuellt igjen. Bussjåførarane får som det flagrar av sinte foreldre og passasjerer. Litt fordi det er eit rotete system, men mest pga. bussjåførar utan respekt. Eg er heilt einig og vil derfor kome med svaret mitt, som aldri kom på trykk. For det er dette eg meinar med diktet:

Bussjåfør, ein mann som bør ha godt humør!

Eg valgte å skriva eit dikt og ikkje eit "seriøst klagebrev" om busshendinga i Bergen, for å få fram at dette ikkje er det største problemet i verda. For det er det ikkje. Men sidan diktet mitt i avisa 2/2 tydeligvis vart kraftig misforstått og sidan eg har vorten samanlikna med busspassasjerar som bit bussjåførar, har eg lyst å kome med ei seriøs forklaring av diktet:

I fyrste vers innrømmer eg ærleg at eg hadde alkohol i blodet denne laurdagskvelden. Eg hugsar allikevel siste del av kvelden detalj for detalj og veit at eg ikkje var "den frekke fulle jentungen" du prøver å få meg til å verke som.

Me var rundt 15 menneske i forskjellige aldrar frå Osterøy som stod å venta ved Osterøybusskuret på Bryggen. Både gutar og jenter, menn og kvinner. På grunn av at det var mange (høge) menneske på bussplassen som skulle andre plassar og fordi eg er rundt 150 cm høg, var det vanskeleg å ha oversikt over området. Eg valgte difor den høgaste guten til å jevnlig sjekke om bussen var bak folkemengden og dei andre bussane. I ettertid viser det seg at den høgaste guten også hadde høgst alkoholinntak den kvelden og var lite egna til oppgåva, noko som resulterte i at Osterøybussen køyrde forbi Osterøybusskuret. Me gjorde ein liten feil og bussjåføren ein liten feil. Ferdig.

*

Men kjære bussjåfør!
Problemet for meg denne kvelden var ikkje bussen som aldri kom eller den lange bussturen heim. Problemet var eit ansikt utan smil. For jo! Eg spurte fint om hjelp og vart møtt med ditt sure ansikt og svar om at dette ikkje var ditt problem. Eg forklarte fint at alt eg lurte på var om du kunne få kontakt med Osterøybussen som nettopp hadde køyrd forbi og eg forlangte ALDRI å bli køyrd heim til døra av deg. Då du deretter skjellte meg ut fordi eg forstyrra deg i den vanskelege oppgåva "1000 kr - 94 kr = ?" kom eg med ein kommentar om at ein bussjåfør bør kunne gjere to ting samtidig. Eg beklager dersom du såg på dette som : "ein masse dritt om meg som person" og dersom du vart såra av dette.

Eg meiner ikkje at bussjåfører skal overgå seg sjølv og køyre fulle ungdommar heim langt etter arbeidstid. Eg meiner ikkje at dei skal finna seg i drittslenging eller "gjer som eg vil" innstillingar. Eg ser heller ikkje på bussjåfører som boss og eg kjenner mange flotte bussjåførar.

*

Men! Eg meiner at dersom ein ikkje klarar å smile eller å møte menneske med høflighet og respekt, så bør ein ikkje befinna seg i eit serviceyrke. Eg er fullt klar over at du og alle andre bussjåfører møter mange utakknemlige og sure menneske på ein arbeidsdag, men eg er heilt sikker på at dersom du hadde såtte deg ned i sjåførsetet med ei anna innstilling, så hadde mange av desse sure ansikta endra seg til smilande ansikt. Noko som hadde resultert i at du hadde fått ein betre dag og at passasjerande hadde valgt å ta buss med deg igjen.

Eg håper at denne forklaringa var forklarande og at me begge to kan legge denne saka inn i gløymeboka, men hugs:


"SMIL! Du er på scena!"

Ei smilande helsing frå Tone Mjelde


tirsdag 27. juli 2010

Osterøymoral?

Plutseleg var den 1 år og 6mnd gamle bygdanytt avisa der og alle kjenslane kom straumande tilbake. Skuffelsen, den store klumpen i magen og ikkje minst sinnet.
"Russen fråsolen 20 000,- på elevfest".

Me hadde gjort dette før og alt hadde gått smertefritt og med eit godt overskot. Denne festen endte annleis med 2 knuste vindauge, ei knust hovuddøyr og 20 000 kr fråstolne inngangspengar. Me var kanskje litt naive med 165 gjestar å halde styr på, men dette var tross alt folk me alle visste kven var. Me satt igjen med utgifter på 10 000 kroner, i motsetning til det realistiske målet vårt på 15 000 i pluss. Russedåpen og andre arrangement såg urealistiske ut. Så skjedde det utrulege. Ein anonym, eldre mann, leverte 25000 til oss via bygdanytt sitt kontor. Han ville hjelpe oss med utgiftane og ynskje oss ei fin russetid. Me gav dei 5000 ekstra kronene til Kreftforeningen sitt krafttak mot kreft.

Eg veit at fråstelinga av inngongspengane våre ikkje er ei svært spesiell hending. Det skjer faktisk ofte. Me har alle høyrt om inngongspengar som har vorte stolen på mange festar på Osterøy. Ingen seier noko, ingen innrømmer noko og politiet henleggjer saken.

Dette er ikkje noko eg går å tenkjer på kvar dag, men nokre gongar når eg sitt i kassa på kiwi, går innpå bussen, går på fest eller helser på ein gjeng. Så tenkjer eg: "Er det du? Er det du som stal pengane våre?" For det verste med det heile er at eg kanskje ser deg ofte. Og at du ser meg eller ein av oss i klassen og veit kva du har gjort. Eg klarar berre ikkje å skjøne at du går rundt, feig som du er, og trur at alt er greitt. At det du gjorde er greit. Hugsar du, i det heile tatt, kva du brukte pengane våre på?

Eg vil at du skal tenkje på mannen som, ute av det blå, gav oss 25 000 kroner. Av rein godheit! Ein mann som ikkje hadde noko med saken å gjere, men som likevel kjende medkjensle for andre og retta opp i di gjerning og din feil. Og ikkje minst utan å ynskje noko oppmerksemd eller takk.

Ein mann, som viste oss kor stort mennesket kan vera, rett etter du viste oss kor feigt og usselt det også kan vera.

onsdag 21. juli 2010

Kven utfordrar du til neste runde i stafettpinnen?

Du veit den "stafettpinne" tingen dei har bak på Bygdanytt. Der "stafettpinnen" går frå person til person i bygda, som blir intervjua om kven dei er. Det er ein god blanding av folk som har blitt intervjua allereie og ein ser tydelig kven som har morosame og artige personligheitar og kven som ikkje har det. I det siste har eg byrja å tenke: Kva dersom eg vart vald? Kva skal eg gjere eller sei for at det blir interessant å lese. Og tenk dersom eg blir ein av dei kjedelige personane, som ikkje har eit spanande og morosamt liv. Tenk dersom intervjuet blir så kjedelig at folk berre gidd å lese den siste linja: "Kven utfordrar du til neste stafettrunde? ....".

Eg håper det er fleire enn meg som tenkjer på dette, ellers så kan eg verke ein smule innbilsk. Men det er ikkje på den måten altså. Eg stressar berre litt med tanken på kva eg skulle sagt og svart på spørsmåla. Liksom. For å vera meg sjølv mest mogleg. For å få fram den eg egentlig er og ikkje minst at folk skal kjenne meg igjen og ikkje begynne å lure på om eg e ein heilt annan person enn dei kjenner.

For kven er eg? Er eg snill eller er eg irriterande? Er eg morosam, eller trur eg det berre sjølv? Er eg arbeidsom eller bestemmer eg for mykje? Er eg eit "ja-menneske", eller seier eg berre ja til det eg liker å gjere? Er eg spontan, eller tenkjer eg for mykje? Er eg lykkelig, eller deprimert? Vell. Tingen er at eg er alt dette, med forskjellige menneske. Opp gjennom åra (no verkar det som om eg er erfaren og gammal og har levd ein grusomt langt liv) har eg vorte kjend med ein god del folk. Unger, ungdommar, vaksne, godt vaksne, eldre og gamle menneske. Og eg synest det er fantastisk å kunne omgås med både folk på min egen alder og eldre og ha det like kjekt med begge grupper. (Godt eksempel: vaksenteatergruppa i Mjeldalen) Men jo meir eg tenkjer på alle dei forskjellige menneska eg kjenner, så lurar eg på om eg er forskjellige Tone`er når eg er med dei. Det er som mamma sa til ein beundrar av meg, etter han hadde sagt at eg var den mest smilande personen i bygda, og spurd om eg var lika smilande heima: "Vell. Ho må ta det ut over nokon, for å sei det slik".
Spelar eg så mange forskjellige rollar? Og kven av desse rollene er eg mest? Den smilande Kiwi-Tone utan nokon problem, eller den gretne familie-Tone som blir sur dersom ho ikkje får det som ho vil? Sjølvsagt vil eg vera den smilande Tone, men spelar eg egentlig berre eit skodespel?

Eg kjem meg ikkje vekk frå spørsmålet: Kven er eg?

torsdag 15. april 2010

Eit rutinelaust liv!

Når eg søker etter ein definisjon på rutiner på google, kjem det opp at rutiner er ein "feridghet tilegna med øvelse". Internettn meine altså at ein kan øva seg til eit rutinefyllt liv. Og legg altså, naturlegvis, ordet "rutiner" i "gode ting" kassen ved å bruke ordet "ferdighet". Gudane veit (ikkje at eg trur på gudar) kor mykje eg har prøvd og kor langt eg er frå å få eit rutinefyllt liv. No har eg rett og slett gitt opp.

Samfunnet me lever i, liker rutiner og av og til føler eg at me blir pressa til å ha det mest mogleg kjedeleg. For all del. Nokre liker det. Eg seier ikkje at alle skal vera "rotehåve" (som oss andre blir kalla). Men har du ikkje merka at rutinene prøve å presse seg på deg heile tida? Dei prøver å lure deg med at eit rutinefyllt liv er det beste for deg. På ein eller annan måte er det at kvardagen din er mest mogleg lik og har like oppgåver, blitt ein "eg har blitt vaksen" ting. Its fucked up!

Korfor er ikkje livet mitt rutinefullt?
Vell. Eg er ganske spontan, har eg funne ut. Og spontanitet passar ikkje så veldig godt med rutiner. F.eks dersom eg plutseleg bestemmer meg for å sove i Mjeldalen og ikkje i Lonevåg, så ligg asthma medisinen min i Lonevåg og skrik: "Du må ta meg morgon og kveld". Ikkje minst diverse piller som vil i magen minn og tannbørsten som alle burde bruke kvar dag.

Gløymskheit er også ein stor stor faktor opp i det heile. Eg gløymer desse rutine tinga. Ashmamedisinen blir aldri tatt til riktig tid og sånne uviktige avtalar kan heller venta, ifølge underbevistheita mi.

Eg blir også lei ganske fort. Mangel på tålmodighet, kan me kalle det.
Eg blir lei av å gjere det samme, kvar dag. Ingen forandringar eller utfordringar. Huff. Treningssenter f.eks. Gørr kjedeleg dersom det blir det samme gamle greina kvar gong. Eller ein vaskejobb, som gjer meg så og sei INGENTING.

Eg er også litt sta og like ikkje å bli pressa.
For akkuratt eit år sidan gjekk eg siste året på vgs og var så lei av rutina: "gå på skulen" at eg var rett og slett heime i perioda. Eg boikotta heile driten, fordi eg følte meg pressa til å måtte gå på skulen. Tenk dersom eg hadde lyst til å gjera noko anna den dagen. Eg meine ikkje nåkke uvetig. Men f.eks dugnadsarbeid eller eit besøk til farfar, som eg ser alt for sjeldan. Bryr rutinene seg om det? Neida.

For å vera heilt ærleg... Så hatar eg det. Eg hatar eit liv fullt av rutiner. Eg kan ikkje fordra å måtte gjere det samme kvar dag. Det gjer meg grøssningar på ryggen. Eg hatar presset til å måtte gjere noko, ikkje av rein vilje, men fordi du må.

No tenker du sikkert: "Dette ser bra ut på CVen din, Tone". Men, missforstå meg rett. Eg har ingenting imot å jobbe med noko, men dersom dette skal vera langvarig, så må eg like det. Eg har ingenting imot og gjere ting eg ikkje liker innimellom. Men no snakker eg om sånn resten av livet. Ska ting vare, så treng eg ein grunn til å stå opp om morningane. Eg treng viljen og gnisten. Eg kunne ha jobba dugnad dag ut og dag inn, fordi eg er engasjert og glad i det eg jobber for.
Eg er faktisk heilt forbanna sikker på at desse teite rutinene ikkje klarar å ødelegge for meg i framtida. Greit. Kanskje eg dør av eit asthma anfall eller har veldig dårlig ånde, men utanom dette, så skal eg klare meg.

Så rutiner. Fuck off! Its my life!

tirsdag 30. mars 2010

Takk Kiwi Haus!

Før eg byrja på Kiwi kunne eg ikkje forskjellen på brokkoli og blomkål. Eg måtte, opptil fleire gongar, spørre kundar i kassen: "Kva er dette?", sidan me har kodar til dei forskjellige fruktane og grønsakene. Ord som Advokado og natron, var framandord, som har blitt heilt vanlege ord. Grunnen til at eg ikkje kunne desse orda før eg byrja på kiwi, då eg var 17-18 år, var vell fordi eg aldri har vore interessert i huslege ting som f.eks matlaging. Og når eg ikkje er interessert i noko, så gjer eg det ikkje. Og uansett kor mykje mamma har prøvd å få meg til å laga mat, så gjer eg det ikkje. På Kiwi så måtte eg nesten finne ut av ting, for å ikkje pine meg ut. Det er nok å vera blond utanpå liksom. Ein treng ikkje vise at ein er blond inni også. Men uansett. Eg kan altså desse orda på grunn av Kiwi.

Eg føle meg ofte liten og litt smådum når eg går på kiwi. Mykje på grunn av vanlege damer, som spørr spørsmål som eg burde kunne. Lønnesirup, "vann i blomsterpotta eller vann under?" og vaskemetodar er noko som rett og slett er litt over mitt nivå. Derfor er noko av det beste med Kiwi Haus dei mannlege kundane og spørsmåla deira. Eg takkar desse menna, som ein sjeldan gong må handle aleine på butikken med kona si handleliste. Fyrste problem er å forstå handskrifta til kona, noko som er morosamt i seg sjølv. Men det beste er nok spørsmåla: "Er det eit brød som heiter Halvfint?", "Kvar er sukkeret?", "Kva er forskjellen på gul gele og raud gele? og ikkje minst: "Er dette salat?". Desse tinga gjer at eg føler meg allvitande og ikkje minst eit knakanes godt koneemne.

Eg vil med dette innlegget retta ein takk til Kiwi og ikkje minst kundane på Kiwi. Eg har rett og slett funne ut at eg har utvikla meg til ein betre person på grunn av denne jobben og menneska frå hovudsakleg Haus, men også andre stadar på øyne. Det er på grunn av dykk eg smiler på jobb. Takk takk takk.

torsdag 25. mars 2010

Har du fått ein kronglette eller rett sti?

Livet er urettferdig. Sånn er det berre. Uansett kor fint me har det til tider, så blir mykje urettferdig. Det e uretfferdig at ein del av verda skal ha det jævlig, mens den andre delen har det meste og meir enn dei treng. Det er urettferdig at kvinner ikkje har same rettigheter som menn i store deler av verda. Det er urettferdig at nokre familiar skal oppleve mykje sjukdom, sorg og død, mens andre familiar har ein snittalder på 80år. Samtidig er det urettferdig at broren min, Mons Helge, får tilbudt pengar for å få gode karakterar, då eg ikkje fekk det. Ikkje minst er det urettferdig at eg aldri vinn i Lotto, sjølv om eg e ein trufast tippar (nokre kallar meg spelegal).

Det eg skulle fram til... Er at ting er urettferdig. Forferdelig urettferdig. Og det e det som slår meg, når eg les boka "Sammen til verdens ende" av Tone-Elisabeth og Espen Simonsen. For dei som ikkje har hørt om boka er dette Tone og Espen sin fortellingen om Tone sin kamp mot kreften. Tone og Espen var kjæresta og hadde planane klare om ein framtid saman. Då Tone var 25 år fann legene svulsten. Dette e rett og slett ein historie om to mennesker som lærte seg den fantastiske egenskapen å sjå kvar dag som ei gåve.

Det e utrulig kor fort ting kan forandre seg og kor fort ting kan snu. Det er då eg begynne å tenke på om kva visst alt var slutt i morgon? Kva har eg fått ut av livet mitt? Dei siste månadane, etter eg kom heim frå Sør Afrika, har eg som oftast såtte i ein leilighet og glodd i veggen. Høgdepunktet har vore å gå på jobb rett og slett. Og da skjer ikkje så ofte heller. Eg har utrulig mykje tid til å gjera kva eg vil, men eg gjer ingenting. Det er litt sånn at, dersom ein har mykje pengar blir ein bortskjemt. Og det er akkuratt det samme med tid. Har ein for mykje tid, blir ein bortskjemt. Du tar dagane for gitt. Nokre dagar blir berre sove gjennom og kva dersom ein dag som den var den siste? Tenk på alle dei som ber om fleire dagar, meir tid på jorda, men som ikkje får denne dagen. Og der ligg eg og søv. Ja, bortskjemt e ordet!

Gjer du mest mulig ut av kvar dag?

I boka, "Sammen til verdens ende", står det eit dikt som er skrevet av Margaret Skjelbred. Dette diktet gjer meg frysningar på ryggen:

Stien te verdens ende

Vi syns vi kunne se te verdens ende
og visste åssen åra ville bli
da livet pluts’lig svinga av fra veien
og tok en kronglete og ulendt sti.
Der stengte fjellet steilt på alle kantær.
Da sa du stille: ”Vi kan klatre vi.”
Vi følte kronglesti’n langs bratte stupet.
Og ingen av oss torde se i djupet.

Nå har vi føllt den bratte, trange stien
med stup på si’ene i mange år.
Det kan nok hende vi misunner andre
den strake landeveien der de går.
Det ser så lett ut, men en veit jo aldri,
og kronglestien har blitt veldig vår.
Det var den sti’n vi fikk, det hjælper ikke
å følge andres jevne vei med blikket.

Og vi har lært å ikke sture over
den rette veiens rike blomsterflor.
For det gror blomster også langs med sti’n vår,
og gleden over dem er like stor.
Ja, kanskje større, for de er så sjeldne,
en må se nøye for å se de gror.
De ligger ofte skjult blant vissne bla’er,
men duftær ekstra sterkt på fine da’er.

La gå at det kan komma vonde ti’er
da sti’n vår kjennas vanskelig og bratt.
Men den har lært oss at det vokser blomster
på både slåpetorn og nypekratt.
Og ingen ting i verden er så vakkert
som nyperoser i ei St. Hans natt.
Og når vi sitter sammen kan vi kjenne
at også vår sti når te verdens ende.





Kva ville du gjort dersom du vann 110 millionar?

På onsdag er førstepremiepotten i vikinglotto svimlande 110 millionar! Det er kanskje absurd og urealistisk å tenkje på, men tenk deg... Berre for ein augenblink... At du vinn desse 110 millionane. Kva ville du brukt dei på? Du hadde sjølvsagt vore gjeldsfri og tatt deg ein tur til syden. Men kva meir? Det er ikkje snakk om ein million, men hundreogti millionar! Tenk deg, at du har moglegheit til å oppfylle alle dine materielle draumar. Om pengar gjer deg lukkeleg, er ein diskusjon i seg sølv, men materielle og økonomiske bekymringar hadde ikkje vore tilstades i din framtidige kvardag. Draum deg vekk og tenk litt. Kva hadde du gjort?

Interresant eller ikkje:
Eg ville brukt mykje pengar på meg sjølv, mykje fordi eg for tida sitt på ræv og lengtar etter eventyr. Eg hadde nok forsvunne frå Noreg (fyrst finansiert grasbana i Haus og utbygging av ungdomshuset i Mjeldalen sjølvsagt) og tatt med meg nokon eg er glad i. Levd livet og vore litt bortsjemt, men samtidig brukt pengar der det trongs.
Etter eg hadde rast av meg, hadde eg reist heimatt til flotte Noreg, der eg hadde bygd meg eit hus i Mjeldalen og overtatt garden. Samtidig hadde eg jobba i ein jobb der eg hadde tjent lite. Det er jo i dei jobbane ein trivs i.
Eg hadde nok sløst mykje pengar vekk, for det klarar eg allereie no, med 6000kr lønning frå Kiwi. Men eg håpe eg hadde gjort mange fine ting.

Så tenke eg meg om og blir irritert på meg sjølv. Kvifor berre gjere fine ting dersom ein har mykje pengar? Kvifor ikkje begynne å forandre seg før desse pengane evt. kjem? (1:12000000 sjans) Kvifor leve etter "Dersom eg hadde hatt så og så mange millionar, så hadde eg gitt ein mill. til dei fattige." regelen? Kvifor ikkje byrje med det eg allereie har. Gje litt av det eg har. Gje litt av tida mi til dugnadsarbeid eller verv i lag og organisasjonar som flotte MUL og HFK. Spare litt pengar til ein liten sydentur i ny og ne. Bli Planfadder for 240 kr. månaden.
Kvifor føle seg betre av å gje 1mill av 20mill, enn 400 kr av 6000 kr?

Ein må jobbe med det ein har... Men... Det er lov å drøyme litt:)

lørdag 9. januar 2010

Trening

Visste du at 73% av oss trener eller mosjonerer ein gong i veka? Herreguuud så flinke de e altså! I dei siste, hmm... 2-3 månadane har eg såvidt rørt på kroppen min. Da vil sei at eg e ein av dei 27% som ikkje trener eller mosjonerer ein gong i veka. Men dette skal sjølvsagt forrandra seg. "Nytt år og nye moglegheiter", bla bla bla... Høyrt det før ja.

Eg har kome fram til at problemet mitt e:
Kjenslane mine e som ein jojo. I da eina augenblinken e eg nermast ein treningsnarkoman som trur eg kan springe opp Mount Everest, i den andre augenblinken klarar eg såvidt å tenka på å løfte handa for å finne fjernkontrollen. Eg har rett og slett ei psykisk helse, som kan samanliknast med ein hormonell tenåring eller ei dame i overgangsalderen. Kanskje eg e værre, når eg tenke meg om.

Eg beundre folk som klarar å trene jevnlig og ikkje minst dei som faktisk har LYST å trene. For der slit eg. Den einaste sporten der eg ikkje føler at eg trenar, er fotball. Men korleis finna eit lag som ikkje er seriøse, men samtidig ikkje alt for useriøse? For. Eg vil ikkje spela kampa og stressa på med å vera god og sånn, men samtidig må jo gjengen ha lyst te å spela og møta opp når dei skal osv. Det e tross alt trening (utan at ein veit det eller tenkar på det sjølvsagt). Men herregud. Da e nok ein dårleg unskyldning.

Så problemet mitt er ikkje at eg ikkje trene. Problemet er at eg tenke for mykje på om eg vil eller ikkje vil trene. Korfor ikkje berre trene? Korleis forandra korleis ein tenker?

Ka med deg?
Kor mykje trene du? Liker du å trene? Og kva?

Blogg og meg

Herregud. Eg har faktisk slengt meg på bloggtoget og opna denne bloggen om meg sjølv. Eg har blogga frå Sør Afrika tidlegare (www.capetownandme.blogspot.com) , men kva eg skal få sagt her heima ifrå har eg egentlig ikkje tenkt så mykje på. Men! Det eg har funne ut er at eg kunne tenkje meg å få ut meiningane mine på ein eller annan måte.... Så kan eg liksom innbilla meg at nokon sitt heima og entan blir sjokkert eller søvnig av livet mitt. Vell. Eg veit ikkje kor lenge eg gidd å gjera detta uten noko "feedback", men me får sjå korleis da går.

Uansett! Så er eg her. Er du?