mandag 31. august 2015

Hjarta mitt på rundreise

Hjarta mitt er i eit 150 år gamalt hus, saman med ein mann som er tjue år eldre enn meg.
Eller atten då, men uansett;
Hjarta elskar han.

Det er i Middelhavet saman med eit likbleikt born, som flyt rundt saman med mor og far sin. Hjarta mitt blør, men det hjelper ingenting. Hjelper ingen.

Det er hjå systera mi og bror min, som eg vil gjere alt for. Skru tida fram, så dei sjølve kan sjå at alt ordnar seg der framme. Men oppgåva blir for mykje for eit lite hjarte.

Hjarta mitt er hjå ein palestinar i Gaza, som blir meir og meir sint fordi Israel og verda gjorde akkurat det han trudde dei kom til å gjere; ingenting. Berre denne evige fortsettinga av likegyldighet.

Hjarta mitt er langt frå likegyldig, men likevel så hjelpelaust.

Hjarta rasar forbi Sogndal, har ikkje tid til å stoppe nett no.

Bekymringfri kvardag lokker, men hjarta er på rundreise, på jakt etter elendigheit. På jakt etter oppgåver det ikkje kan løyse.