fredag 5. juli 2013

Kroppen

Alle fargane rundt ho
forsvinn.
All varme frå sola
flyg vekk med vinden

Hjerteslaga,
som før kjentes så sterke,
så raske, så varme.
No kan ho ikkje lenger kjenne dei.

Smila hennar,
som før berre kom,
som berre dukka opp på munnen.
Dei kjem sjeldnare no.
Dei må tvingast fram.

Tårene,
som før var gledestårer.
Dei svir. Dei er fulle av salt.

Kroppen kjennes tom.
Den kjennes forlatt.
Reist ifrå. Avvist.

Og sjølv om hjarta nektar å høyre,
sjølv om hjarta framleis vil slå,
forteller hjernen:

Kroppen har rett.


1 kommentar:

  1. Du skriv so fint, og da du skriv er slik mangen har da, men tørr ikkje seia da. Du tørr, Tone. Tusen Takk !

    SvarSlett