torsdag 29. september 2011

Dagen derpå kjensle

Eg er litt lei den perfekte internettverda me lever i. Alt er perfekt og alle er perfekte. Eg tenkjer at eg ikkje gjer slik. At eg ikkje skriv perfekte statusoppdateringer på facebook, men så ser eg tilbake og treng ikkje leite lenge før eg skjøner at alt eg skriv om er kor fantastisk flink eg er og kor perfekt eg har det. Gubba kor glad eg er heile tida, utad. Derfor så kjem det herved eit knall ærlig innlegg om den uperfekte og usikre Tone, bak kiwismilet og dei perfekte statusoppdateringane.

Eg har i to-tre år slitt med ein sånn dagen derpå kjensle. Ikkje sånn dagen etter alkoholinntak greier, men sånn dagen etter noko stort har skjedd. Eller noko gøy har skjedd, eller noko eg har planlagt lenge har skjedd. Det er for eksempel etter den siste teaterforestillinga, eller fotballfesten, eller innflyttingsfesten, eller OPNINGSDAGEN i Haus, eller turen te Kroatia. Desse gøye tinga skjer jo heile tida.
Denne dagen derpå kjensla e heilt forferdelig. Eg dett ned i eit deprisjons hål utan motivasjon og utan meining med livet. Kva no liksom? Denne følelsen varer så innihamla lenge også. Dagane etter siste teaterframsyning, (teater+kaidansen), låg eg i senga i tre dager i strekk. Såg ingen grunn til å stå opp, sjølv om verda er fantastisk og eg egentlig ikkje har noko å klage over. Slik er det alltid. Eg har for eksempel nettopp komen heim frå Kroatia. Gubba noa så flott eg følte meg der, vell vitande at bikinisida ikkje er mi beste side, så følte eg meg flott! Eg slappa av, eg drakk opp mojito blandinga i baren og nytte livet. Så kjem eg heim og dagen etterpå ser eg meg i speilet. Føler meg forferdelig. Føler meg teit. Føler meg heilt ubrukelig, hjelpelaus, dårlig og som om det ikkje er noko som kan få meg motivert igjen. Slik er det alltid. Dei tre neste dagane må eg berre innsjå at her blir det ikkje mange efferktive dager, gjerne litt grining om kvelden for meg sjølv og ikkje minst mykje usunn mat. Etter dei tre dagane så byrjer ting å kome seg. Eg står opp når eg skal (sånn nesten iallefall), klarar å opne ei bok, og prøver (berre prøver) å kutte ned på den usunne etinga. Så byrjar eg å planlegge neste ting, er utrulig effektiv og føler meg fantastisk. Det gøye skjer og så er det påan igjen. Det er vanskelig å forklare kor ekstrem denne kjensla er og kor langt nede eg føle meg. Kjensla kan egentlig ikkje forklarast.

Når eg tenkjer meg om så er det alt dette gøye sin skuld. Alt dette gøye som eg ser fram til, som eg planlegger og som eg aldri kan få igjen. Det blir berre ein opningsdag i Haus og den same Kroatia turen eller teaterframsyninga får eg aldri igjen. Kanskje det er det som plager meg. Kanskje eg burde slutte å vera med på alt dette gøye. Viss ikkje må eg sikkert ha ei fast sjukemeldingsveke (iallefall tre dagar) i månaden når eg byrjar i fast jobb. Jaja. Det er heldigvis lenge til.

Kanskje det kjem seg og eg finn ei løysning på det.
Eller så er det berre slik livet er, uperfekt og full av kontrastar. Langt vekke frå det perfekte facebooklivet me alle ynskjer me eigentlig hadde.





Livet er som en golfball - en lang rekke harde slag til man havner i et hull i jorden.

mandag 26. september 2011

Du og smilet

Ditt smil
Det varmer
Det når heilt inn til hjarterota
Det er varmt, men samtidig
utfordrande, tullete

Smilet ditt
Det gjer meg mo
Mo i knedna
Mo i kroppen
Eg klarar ikkje
stå i ro

Smila dine
blender meg
Gjer meg lamma og forundra
Du gjer det med meg

Ditt smil til meg
Det kan ikkje forklarast
Kan ikkje smilast vidare

Det er smilet ditt
til meg

<3

Copyright
Tone Mjelde