torsdag 10. januar 2013

Før eg dør

Eg har snudd døgnet. Eg snur eigentleg alltid døgnet. Må vera sinnsjukt trøtt om kvelden for å ikkje snu det. Da e så jævla rart. Eg kan sovna kortid som helst på dagen, og då meine eg kortid som helst, men når eg legg meg i senga om natta så er det som om kroppen nekte å gjere det den skal gjera. Det alle andre gjer: Sove. Då kjem alle tankane og bekymringane. Dei heldt meg vaken.

I natt har eg prøvd å sjå positivt framover på ein måte og bestemte meg for å skrive ei "Må gjere før eg dør -liste". Eigentlig veldig patetisk og eg har brukt over ein time på dei tinga eg har vrabla ned sålangt. Det var vanskeligare enn eg trudde. Å la seg sjølv draume, men samtidig ikkje skrive noko ein eigentleg ikkje meinar. Sånn "hoppe i fallskjerm" for eksempel. Eg trudde ein gong at eg verkeleg ville hoppe i fallskjerm, men etter å ha sett videoen frå systra mi sitt hopp i Sør-Afrika, så passer den tingen betre på "Eg skal aldri gjere før eg dør" lista.

Det er ikkje så enkelt. Å vete kva ein vil. Kanskje ein vil ting berre fordi andre vil det. Eller fordi du trur det er det folk forvente av deg. Eg slit med å skilje mine eigne ynskjer frå desse andre ynskja. Det er ikkje tydelige lister oppe i hovudet mitt. Ynskjene og tankane berre svirrar rundt der oppe utan mål og meining og utan ein merkelapp på seg, som visar om eg skal bry meg om dei eller ikkje. Eg klarar det betre no, å skilje tankane, men det er likevel vanskelig og uvant å tenkje på sine eigne tankar. Ignorere dei og ikkje tru på dei. Det er uvant. For eg har alltid trudd på dei før.

Uansett. Eg har skrive ei liste, som eg meinar. Som eg verkeleg meinar. Eg sitt her og smiler for meg sjølv, fordi denne lista lyser av håp. Den er full av små og store ynskjer for livet. Livet mitt. 


Lære å snakke arabisk flytande
Reise tilbake til Sør-Afrika

  Reise på bilferie til Lofoten
Få born
 Pusse opp farfar sitt hus
Prøve å starte opp ei kultur-kro 
Jobbe (frivillig?) på asylmottak
 Bu i Midtausten (første prioritet: Palestina)
 Gje ut ei bok/diktsamling
Kysse ein arabar




2 kommentarer:

  1. Du har så rett i at det er vanskeleg å skilje eigne verkelege draumar og dei som er der fordi andre drøymer det for deg, på ein måte. Eg har ofte gått i den fella at det dei eg ser opp til gjer, skal eg også gjere. Men eg har etterkvart skjøna at eg må finne mi eiga greie. Det ser ut til at du har funne di greie på lista di, og det er fint å sjå :)

    SvarSlett
  2. Takk :) Det rare er at eg har styrt på, utan å tenkt over at det ikkje er eg som vil det eg styrar på med. Veldig rart å sjå alt klarare no :) Me må finne vår eiga greie, rett og slett!

    SvarSlett