tirsdag 31. desember 2013

Hjarta, hjarta!

Eg byrjar å skrive, igjen. Det er måndag, den nest siste dagen i året. Eg sitt i stova i farfar sitt steinmurhus i Mjeldalen og høyrer på Melissa Horn. Klokka er 00:32. Innlegget mitt til Bygdanytt skulle vore sendt for seks dagar sidan. Absolutt siste deadline er i morgon, eller i dag. Eg har byrja å skrive for tredje gong denne månaden. Klokka er 00.33.

Jula er over. Tida då me skal vera på vårt lukkeligaste, mest avslappa, takknemlig og glad. Me sitt oss med middagsbordet på julafta og ventar på dette. På at alt skal bli bra. På at sorga i hjarta skal forsvinne. På julefreden. Me ventar på at kroppen, hovudet og hjarta endeleg skal slappe av og kjenne seg nøgd. På at verda skal verke mindre skummel, fordi ein har dei riktige menneska rundt seg. På framtidshåpet. Me ventar på at dei mørke tankane skal forsvinne, i alle fall for ei lita stund.

Jula mi har vore roleg. Ikkje roleg i den forstand at eg ikkje har handla julepresangar dagen før julafta og at stovebordet ikkje har vore overflauma av gåvepapir, teip og feilskrivne namnelappar. Det har vore kaos, også i år. Men hjarta mitt har vore rolegare, meir nøgd, fordi det kaotiske hovudet med sin dårlege samvittigheit og negative tankar har fått mindre plass. Samvittigheita som fortel meg at eg burde vore lukkelegare fordi eg har det så bra, som masar om at eg ikkje gjer nok for andre. Tankane mine som fortel meg at eg må bake sju kakesortar som eg eigentlig ikkje liker og at eg heller må rydde stovebordet enn å besøke vener som hjarta sårt treng. 

Tidligare har eg aldri høyrt på hjarta. Hjarta mitt som desperat har skrike om at eg går i feil retning. Som har bedt meg høyre meir på det enn på dei evige tankane, det evige presset, om kven eg bør vera. Hjarta har heile tida fortalt meg at eg berre må vera meg sjølv, med rotete stovebord og mine forseinka presangutleveringar klokka tre på julafta. 

I år har ting vore annleis. Hjarta mitt har latt meg få sprenge tidskjemaet allereie på fyrste presangutleveringsbesøk. Det har sagt ja takk til nok ein kaffikopp. Det har bestemt julepresangane heilt sjølv og ikkje latt tankane fortelje kor idiotisk eller feil gåvene er, nok ein gong. Hjarta mitt har latt meg få lov til å sitte saman med pappen min og sjå Harry Potter ein laurdagskveld, i staden for  å vera på fest med ukjente. Fordi hjarta treng pappa og ikkje fleire ukjente. Tankane som fortel at det er viktig kva dei ukjente meiner om meg, Harry Potter og pappa har ikkje fått lov å snakke. Har blitt nekta ein replikk på hjarta sitt innlegg. Hjarta mitt har latt meg få slappe av saman med ein ven til langt på natt, sjølv om tankane har skrike om katastrofe fordi bidraget til avisa skal vera inne om nokre få timar. Hjarta mitt seier at det ordnar seg, hjarta mitt seier at det treng venen meir enn kva Bygdanytt treng eit innlegg.

Eg trur alt for mange av oss høyrer etter på desse tankane og forvekslar dei med fornufta, men tankane dine fortel deg ofte feil ting og er ikkje alltid så veldig fornuftige. Dei kan fortelje deg at du ikkje er verd noko. At du ikkje fortene å ha det bra. At andre si lukke er viktigare enn di eiga. Tankane dine kan fortelje deg at den måten andre lever livet sitt på er riktigare enn den måten hjarta ditt skrik om inni deg. Den måten du eigentleg vil leve, viss du berre kjenner etter. Lar du desse tankane ta overhand lenge nok, så sitt du der med eit utslitt hjarte som bankar og pumper til ein kropp som går ein heilt annan veg enn den burde. For sjølv om me treng fornuft, så treng me ikkje tankar som skadar oss. Som gjer at me lever feil liv. Eit liv som lammar oss og som gjer oss ulukkelege. Som igjen gjer at me heller ikkje klarar å hjelpe andre eller å gjere dei tinga me ynskjer.

Hjarta ditt er heilt unikt. Det er ikkje likt naboen eller søstera di sitt. Det fungerer på sin eigen måte. Har si eiga verd og sine eigne ting det treng. Som alle andre hjarter, så fortene hjarta ditt å bli høyrd på og du fortener å ha det bra. Du fortene alle fine ord du får din veg og du fortene å tru på dei. La hjarta bli varmt og godt av dei. Du fortene å vera forelska; å gløyme verda i nokre sekund og berre nyte den kjensla. Du fortene å gjere akkurat det du ynskjer, sjølv om naboen ser litt rart på deg fordi hjarta hans seier noko heilt anna. Du fortene å drite i alle tankane dine, eit lite sekund. 

Klokka er 02.02. Tankane mine har i heile desember fortalt meg kva eg burde skrive om. Har minna meg på kva som sømmer seg i avisa og ikkje. Eg valde tilslutt å høyre på hjarta. Hjarta mitt som drit i kva som sømmar seg. Klokka er 02.03 og det ordna seg. Det ordnar seg alltid, seier hjarta.

mandag 16. desember 2013

I fritt fall

Korleis føltes det
Å ta det siste skrittet
Var du framleis sikker,
Hadde du ingen tvil

Kor mange spurte deg
Korleis hjarta ditt kjentes
Og slapp du nokon inn
Nokon gong

Var du like sikker
Då du mista kontakten
Med brua
Var du ikkje redd
Eit lite sekund

Kortid vart du han
Som møtte døden åleine
Som frivillig forlot verda
I fritt fall

mandag 9. desember 2013

Verda forstyrrar oss, så lat oss reise

Eg og deg, og fjellet

Eg vil dra deg opp på fjellet
Der berre eg og deg skal vera

Me skal la verda vera att der nede
med sine bilar,  klokker, mobilar

Me skal ikkje ha noko slikt
For det er nok med meg og deg
Meir enn nok

All verdas flotte dingsar klarar ikkje nå deg til knedna

Eg treng berre deg
og fjellet

Eg og deg
og fjellet
 

lørdag 7. desember 2013

Når ein vaknar midt på natta og må skrive

Eg har brukt så lang tid på å finne meg sjølv. Finne ut kven eg er. Kva eg kjenner, djupt der inne, ein stad.
Eg har brukt så lang tid, uendelig med tid, på å finne hjarta mitt. På å kjenne slaga, kjenne varmen. På å finne ut at det som hjarta mitt vil er riktig.
Riktig for meg.

Eg har gjort så mykje teit. Så mykje unødvendig. Sagt så mange feile ord. Sett på verda med heilt feile auge.
Feile auge for meg.

Og no er eg her.
Har funne meg.
Har funne dei riktige augene.
Har funne hjarta.

Men så ligg eg vaken og tenker på alle stiane eg har gått. Stiane som har vist seg å vera blindvegar. Stygge grusvegar utan meining.

Eg berre ligg her.
Vaken.
Med hjarta i hendene.
Med fortida i tankane.
Utan plass til framtida.

torsdag 28. november 2013

Fruer

Eg e redd for det perfekte. Redd fordi det får alt med meg sjølv til å verka så fuckings feil. Dei mørke tankane mine, dei svære låra mine og middagskvilen på sofaen. Eg har kjempa lenge mot min trang til å vera perfekt. Min trang til å ikkje visa fram at eg ligg på sofaen. At eg kan sei feil ting. At eg kan gjere feile ting. Trangen til å ikkje visa heile meg. Sårbare meg, som kan sove ein heil dag i strekk og som får lyst å gje opp heile verda inni mellom. Ganske ofte.

I alle fall låra mine. 

Eg er kanskje patetisk,
men fotballfruer og andre fruer set meg tilbake.
Eg burde vera glad. Glad for at nokon har det så flott. Så rosa, så perfekt.

Men eg blir redd.
Redd for at det faktisk finst slike personar,
som er akkurat det eg alltid har drøymt om å bli:

Perfekt.

fredag 8. november 2013

Ein gong, der framme

Vær stille, hjarta mitt
Det går fint
Det ordnar seg
Ein gong

Hysj, ro deg ned
Einsemda forsvinn
Hjarta blir varmt
Ein eller annan gong

Ikkje grin, hjarta mitt
Du må fortsette
å pumpe.
Til det ein gong
blir betre
Til det ein gong
blir bra

Hald ut
Vær sterk no
Det kjem ein dag
du kan slappa av

Eg veit
kva hjarte
du vil vera nære
Kanskje får du det
Ein gong

Ein gong
Der framme

tirsdag 5. november 2013

Skjebnar

"Det e mång ei skjebne", hugse eg mora mi sa då me køyrde forbi Standkaien i Bergen ein laurdagskveld.
 
Denne veka har eg tenkt på desse orda. På alle ulukkelige skjebnar. 

Eg tenker på skjebna til dei som sitt i ei stove i Årdal,
med ein person mindre rundt middagsbordet.
Eg tenker på skjebna til ein mann frå Sør-Sudan,
som var så desperat og så sjuk utan at nokon såg det.
Eg tenker på skjebna til ein 50år gammal svensk mann,
som tok sin siste tur med bussen heim til Sverige.
Eg tenker på skjebna til dei som ser ut som mannen frå Sør-Sudan,
som no blir dømde av så alt for mange.
Eg tenker på skjebna til ein vanleg bussjåfør,
som ikkje visste korleis arbeidsdagen skulle utvikle seg.
Eg tenker på skjebna til resten av Noregs asylsøkarar.
Korleis har dei det, eigentlig?
Eg tenker på skjebna til ei 19 år gamal jente,
som berre skulle tilbake til skulen.
 
Etter 22.juli var me fulle av sjokk, sorg, kjærleik og fellesskap.
Etter 4.november er me fulle av sjokk, sorg, kjærleik for nordmenn og hat mot framande. 

Dette gjer meg redd.
For Noregs skjebne.

torsdag 17. oktober 2013

Lukke-fjas

Kva er lukke? For meg er lukke å sjå "Dagsrevyen" heilt åleine, etterfølgt av "Debatten" seinare på kvelden. For meg er lukke djupe samtalar om religion, lokalfotball og FRP klokka tre om natta. Lukke for meg er norske eple om hausten,  ei støttande og varm hand på korsryggen eller ein kopp kaffi i sofaen saman med pappa.  
For deg er lukke noko anna. Du hatar kanskje Dagsrevyen eller kaffi. Du synst kanskje djupe samtalar på fest er totalt unødvendig og vil heller danse natta lang. Kvifor? Fordi lukke er individuelt. Lukke er forskjellig frå menneske til menneske og det finns ingen fasitsvar på kva det er.

I desse dagar går ein serie på NRK, som heiter "Oppdrag lykke". Me møter fire forskjellige menneske, som alle er sjølverklært ulukkelige. Dei ynskjer å bli det motsette, nemlig lukkelege, og me følgjer desse gjennom eit program som skal endre korleis dei tenker ved bruk av positiv psykologi. I fyrste episode får dei resultata av ein lukketest dei har tatt og alle får ein bekreftelse på at dei ligg godt under gjennomsnitt-nordmannen når det gjeld å vera lukkeleg. Samtidig informerer NRK om at alle kan ta testen på nrk.no. Eg gjer dette og får spørsmål som : "Generelt sett, hvor lykkelig er du?", "Hvor meningsfylt synes du livet ditt er?" og "Hvor verdifylt synes du livet ditt er?". Store spørsmål, som i seg sjølv gjer meg stressa. Eg ender opp med 39 av 100 i lukkelegeheitsgrad, godt under gjennomsnitt-nordmannen som skal vera 67 ifølge NRK. Vidare får eg spørsmål om kor sosial eg er, kor mykje eg trener og korleis eg ser på framtida. Etterfølgt av råd om at eg må trene meir, vera meir sosial og bli ein optimist som ser lysare på ting. Enkle greier... Dei neste dagane ser eg fleire overskrifter på heimesida til NRK som "Slik blir du lykkeligere", "Slik får du lykkelige barn" og ikkje minst "Lykke er smittsomt". Det er som om kanalen, som elles satse på djupe innslag med mykje kunnskap og refleksjon, er blitt inspirert av VG sine enkle overskrifter og løysningar.

Testen er laga med utgangspunkt i at lukke kan lærast. Dette er eg ikkje ueinig i. Eg er ikkje ueinig i at ulike måtar å tenke på kan gjere deg ulukkeleg, og at desse tankane kan endrast eller gjerast noko med, slik at ein i større grad blir ein meir nøgd og lukkeleg person. Det er det eg har drive med dei siste to åra, saman med psykologen min. Eg blir likevel, for første gong i mitt liv, skuffa over NRK, som vel ein sånn overflatisk måte å fortelje andre om kva lukke er. Programmet i seg sjølv kan eg leve med, det er interessant å høyre om andre sine tankar rundt eigen lukke og sjå deira prosess. Eg har òg tru på at personane i programmet kan få ein betre kvardag, fordi dei får individuell oppfølging. Men ein sånn "slik blir du lukkeleg" greier som testen til NRK legg opp til og ikkje minst overskriftene på heimesida deira dei siste vekene, gjer meg kvalm.

Eg blir irritert når nokon prøver å prakke på meg lukke. Si eiga definisjon på lukke. Eg blir irritert over overskrifter i hytt og pine om kor lett det er å bli lukkeleg, bli nøgd med eigen kropp og få eit supert sexliv. Eg irritere meg over fasitsvar, fordi det ikkje finnes fasitsvar. Det finns ikkje ein måte eit menneske fungere på. Me er ikkje robotar eller tekniske dupedittar som fungere likt berre ein trykker på dei rette knappane. Og eg irritere meg, fordi fasitsvar og enkle løysningar gjer folk motsatt av lukkeleg. Faktisk meir ulukkeleg. For det er jo ikkje så enkelt, som det verkar. Og kva skjer med desse ulukkelege (i alle fall i følgje testen) personane som ikkje blir lukkelege sjølv om dei følgjer desse råda? Dei blir endå meir ulukkelege og endå meir håplause, fordi media og verda seier at "så enkelt er det".

Og kva med meg? Kan eg aldri bli lukkeleg? Etter to år med intens jobbing i terapi, så har eg fuckings-39 av 100 poeng i lukke? Ikkje pokker. Eg hatar testen og testen har feil. Eg er kanskje meir bekymra enn andre, meir uroa for framtida, mindre sosial, men det er fordi det er sånn eg er. Det er sånn eg fungere. Eg treng å vera åleine å fordøye alle inntrykk eg får i løpet av ein dag. Eg har lært å akseptere min eigen måte å vera på, med alle tankane og bekymringane som fylgjer med. Eg vil aldri bli ein person som ikkje bekymrar seg for framtida, for seg sjølv og for menneska rundt seg. Eller ein person som aldri stressar og som alltid har positive tankar. Men eg er blitt ein person som har akseptert meg sjølv og lar ikkje lenger denne bekymringa og frykta for alt mulig ta overhand. Det berre er der, oppi hovudet mitt. Eg har til og med lært å like desse sidene ved meg. Dei er ikkje så negative som dei verker og eg kan bruke dei på ein god måte. Både for meg sjølv og andre.

Du er kanskje heilt annleis enn meg, eller kanskje litt lik. Eg veit ikkje korleis du fungerar og eg veit ikkje kva lukke er for deg. Men ein ting er sikkert: Eg veit, for min eigen del, korleis det er å vera ulukkeleg. Og i dag så veit eg at eg er lukkeligare enn 39. Eg berre veit det.

mandag 9. september 2013

La meg få sove

La meg få ein pause 
frå hjarta sin utakt
kroppen sin uro

La meg få sove no

Utan mareritt
Utan tankar
Fullstendig ro

Alt vil vera der igjen
I morgon
Alt det som heldt meg vaken 

Men la meg sove
La meg få kvile
På mitt nyvaska laken

Denne uroa
Denne uendelige indre smerta
Kan du ta ein pause
Berre ei natt

Eg kjenner deg
så godt
Veit nøyaktiv
kva du meinar

Men kjære deg
Gje meg fred
I natt


fredag 30. august 2013

Tør du sei det høgt?

Eg dansar
Ikkje fordi eg må
Ikkje fordi alle andre gjer det
Men fordi beina ynskjer det
Fordi hjarta bankar,
som ein bass i kroppen

Eg smiler
Ikkje av nervøsitet
Ikkje for å vera høflig eller grei
Eg berre smiler
Frå hjarta

Eg ler
Ler så mykje at eg grin
Ikkje for å skape god stemning
Ikkje for å prøve å muntre meg sjølv opp
Men fordi eg meiner det
Fordi latteren berre kjem

Hovudet mitt er heva
Ryggen rakare enn nokon gong

Eg latar ikkje
Eg prøver ikkje desperat å vera nokon eg ikkje er

Eg veit det no

At eg er eg
Og eg er god nok

tirsdag 13. august 2013

Ein stad å høyre heime

Frå eg var rundt fem år gamal og oppover livet mitt har eg hatt ein plass eg høyrer heime. Denne staden har fulgt meg og alltid vore der for meg. Den gav meg min fyrste forelsking som 6åring, den gav meg tryggheit i dei mest utrygge tider, den gav meg forbilde og den har gitt meg vener for livet.

Mjeldalen Ungdomslag har vore min stad. Ein stad der eg har kunne gøymt meg vekk og vore meg sjølv, når ungdomstida med jentekranglar og utestenging stod på som verst. Staden der eg har kunne vore gal og bråkete. Der alt har vore lov. Staden der eg fekk ansvar for fyrste gong. Der mi stemme betydde noko. Ein stad som alltid har fått fram eit smil, uansett kor langt nede eg har vore. Og ikkje minst: Ein stad eg har passa inn, fordi alle passar inn.

Dette er det viktigaste og det flottaste med Mjeldalen Ungdomslag. Det er ingen auditions, det er ingen ferdighetskrav og ingen treng ha eit flusst av pengar for å vera med. Kanskje du berre hamna der tilfeldig fordi venen din skulle byrja og trudde du ikkje likte å stå på scena eingong, men enda opp med å finne din stad. Din hobby. Deg sjølv.

For ungdomslaga tilbyr ikkje "berre" kultur. Dei tilbyr meir enn ei teaterframsyning, fine songar og ein stad å samlast. Ungdomslaga driv nemlig med førebyggande arbeid på sitt aller beste! Som Kulturdepartementet skriv i kulturløftet 3: "Kultur gir opplevingar, livskvalitet og helse". Tilbod som Mjeldalen Ungdomslag og andre ungdomslag tilbyr er ekstremt viktige. Dette er ein stad der born, kanskje for fyrste gong, opplever mestringskjensle og rein glede for endelig å ha funne noko dei liker å gjere. Kanskje fotball og idrett aldri har vore noko for dei. Eller kanskje ungdomslaget kan tilby noko i tillegg til fotballtreningen. Ei annan type trening. Trening som me treng som motstand mot det uendelige presset på born og unge i dagens samfunn. Ungdomslaga bidrar kvar dag til ei betre folkehelse og hindrar at nokon dett utanfor.

Dette handlar om menneske, men det handlar òg om politikk. Sidan 2005 har regjeringa satsa sterkt på kultur og frivilligheit. Bevilgningane har økt med 5 milliardar kroner og nærmar seg 1% av statsbudsjettet. Ein milliard har blant anna gått til momskompensasjon til frivillige organisasjonar. Pengar som kjem godt med i den daglege drifta av eit ungdomshus i full aktivitet. Men dette kan endrast til hausten. Fremskrittspartiet, samarbeidspartnaren til Høgre, har gått tydelig ut og ynskjer å kutte i kulturstøtta og overlate sponsinga til private aktørar. Ei ordning som vil vera umogleg for lag som Mjeldalen Ungdomslag, fordi ein rett og slett ikkje har så store sponsorar tilgjengelig. Dette kan føre til økte kontigentar, nedkutting i aktivitetstilboda eller ungdomshus som forfell og som igjen vil føre til at tilgjengeligheita blir dårligare. Det fører til fleire born som aldri finn sin stad. Som kanskje alltid kjem til å kjenne seg utanfor.

Om mindre enn ein månad er det val. Eit val som blir eit retningsval på mange måtar, òg når det gjeld kultur og frivillig arbeid. Me må ikkje gløyme aktivitetar som me har byrja å ta for gitt. Me må fortsetje å kjempe kulturkampen og styrke breidda og mangfaldet i den norske kulturen. Med ein blå valsiger i haust vil skattekutt føre til store konsekvensar for velferdsstaten vår og kutt i støtte som sårt trengs. For det er dette som er framtida og det er borna og ungdommane me enten fangar opp eller gløymer som kjem til å forme framtidas Noreg. Og trygge og lukkelege born, som vil føre landet vårt i rett retning, finn me i eit samfunn med små forskjellar og tilbod for alle.


Stem rett 9.september!





mandag 15. juli 2013

Verda er full av urett

Fortell meg kva du ser


For eg ser menneske


Eg ser born


Eg ser håp


I Jerusalem



Foto: Tone Mjelde

mandag 8. juli 2013

Stemma

Kvifor går dei orda ho sa på repeat i hovudet mitt?
Ord, som er sagt for lenge sidan. År sidan.
Kvifor har orda hennar, meininga hennar, blitt sanninga?
Meiningar, som ingen lenger bryr seg om.

Kvifor bryt ikkje heile verda saman av slike ord? Slik eg gjer.
Korleis kjem folk seg vidare? Slik eg ikkje gjer.

Orda festar seg, grev seg inn til hjarta mitt. Røskar i det. Skapar sprekker som blir større og større. Dei er berre ord. Berre meiningar. Men for meg blir det sanninga. Verkelegheitsbilete som alt surrar rundt. Kva eg meinar sjølv, kva resten av verda meinar, betyr ingenting. For det er sanninga.

Eg er stygg. Eg er dum. Eg er utan vener.

Ingen treng meg. Ingen liker meg. Ingen vil vera med meg.

Eg hater deg.
Eg hater stemma di og eg er drita lei.
Drita lei orda dine, som berre gjer vondt. Som aldri oppmuntre, som alltid trekke meg ned.

Ein dag skal eg klare det. Oversjå deg, argumentere for det motsatte, bli kvitt deg.
Ein dag skal eg ikkje stoppe og høyre etter på stemma di.

For egentlig veit eg det.
At du lyg.
At du ikkje er verdt det.
At eg ikkje trur på deg.

Sånn egentlig.


fredag 5. juli 2013

Kroppen

Alle fargane rundt ho
forsvinn.
All varme frå sola
flyg vekk med vinden

Hjerteslaga,
som før kjentes så sterke,
så raske, så varme.
No kan ho ikkje lenger kjenne dei.

Smila hennar,
som før berre kom,
som berre dukka opp på munnen.
Dei kjem sjeldnare no.
Dei må tvingast fram.

Tårene,
som før var gledestårer.
Dei svir. Dei er fulle av salt.

Kroppen kjennes tom.
Den kjennes forlatt.
Reist ifrå. Avvist.

Og sjølv om hjarta nektar å høyre,
sjølv om hjarta framleis vil slå,
forteller hjernen:

Kroppen har rett.


torsdag 20. juni 2013

Aleine att

No sloknar solbrannen ute.
Eldblomen bjart brenn ned.
Det mørknar alt. Du gjekk ifrå meg nyss,
og fela di tok du med.

Du spela, og under bogen
ustanseleg  blomar spratt,
eg satt i eit endelaust blomeregn
- No kan eg ikkje finne dei att.

Er dei alt visne, alle?
Hell var det ikkje meg dei gjaldt?
Hell tok du dei med da du gjekk i stad?
- Helst har eg vel drøymt det, alt.

Halldis Moren Vesaas

fredag 7. juni 2013

Hjarta mitt

Det er utruleg kor mykje eit hjarte kan tåle.
Det bankar så ufatteleg sterkt, så raskt, at eg ikkje skjøner at det kan fortsette sånn utan å stoppe. Utan å få nok. Men det stoppar ikkje. Det bankar berre hardare, raskare. På veg ut av brystet.

Det er utruleg kor varmt eit hjarta kan bli.
Så fullt av kjærleik. Så fullt av begjær. Det kjennes som det skal brenne opp og bli til aske. At det vart for mykje kjærleik, for eit så lite hjarte. Men det fortsetter å brenne. Det varmar berre endå meir.

Det er utruleg kor kaldt eit hjarta kan bli.
Så kaldt at du kjenner det i resten av kroppen. Så kjenslelaus. Utan styrke til å hjelpe resten av kroppen. Det verkar som det skal forvitre. Skal knusast av kulde. Men det er der, framleis like kaldt.

Det er utruleg
at dette er mitt hjarte.

Eit hjarte, eg ikkje visste fanns.

tirsdag 28. mai 2013

Redselen for å vera eit menneske

Eg har ikkje tal på kor mange morgonar eg har, i staden for å stått opp, bestemt meg for at det er tryggare under dyna. Under dyna er det ingen utfordringar, ingen konfrontasjonar, ingen redsel. Der er det ingen som dømmer eller ser på meg med eit blikk eg ikkje heilt klarar å tolke. Det er trygt der, men jævla einsamt. 
For sjølv om eit døgn under dyna verkar som verdas beste idè, så er det aldri det. Den øydelegger alt. Sett meg heilt tilbake og forsterkar alle dei negative tankane og redselen. Den forsterke angsten og bekrefte at eg er mislykka. At eg er ei som ikkje ein gong klarar å komme meg ut av senga.

I pinsehelja har eg holdt 17.mai tale foran heile Haus, og sunge og dansa på scena i Mjeldalen foran ein fullsatt sal. Ei utfordrande helg, men likevel ikkje ei av dei værste. For eg er litt rar sånn. For meg er det ikkje værst å stå halvnaken på ei scene i Mjeldalen eller halde 17.mai tale (sjølv om sistnemnte var heavy). Det er dei små samtalane, dei små blikka på butikken eller dei to som ser ut som dei kviskrar om meg på ein fest, som er verst. Det er å kunne sei at eg har ein dårlig dag, at eg ikkje har svaret på alt eller å vise at eg ikkje er perfekt. Å kunne vise at eg er eit menneske. Det er då eg stressar, då eg vil springe heim under dyna eller putte på min perfekte fasade. Og det er dei situasjonane er unngår.

Det er mange fordommar og mykje uvitenheit om korleis det er å ha sosial angst, for det er det dette er. Mange set angstproblem saman med latskap. Folk trur at du berre er giddalaus og løysninga er at du må skjerpe deg med ein einaste gong. Ta seg saman og kome deg ut. Det er jo så utrulig mange i verda som har det så mykje værre, som verkeleg har noko å klage over. Kva har du å klage over, du som har alt. Desse fordommane er dei me med angst er mest redd for og det er desse tankane me sjølv høyer oppe i hovudet vårt kvar einaste dag. At ein må skjerpa seg, ta seg saman. Men uansett kor mykje ein får høyre det, enten av seg sjølv eller andre, så klarar ein det ikkje. Fornuft og angst høyrer ikkje saman. Angst er følelsar og tankar som tar heilt overhand og som tar kontroll over liva våre. Som isolerer oss og som gjer oss ulykkelege. Kjensla av å vera mislykka, ein tapar, ein som ikkje eingong klarar å kome seg opp om morgonen, er enorm. Den rakke ned på sjølvbiletet vårt og verdien vår som menneske synk betraktelig.

Det er kome fram at ca. 50% av alle sjukemeldingar i 2012 vart gitt grunna "trøyttheit"/"slappheit" , noko som er ei stor auke i løpet av dei siste åra. Dette er bekymringsfullt og eg trur det visar ei utvikling i samfunnet vårt. Me legg eit enormt press på oss sjølv, brenn oss ut og går heilt til me stuper. Me er redde for å ikkje vera gode nok og å ikkje prestere godt nok, og då er det betre å bli sjukemeldt i staden for å visa svakhetstrekk på jobb eller i andre samanhengar. Dette er synd. Det er synd at samfunnet vårt og arbeidsplassane våre ikkje viser stor nok rom for "svakheit". Det er bevist at sjukemelding er verste medisin i forhold til angst/depresjon og at dette skapar isolasjon, "underdyna-mentalitet" og meir angst. Meir depresjon. Det er betyr likevel ikkje at det ikkje er nødvendig å roe ned, å finne ut av problemet. At det ikkje er nødvendig å kome til hektene igjen. For det er her arbeidsplassane og samfunnet vårt skulle vore flinkare til å gjort det mulig å få lov å finne ut av ting, samtidig som ein er i jobb - delvis eller fullt. Dett ein ut av arbeid fullstendig, er tala i seg sjølv deprimerande; Mange kjem aldri tilbake i jobb.


Livet kan vera skummelt. Ein veit aldri kva som skjer i neste augeblikk. Angst og depresjon kan skape eit veldig negativt og håplaust bilete på heile livet og ei sterk kjensle av einsemd og isolasjon. At noko som skulle vera så enkelt og kjekt, å vera med folk, blir det vanskeligaste av alt.
Heldigvis kan angst og depresjonar kurerast av meir openheit, meir eksponering, meir støtte og meir aksept. Eg har sagt det før, og eg sei det igjen: Me må bli flinkare å vera svake. Å tillata kvarandre å vera oss sjølv, med eller utan bekymringar og angst. Me må ikkje skape eit samfunn der alle må vera supermenneske for å klare å vera i jobb eller ute i samfunnet. I så fall kjem alle til å sitte med ein sjukemelding i handa tilslutt, sjølv om me eigentleg er meir enn gode nok!

For me er berre menneske. Menneske, som prøve så godt me kan.

onsdag 22. mai 2013

fredag 17. mai 2013

17.mai tale

Kjære alle saman

Gratulera med dagen!
I dag feirer me Noregs nasjonaldag 17.mai. For mange av oss er dette blitt ein dag der me kan ete så mykje is me vil, drikke cola etter ein fuktig fest i går eller få teste om bunaden framleis passar. Men for 199 år sidan, i 1814, signerte riksforsamlinga på Eidsvoll grunnlova vår. Ei grunnlov som har vorte endra opp gjennom åra, forbetra og utvikla i tråd med samfunnet vårt.
Ein viktig del av grunnlova er friheit. Friheit for enkeltmenneske, friheit til å tru på kva gud du vil, eller ingen gud om du vil, friheit til å elske kven du vil, friheit til å sei kva du meiner, friheit til å vera deg sjølv - ta eigne val og ha eigne meiningar.

I dagens Noreg er me så heldige at dette er blitt ei sjølvfølge. Dei fleste av oss anar ikkje korleis det er å ikkje vera fri. Og i mange land er det uttenkeleg at eg, ei 23 år gamal jente, utan mann, skal kunne stå her på ein talarstol å sei meininga mi høgt ut, utan å vera redd for konsekvensane.
Utan å bli såtte i fengel for det eller bli tvungen til taushet. Og i kveld kan eg kysse kven eg vil, mann eller dame, og foreldra mine treng ikkje godkjenna han eller ho eingong. Eg treng heller ikkje gå i kyrkja på søndag, fordi eg sjølv vel om eg vil tru og kva eg vil tru på.

Men med denne friheita vår kjem det eit ansvar. For når me sjølv kan velje, sjølv kan bestemme kva me vil gjere med liva våre, så har me også eit ansvar for å gjere rett, føre landet vårt, livet vårt i rett retning. Og ikkje minst: Eit ansvar i å passe på at andre ikkje brukar friheita si til å gjere noko vondt for andre.
Ein del av friheita vår er ytringfriheita. Retta til å sei kva ein meiner. Ytringsfriheita er viktig og ha blitt eit symbol på utvikling og demokrati. Men sjølv om ytringsfriheita er viktig, så er det samtidig vår oppgåve å reagere dersom hatfulle eller diskriminerande meiningar blir fremma. Det er me som må ta avstand og reagera dersom kompisen vår seier noko han ikkje burde sei. Dette er ikkje alltid like lett, men viss me tar dette ansvaret kan me unngå å leve i eit samfunn der "homse" blir brukt som skjellsord. Eller i verste fall, der nokre blir utsatt for vald pga. legninga deira, meininga si, trua si eller hudfargen sin.

Feiringa av nasjonaldagen i Noreg er unik og me feirar den med barnetog istadenfor militærparadar, som mange andre land. Denne flotte og fredelige måten å feira nasjonaldagen vår viser Noreg på sitt aller beste. Men den siste månaden har nok ein gong flaggdebatten kome på bane igjen, som den gjer kvart år på denne tida. Dette året vart debatten utløyst etter at små born hadde laga sine eigne flagg, med det norske flagget på eine sida og eit anna land sitt flagg, der foreldra eller dei sjølv kom ifrå, på den andre sida. Uskyldig og eit stort teikn på friheit. Altså ein av dei store grunnane til me feirar 17.mai. Å kunne sei kva ein meine, tru på det ein vil, og ha same rettigheiter som alle andre, uansett kvar ein kjem ifrå.
Når eg les og høyrer alle motstandarane til desse små flagga, så spør eg meg sjølv: Kva er det me er så redde for? Kva er det med desse borna og desse flagga som gjer oss så utrulig redde?

Eg trur redsel er rota til mykje vondt. Redsel hemmer deg. For eksempel sånn som i dag, så hadde eg ikkje stått her og halde 17.mai tale, sjølv om eg har veldig lyst, viss eg lot redselen ta øvehand. Redsel for kva andre vil tenke om meg, redselen for kva som kan gå galt. Men redsel ramme og eit samfunn og den er rota til fordommar, altså forhandsdømming av menneskegrupper, basert på etnisk bakgrunn, kjønn, sosial klasse, alder, religion, seksualitet eller funksjonshemming. Og redsel og fordommar blir skapt av manglande kunnskap og av manglande trygghet i oss sjølv og Noreg som nasjon. Denne redselen er livsfarlig, den true samfunnet vårt. Dersom denne framandfrykta tar overhånd vil den hemme oss som samfunn og som vil gjera Noreg til noko heilt anna enn alt det fine me feirer i dag.

Me ser det i debatten om Rom-folket, der Per Sandberg frå Frp hadde ein uttalelse om at me burde stoppe romfolket med grensa, grunna deira etnisitet. Fordi dei mest sannsynleg, fordi dei er Rom-folk, kom til å gjere lovbrudd og ikkje bidra positivt i Noreg. Dette er rasisme og dette er meiningar me må slå ned på. Det var slike meiningar som spira opp på 1800-1900 talet og som tilslutt utløyste nazismen og andre verdskrig. Noreg har hatt jødeparagrafen i si grunnlov, opp til fleire gongar. Den stoppa alle jøder i å kome inn i landet. Jødar som berre stal arbeidet til nordmenn og som dyrka feil religion. Det er skremmande å sjå liknande retorikk i dagens debattar om innvandrarar. Det er skummelt å sjå fordommane og alle som allereie har bestemt seg for at dei er "sånn og sånn". Er det eit slikt samfunn me vil ha?

Då eg var i Israel i sumar, fekk eg sjå eit samfunn som nærmast er bygd opp på mistenksomheit og redsel. Noko som er ganske forståelsesfullt og ein naturleg reaksjon etter all sjølvmordsbombing og terror som landet har opplevd. Den enklaste løysninga vart brukt. Å bygge ein mur, der den skumle folkegruppa vart stengt inne. Å installere metalldetektorar på kvar kino, kvart kjøpesenter, kvar butikk. Å setje ut fullt av vepna soldatar i gatene. Å arrestere alle som ser mistenkelege ut. Dei som ser Arabiske ut.

Terrorisme og vald må sjølvsagt slås hardt ned på. Det er heilt uakseptabelt og ingen fortene å bli utsatt for noko slik, men blir me kvitt terrorisme med å stenge alle skumle mennesker ute? Blir me kvitt terrorisme med meir mistenkeliggjering? Med meir vald? Det minner meg om då eg jobba frivillig i ein barnehage i Sør Afrika. Barnehagetanta skulle straffe borna og tok ein og ein fram for å slå dei hardt på kinnet. Då me spurde kvifor dei vart straffa og kvifor ho slo, så sa ho: Fordi dei slo kvarandre og det er ikkje lov.
Det gjer inga meining. Alt som skjer er at ein skapar ein ond sirkel.

Eg har sett korleis palestinarar blir behandla i Israel og desse menneska som blir mistenkeliggjort og ydmyka kvar dag, berre pga. av etnisiteta si, blir sakte men sikkert terroristar. Dei får ei kjensle av håplaushet, av urettferdigheit og utestenging. Og avstandane mellom folket blir større. Ingen har noko med kvarandre å gjere. Og frykta veks. Og redslen bind seg fast i samfunnet, som noko naturleg. Sjølvmordsbombinga har minska med muren, men hatet, redselen og ekstremismen har økt. Eit hat og ein ekstremisme som kjem til å eksplodere ein dag. Dette samfunnet utan samhandling, dialog eller tillitt skapar splid, krig og terrorime. Istadenfor felleskap, fred og kjærleik. Me må ikkje vera redd for det ukjente, me må ikkje stenge ute det ukjente, men gjere stikk motsatt. Møte det framande, prøve å forstå deira situasjon og ynskje dei velkommen inn.

Som Audun Lysbakken skreiv i ein kronikk i går: Det er fullt mulig å vera glad i landet sitt og samtidig vera glad i andre.

Eg hyv med Israel/Palestina situasjonen i dei fleste samanlikningar eg tar. Heldigvis kan me nevne eit flusst ulikheitar mellom deira situasjon og vår situasjon i Noreg. Eg veit at me er flinke å ynskje folk velkommen og eg veit at me er flinke til å inkludere og ta vare på kvarandre i bygda vår. 

Haus er ei bygd fullt av enorme ressursar. Ikkje i form av olje, gass eller gull, men i form av menneske fulle av engasjement. Fotballbana er i bruk kvar dag, med eit flusst av trenarar, vaffelsteikarar og supportarar på kvart lag. Ungdomshuset har ikkje ein einaste kveld eller fleire rom ledig, Musikklaget speler og stiller opp på alle arrangement, Speidarane styrer på med kano og bålbrenning både her og der, og så mykje mykje meir. Haus har blitt ei bygd der det er eit tilbod for alle. Ikkje berre for borna som spring raskast i klassen.
 
For det er lett for å bli resultatfokusert. Eg kjenner det sjølv, som teaterinstruktør for 4.-7.klasse i Mjeldalen. Det er lett for å fokusere på heilt feil ting. Nemlig at alt skal vera perfekt, at ungane skal gjere alt riktig og at resultatet er viktigast. Alt dette er heilt på tryne og heldigvis så forsvinn desse perfeksjonist-tankane vekk med ein gong eg ser gleda og mestringskjensla i borna. Born som kanskje slit på skulen eller i andre samanhenger og som på teateret kjenner mestring for fyrste gong. Eller rein glede over å ha funne noko som dei vil driva med. Når eg ser utviklinga hjå bornet, Ikkje berre på scena, men som person, at sjølvtillitta veks sakte men sikkert. Så er det det som betyr noko.
Eg trur dette er det viktigaste oss vaksne som er rundt born kan gjere. Skape sjølvtillitt og fokusere på gleda og mestringskjensle, istadenfor flest mål, flest knytte knutar eller den reinaste og klaraste songstemma. 

I eit samfunn der presset på unge og ungdom er enormt, kan me bidra til at borna får eit positivt sjølvbilete og ein robust sjølvtillit med seg vidare i livet. Dei får ein tryggheit på seg sjølv, som dei tar med seg i møtet med noko ukjent og framand.

Og dette gjer trenarar, instruktørar, lærarar, foreldre og andre vaksenpersonar i Haus kvar einaste dag. Fotballklubben fokuserer på at alle er velkommen og at alle skal få spela, samtidig som speidaren, skulemusikken, ridesenteret på rolland og ungdomslaget gjer alle ein mulighet til å finne noko dei likar. Det er fantastisk!

Dei fleste her er vel enige med meg om at Haus er den flottaste bygda på Osterøy, men det betyr likevel ikkje at dei andre bygdane på Osterøy e så mykje verre. Eg har tru på ei positiv framtid for Osterøy, både som samfunn og som kommune. Full av flotte ungar, ungdom, vaksne og eldre. Men ei av dei største utfordringa i kommunen er felleskap. Å møte framtida saman som Osterøy og ikkje som kvar enkelt bygd. Det er at på valestrand støttar boligfelt her på Åsheim. Det er at me i Haus støttar utviklinga på Valestrand og kanskje til og med blir glade dersom Valestrand/Hjellvik rykker opp ein divisjon. Det er at folk frå Hamre ikkje berre kjempar for sin eigen skule, men òg for Bruvikskulen. Det er at me ikkje berre bryr oss når noko skjer med oss og vår lille bygd, men òg kva som skjer rundt oss på Osterøy. At me vil kvarandre godt og støttar alt det positive som skjer på øya.

I den store samanhengen er me berre menneske, som lever våre eigne liv. Med ungar, tidsklemma og svarte kunstgrasknottar over heile badegolvet. Me trur kanskje ikkje sjølv, at me gjer den store forskjellen. Men val og ansvar me tar kvar einaste dag, forme samfunnet vårt. Nett som ein stemmeseddel ved stortingsval, som kan verke liten, men som likevel har stor betydning. Eit ord, ein handling banar veg. For me er frie menneske og me kan sjølv bestemme kva samfunn me vil leve i. Me kan sjølv velje å setje fokus på dei rette tinga, velje å bringe vidare gode verdiar til neste generasjon, motivere og gje sjølvtillit til borna og renske ut all redsel og fordommar for det ukjente. 

Og det er dette me bør fokusere på.
Og det er dette som avgjer Noregs fremtid.
Ikkje eit utenlandsk flagg i eit 17.mai tog.

torsdag 16. mai 2013

When I need you

But when I need you
You're almost here
And I know that's 
Not enough
And when I'm with you
I'm close to tears
'Cause you're only almost here

fredag 5. april 2013

Det oooordner seeeeg

Av ein eller annan grunn har eg, når det kjem til praktiske ting, blitt ein "det ordnar seg" person. På alle andre stadar i livet er eg det stikk motsatt. Tenker katastrofe og "DET ORDNAR SEG IKKJE" på det meste, men akkurat med sånne ting som plutselig har dukka opp no når eg bur for meg sjølv, så gjeld det ikkje. Det er kanskje at eg ikkje slappar av andre stadar, så eg tar all avslappinga på dette punktet. Men det skapar problem og uforutsette kostnadar.

Dette gjeld for eksempel rekningar. Eg sleng dei i haugen og tenkar: "Jada, det ordnar seg", heilt til eg får ein purring og eg tenkar: "Kva, ordnar det seg ikkje?". Eg hyv den i same bunken og tenkjer: "Det ordnar seg", heilt til inkassovarselet kjem og eg innser at eg må betale 200 kroner meir grunna latskap og "det ordnar seg" tenkinga mi.

Dette gjeld parkeringsplassar. Det er ein halvtime igjen av betalingstida, men eg tenker "Det ordnar seg" og betaler ikkje på automaten. Heilt til eg kjem tilbake og det ligg ein jævla gul lapp på ruta. Eg hyv den i rekningbunken og tenker "Det ordnar seeeg". Og så... (ja, du skjønar regla).

Dette gjeld avlysning av timar som ikkje passar. Psykologtime (jævla dyrt), tannlege time (jævla dyrt), møte om ny jobb (kunne fått peng). Eg får innkallinga og tenker: "Den timen passar ikkje, men det ordnaaaar seeeg". Heilt til eg får rekning, hyv den i rekningbunken, og ja. Du skjønar regla.

KVA SKJER MED MEG LIKSOM?
KOR MYKJE PENGAR BRUKER EG PÅ DENNE DRITT-TANKEN?
TONE - DET ORDNAR SEG IKKJE!
DU MÅ GJERE DET SJØLV!
DET ER INGEN SOM GJER DET FOR DEG.
DU BUR ÅLEINE.
DU BUR ÅLEINE NO

tirsdag 26. mars 2013

Du får ikkje leve lenger

Eg fann eit dikt eg skreiv då eg var rundt 18-19 år. Eg har omformulert meg litt og endra det til nynorsk. (offcourse). Hadde tydeligvis ei bokmål-periode i diktinga mi.
Diktet kjem iallefall frå ei tid då den harde verkelegheita var så hard som den kunne vera. Då urettferdigheita råda og håpet svann.

Du får ikkje leve lenger

Du har fått nok
solnedgongar.
Har nokon bestemt.
Sjølv om du synst
kvar einaste ein er forskjellig

Du har fått nok
kjæreleik.
Har nokon bestemt.

Sjølv om du treng det sårt.

Du har fått nok 
tid.
Har nokon bestemt.
Sjølv om tida renn ut
Sjølv om den ikkje strekk til


Du har fått ditt liv
og det endar her
Sjølv om det einaste
du ynskjer er
livet

Dommen er satt
Valet er ikkje ditt

Du får ikkje leve lenger

TM 2008

mandag 18. mars 2013

Deg

Eg vil berre ligge her
Ligge her,
til eg ser deg igjen

Eg vil berre sitte her,
Sitte her,
til du kjem inn døra

Eg vil berre draume,
draume om deg,
til eg er med deg igjen

Eg vil berre vente
Vente her
Vente på deg

fredag 8. mars 2013

Kjære farfar

Du har vore gamal så lenge eg har kjent deg, du var 70 år då eg vart fødd. Likevel så var du aldri gamal til sinns eller kropp. Du sykla til butikken, hadde moderne meiningar og ynskja deg mobiltelefon. Du var alltid opptatt med eit eller anna prosjekt. Du var ein liten Petter Smart, som såg oppfinningar overalt.

Huset ditt var alltid opent for oss som ville kome på besøk. Uansett om me kom frå alta, oslo eller nabohuset. Me var alltid velkommen, uansett om me berre ville ha sjokolade og brus eller fordi me trong overnatting. Du kom i alle bursdagsbesøk og innleda diskusjonar med alle om alt. Din kunnskap kunne ingen slå. Men du var aldri den som hang i fortida. Du var ikkje den typen som meinte at "alt var betre før". Du var glad i utvikling. Glad i teknologi og du meinte verda utvikla seg til det betre. Du har aldri vore ein farfar som blanda seg bort i livet me har levd med inngrodde meiningar. Du har godtatt oss som me er og det me har gjort.

Kjære farfar.
Du skulle liksom alltid vera her. Du skulle ikkje forsvinna frå oss. Du skulle ikkje dø. Det er rart. Det er uvant og det er trist. Familien sin bauta har gått bort og me står igjen utan heilt å fatte det. For sjølv om du var heile 94 år, så skulle du no iallefall bli 100.

Kjære farfar
Du har rørt og gjort eit inntrykk på så mange. Nokre du berre nett har snakka med, eller heimesjukepleien eller gode, gamle kjente. For det var sånn du var. Du gjorde inntrykk. Du skjønte det aldri heilt sjølv og då eg lagde ei bok til deg med helsingar og godord frå vener og familie, så sa du: "Det kan no ikkje vera meg alle desse fine orda er retta mot". Kvar gong eg møtte deg etterpå så takka du meg for boka. Heilt til siste gong eg såg deg.


Men Kjære farfar
Det er eg som skal takke deg. For det fyrste: Takke deg for livet. For utan deg så ville eg faktisk ikkje vore her i dag. Og det e eg som skal takke deg for den flottaste tanto og dei flottaste onklane ein nåken gong kunne fått.  Fulle av godheit og omtenksomheit. Og da e eg som skal takka deg for verdens beste pappa. Ein pappa som alltid stiller opp og som alltid bryr seg. Da veit eg han har etter deg.


Me er utrulig stolte av deg. Alt du har gjort. Alt du har fått til. Alt du har bidratt med. Og ikkje minst:  måten du har takla livet på, uansett kor mange utfordringar du har fått. Du har ikkje sett vitsen av å dvela med fortida eller dei vanskelege tinga. 

Me lover at me skal ta deg, det du har gjort, og korleis du har vore med oss vidare i liva våre. At me skal føre engasjementet og godheita di vidare.
Og me vil aldri gløyma deg. Men me vil alltid sakna deg.


Kvil i fred, kjære farfar.



 







onsdag 20. februar 2013

tirsdag 5. februar 2013

Lukkeleg

Eg stoppa opp og prøvde å kjenne etter. Tok meg sjølv på leppene og kjente at eg smilte... Sjølv om eg var heilt åleine, sjølv om det ikkje var nokon å smile til. Så rart. Eg kunne ikkje hugse sist eg smilte sånn. Heilt tullette for meg sjølv med ei tullette kjensle som kom heilt innan ifrå. 

Det er måndag. Dagen som alltid har vore vekast mest ulukkelege dag. Den dagen eg garantert tenker negativt, føler meg bedriten og aldri, aldri er god nok. Måndagane, der eg vel å skru av vekkerklokka, sove vidare og lage mi eiga verd. I draumane.

Men, det er måndag. Den fyrste dagen i veka, akkurat slik dei andre måndagane har vore. Denne mandagen er likevel ikkje lik. Den kan likevel ikkje samanliknast.

For på fyrste gong på lenge er eg lukkeleg. Eg trur i alle fall det er den kjensla eg kjenner. Det høyres rart ut, men det er som om eg kjenner den for fyrste gong. .
Kjensla er så ufatteleg sterkt, så sterkt at eg ser det for meg. Eg ser lyset inni meg og eg kjenner det. Korleis det verkar på kroppen og kor sterkt det er. Kor mykje det strålar. Kor mykje det varmar. Eg kjenner at det lysar opp alle dei mørke krokane eg aldri trudde kunne vera anna enn mørke. Eg kjenner at heile meg blir varm. Rolig. Trygg.

Eg kjenner at eg er lukkeleg. Utan å vete kvifor.


mandag 28. januar 2013

Born

Eg er redd for å få born. Eg er redd for mi eiga forming av eit anna menneske. Eg er redd for å forme feil. Forme i heilt feil veg, utan at eg merkar det sjølv.

Før var eg redd for å få mislykka ungar. Ungar som ikkje blir akseptert av resten av verda og som endar opp som taparar i augene til andre. Men no, etter mi eiga prosess, er ikkje dette viktig lenger. I dag er eg redd for å få ulukkelege ungar. Ungar som ikkje ser verdien i seg sjølv og som mistar håpet. Utan at ein veit kvifor. Den redselen er mykje skumlare.

Å vera forelder, lærar eller barnehageansatt handlar ikkje berre om å bytte bleier, hjelpe til med lekser eller holde bornet mett og rein. Det er så mykje meir å tenkje på.  Det er ikkje berre å lære borna rett eller galt i teorien, fordi du heile tida påverkar borna med korleis du er, korleis du snakkar og kva slags verdiar du sprer rundt deg.

For å få lukkelege ungar, så må eg forme riktig og det er nettopp dette som er så skummelt og så fullt av ansvar at eg får klump i halsen berre eg tenkjer på det. For måten eg oppførar meg på og måten eg snakkar på, ikkje berre til dei, men til meg sjølv, formar desse borna. Dersom eg sjølv er misfornøgd med mitt eige utsjåande og person, så vil dette påverke borna og dei vil også tenkje slike tankar. Dersom eg bekymrar meg mykje og stressar med kva andre meinar, så vil dei òg bli stressa og bekymra.
Dersom eg ikkje pushar dei nok og gjev dei for mykje og ufortent ros, kan eg ende opp med  ungar som verken bryr seg eller gidd noko som helst. Eller dersom eg pushar for mykje, får eg ungar som sjølv meinar dei aldri er gode nok. Som alltid kunne gjort meir. Som alltid kunne vore betre. Men eigentlig har eg berre meint det godt, eg har berre villa det beste for dei, men eg har likevel feila.

Eg har så lyst å forme born til å bli sjølvsikre, men samtidig ydmyke. Til å vera snill med andre, men samtidig vite at deira eiga meining betyr noko. Eg vil forme borna slik at dei har sin eigen motivator inni seg, ein del av seg sjølv som dyttar dei fram og ikkje ned. Eg vil forme born som blir trygge, men som òg tørr å prøve det utrygge. Men viktigast av alt: Eg vil ha born som utviklar seg til å bli ein person dei sjølv er nøgd med og eg vil at dei skal vera lukkelege. Frie. Sikre.

Det kokar kanskje ned til at eg er redd for å få born som får det slik eg har hatt det dei siste åra. Men korleis forhindre det? Korleis forme borna mine til å bli ulik meg sjølv? Det verkar umogleg. Det verkar håplaust.

Men kanskje dette er den negative delen av meg som snakkar. Den delen eg ikkje må vise for borna.

onsdag 16. januar 2013

Eg: Ein boikottar

Eg e ein boikottar. Eg boikotter litt her og litt der og det gjeld litt av kvart. Det er alt frå å ikkje kjøpe paprika dyrka i okkupert jord av Israel, til å ikkje kjøpe "se og hør", til å ikkje kjøpe Q-melk, eller til å ikkje sjå "Sirkus Northug" på tven. Simply fordi eg ikkje likar eller støttar væremåten til nokon av desse tre.Og det er ein del eg ikkje støttar og det er ein del eg ikkje likar.

Du skjønner. Å vera boikottar er ikkje lett. Det kreve mykje viljestyrke. For av og til har eg litt lyst å nett berre sjekke Tone Damli Aaberge sin nye frisyre og sjekke ut den nye kjæresten til han derre kjekke prinsen i Sverige, som skal ha blitt avbilda med synlig appelsinhud på låra. Men eg kan ikkje. Eg veit eg ikkje kan. For dersom eg trykkar på dei lenkene, så går beskjeden vidare til avisane og nyhetsbyråa at det er dette eg bryr meg om. Nemlig overfladisk kjendisnytt, kropp og anna overfladisk tull. Det er heller ingen plass eg kan legge inn ein kommentar om at "eg berre nett skulle sjekke og at eg egentlig ikkje liker det altså. Syns faktisk de kan få færre sånne teite saker om teite ting." For uansett kva eg meine, så har eg klikka, og det klikket og alle andre sine klikk forandrar journalistikken og det forandrar fokuset vårt. Det verste for ein boikottar er når ein, ved ein feil, kjem borti klikkeknappen og kjem innpå ei side som ein eigentlig boikottar. DÅ skulle det iallefall ha vore ein plass der ein kunne lagt inn ein beskjed. "Eg klikka feil. Ikkje rekn med klikket mitt. (Ta heller eit ekstra på Syria-saken)"

Folk klagar over at fokuset til media er feil. At elendigheita i verda ikkje kjem fram. Men likevel så klikkar folk i veg på unødvendige ting og skjøner ikkje makta dei har som forbrukar. Dei klikkar på Tone Damli, og Petter Northug og på "sex-tips", som skal revolusjonera sexlivet deira. Det hjelper ikkje å sei at ein synst det er teit, fordi du har klikka og då liker du det, då vil du sjå det. Då støttar du det. Folk klikkar mest på sånne unødvendige ting faktisk. Mykje meir enn på dei nødvendige og saklege tinga. Korleis eg veit det? Jo, fordi desse tullesakene berre aukar og aukar. Dei tar heilt over, fordi aviser og nyhetsbyrå alltid gjev folket det dei vil ha. Det folket vil lese om.

Samtidig som eg er ein boikottar, så er eg ein masseklikkar òg. Eg klikkar på alle saker som har med Midtausten å gjere og alle saker som har med elendigheit å gjere, sjølv om dei står med lita skrift og sjølv om ei halvnaken Rihanna blinker ved sida av. Eg les elendiheitsakene skikkelig òg altså. Går heilt ned på sida, sånn i tilfelle avisene kan finne ut om du berre klikkar for å klikke og ikkje klikkar for å lese heile artikkelen. Ein veit jo aldri kva dei kan finne ut av.
Men å lese om all denne elendigheita, absolutt all elendigheit eg finn over heile nettet, kan sette ein dempar på humøret. Elendigheita får meg til å føle meg hjelpelaus, sint og lei og kjensla av å berre ville gje opp, sette seg ned og slå på "God kveld Norge" i staden for pressar seg på. Men eg kan ikkje. Eg kan rettt og slett ikkje.

For eg e ein boikottar, og ein boikottar må boikotte.

torsdag 10. januar 2013

Før eg dør

Eg har snudd døgnet. Eg snur eigentleg alltid døgnet. Må vera sinnsjukt trøtt om kvelden for å ikkje snu det. Da e så jævla rart. Eg kan sovna kortid som helst på dagen, og då meine eg kortid som helst, men når eg legg meg i senga om natta så er det som om kroppen nekte å gjere det den skal gjera. Det alle andre gjer: Sove. Då kjem alle tankane og bekymringane. Dei heldt meg vaken.

I natt har eg prøvd å sjå positivt framover på ein måte og bestemte meg for å skrive ei "Må gjere før eg dør -liste". Eigentlig veldig patetisk og eg har brukt over ein time på dei tinga eg har vrabla ned sålangt. Det var vanskeligare enn eg trudde. Å la seg sjølv draume, men samtidig ikkje skrive noko ein eigentleg ikkje meinar. Sånn "hoppe i fallskjerm" for eksempel. Eg trudde ein gong at eg verkeleg ville hoppe i fallskjerm, men etter å ha sett videoen frå systra mi sitt hopp i Sør-Afrika, så passer den tingen betre på "Eg skal aldri gjere før eg dør" lista.

Det er ikkje så enkelt. Å vete kva ein vil. Kanskje ein vil ting berre fordi andre vil det. Eller fordi du trur det er det folk forvente av deg. Eg slit med å skilje mine eigne ynskjer frå desse andre ynskja. Det er ikkje tydelige lister oppe i hovudet mitt. Ynskjene og tankane berre svirrar rundt der oppe utan mål og meining og utan ein merkelapp på seg, som visar om eg skal bry meg om dei eller ikkje. Eg klarar det betre no, å skilje tankane, men det er likevel vanskelig og uvant å tenkje på sine eigne tankar. Ignorere dei og ikkje tru på dei. Det er uvant. For eg har alltid trudd på dei før.

Uansett. Eg har skrive ei liste, som eg meinar. Som eg verkeleg meinar. Eg sitt her og smiler for meg sjølv, fordi denne lista lyser av håp. Den er full av små og store ynskjer for livet. Livet mitt. 


Lære å snakke arabisk flytande
Reise tilbake til Sør-Afrika

  Reise på bilferie til Lofoten
Få born
 Pusse opp farfar sitt hus
Prøve å starte opp ei kultur-kro 
Jobbe (frivillig?) på asylmottak
 Bu i Midtausten (første prioritet: Palestina)
 Gje ut ei bok/diktsamling
Kysse ein arabar