onsdag 24. august 2011

Konsekvensar!

Hausvik FK er aktive på facebook og har no fått si eiga heimeside. Eg har sett på dette som positivt.  Berre positivt, ingenting anna. Kva skal vera negativt med det? Hausvik får fleire tilhengarar, fleire folk på kampar og meir blest rundt seg. Hausvik er på veg opp og folk byrjar endelig å sjå oss!

For 15 dagar sidan lagde eg hendinga, i Hausvik FK sitt navn på facebook; "Hausvik G19-Minde". Eg skreiv at på bortekampen hadde det vore mykje drittslenging og Hausvik hadde tapt 7-1. Dei trong supporterar og all støtte dei kunne få. Eg prøvde å få flest mogleg publikum. Kommentarene kom frå Hausvik spelarane, f.eks at dett kom til å bli "hefti", "ein artig kamp", "me henter trakoren" osv. "Faens minde dritt" kom frå andre lag på Osterøy som også hadde spelt mot Minde tidligare. Eg fjerna det ikkje, tenkte ikkje at nokon andre kom til å få sjå dette... Tenkte ikkje på konsekvensane. Plutselig oppdaga Minde spelarane hendinga og då byrja dei alvorlege truslane og hetsinga å kome. Ein trussel frå ein Minde spelar var f.eks: "Nå setter pappaguttene fra seg champagnen og kler seg med våpen. Nå skal det drepes". Ein alvorlig trussel, som vart fjerna med ein gang den vart oppdaga. Sjølv om eg fjerna den, så skjønte eg ikkje at dette var alvor. Eg såg på dette som ord, ord frå ein liten pappagutt. Men dette var ein trussel. Dette var trigging, som kunne utløse ein situasjon. Jo fleire hatmeldinger og truslar som kom (som eg ikkje klarte å halde følge med og fjerne med ein gong), jo fleire publikum skulle det komme på kampen.("deltek" knappen på facebook) For det er slik me er. Me menneske. Me søker action og spenning i kvardagen, og ein fotballkamp blir plutselig litt meir spennande når det er snakk om ein liten supporter" krig "i tillegg.Ingen ekte krig, men krig i form av ord.

Halve bygda møtte opp. Eg har faktisk ikkje sett så mange vera på Haus Idrettsplass før. For ein juniorkamp. Eg var i ekstase. Hausvik juniorer vann til slutt 4-2 etter ein forrykande fotballkamp, der dei i vår tapte 7-1. Folk storma bana i glede! Kiosken hadde over 3000kr i overskudd og dagen min var heilt fantastisk. Eg og systera mi entra døra heime med "HEIA HAUSVIK" sang for mamma og pappa. Detaljer frå kampen vart forklart. Mons Helge, broren min som speler på laget, kom heim og me tok alt om igjen. TENK at me viste dei sosseta bygutta kor bra me frå Haus på Osterøy er! Eg var så stolt! Eg var så glad! Hausvik er på gang!

Der endte gleda. Fyrst blålys frå ambulansen borte i vegen og så politibilen like etter. Ka i helvette som skjer? Me var sikker på at det var keeperen til Minde som ikkje hadde tålt den siste trøkken. Eg ringte Sigve og fekk svaret. Nokre frå Osterøy hadde slått ned Minde spelarar. Det var heldigvis ingen Hausvik spelarar som var involvert. Men likavel. Nokon, nokon frå Osterøy, hadde slått ned Minde spelarar... på ein juniorkamp... på Haus Idrettsplass.... På nye Haus idrettsplass!

Eg skjøner det no. Facebook er farlig. Internett er farlig. Ting ein skriv er ikkje berre ord. Kampen vart hussa opp i skyene på facebook og spelarane var klare for "krig". Publikum var klare for "krig". Nokon, som ikkje var der for fotballen sin skyld, hadde fått dette med seg og møtte opp. Klare for krig. Krig utanfor fotballbana. Ordentlig krig.

Eg skreiv om drittslenginga i forrige kamp. Eg byrja. Eg slo ikkje hard nok ned på det som skjedde. Eg såg ikkje ringverknadane. Eg er medskyldig. Eg skjønte det ikkje. 

Men no veit eg det: Facebook er farlig!