tirsdag 22. juli 2014

Ein tvilande ateist

Det må finnast ein gud
Sjå steinane som passar saman
som formar seg av sola
som blir til kunst
med ørkenen som museum

Det kan ikkje finnast ein gud
Sjå munnen hennar
som ein gong smilte
som no er full av blod
Hennar uskuldige auge
såg blod for siste gong

Det må finnast ein gud
Sjå stjernene
som gjer himmelen om til eit maleri
Ein blir svimmel av å sjå
men klarar ikkje slutte
Klarar ikkje sjå ned

Det kan ikkje finnast ein gud
Sjå handa hennar
som strekker seg mot bornet sitt
Sjå tårene på kinnet
som blandar seg med blod

Det må finnast ein gud
Sjå mauren, med fargar på ryggen
som saman med dei andre
beveger seg i eit mønster
i same rytme
mot same mål

Det kan ikkje finnast ein gud
Sjå mannen,
som målretta
kjenslelaust
løftar våpenet og skyt

Det kan ikkje ha skapt seg sjølv
Så perfekt, så feilfritt

Ein gud kan ikkje ha skapt dette
Så grusomt, så feil


Tone Mjelde 
20.07.2014


Ørken utanfor Betlehem

onsdag 9. juli 2014

Smellet

Eit fly flyg over himmelen, eg høyrer berre lyden, men veit det er der oppe ein stad. Utanfor vindauga mitt leikar tre jenter, mens dei plukkar rips frå trea i hagen. Sola varmar på kroppane deira og får det lyse håret deira til å bli endå lysare.

Eg høyrer eit smell og kikkar ut vindauga i rein refleks, før eg kjem på den planlagde sprenginga ved vatnet. Borna som var utanfor er no på veg heim igjen til huset på den andre sida av elva. Hendene deira er fulle i rips og munnen er lyseraud av safta frå ripsa. Dei går saman i sumarvarmen.

Eit fly flyg over himmelen, ho høyrer berre lyden, men veit det er der oppe ein stad. Utanfor vindauga hennar leikar borna hennar med steinar på bakken. Steinar som ein gong var nabohuset. Sola varmar kroppane deira og gjer den mørke huda deira endå mørkare. 

Ho høyrde aldri smellet før ho døydde, rakk aldri å sjå ut vindauga etter borna sine. Dei leika ved husveggen, men no ligg dei nokre meter frå mora si, med henda fulle av stein. Munnen deira er mørkeraud av blodet sitt som er det einaste som bevegar seg i kroppane deira. Dei ligg saman i sumarvarmen.



Tone Mjelde 09.07.2014