søndag 23. september 2012

På ein kveld som denne

Himmelen er full av stjerner i kveld. Det føles som ein evighet sidan eg sist såg dei der oppe, på himmelen over Mjeldalen. Dei har nok vore der, men i kveld er dei så tydelige. Så fulle av meining. Så fulle av minner. Så utrulig flotte, der oppe.

På ein kveld som denne, med stjernehimmel og måneskinn i Mjeldalsvatnet, flyg tankane avgårde. Dei flyg tilbake til kvelden eg og ein nabogut låg i snøen og såg opp, på akkurat dei same stjernene. Eg hugsa han spurde meg om det fanns noko meir der ute. Som om eg visste. Som om eg hadde svar. Eg hugsa eg vart svimmel av alle tankane og på alle svara eg ikkje hadde.
Det var likevel fint, at han trudde eg hadde dei.

Tankane flyg tilbake til ørkenen i Jordan, då me låg i den raude sanden under stjernehimmelen og venta på eit stjerneskudd, som aldri kom. Tenk. At eg ser på dei same stjernene, akkurat no. Tenk at dei same stjernene viser seg i Jordan, akkurat no. Alt er så stort. Så uverkeleg.

På ein kveld som denne er kjenslene så utrulig sterke. Ein kveldstur er ikkje lenger berre ein kveldstur. Det blir ein tur i historia. Ein tur der livet og minnene du sålangt har opparbeida deg flyg forbi deg. Nokre minner sterkare enn andre. Nokre vondare enn andre. Nokre du kunne vore forutan, men som likevel har båre deg fram til denne kvelden, til denne kveldsturen.

Tårene renn ned på kinna mine, men det er ikkje av tristhet. Ikkje fordi eg er lei meg, eller skulle ynskja eg var ein annan plass.

Dei berre kjem, saman med minnene.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar