torsdag 6. september 2012

Ingenting?

Eg føler folk ser på meg med andre auge... Eg merker det overalt, og eg liker det. Det er heilt fint. For dei ser meg. Den verkelege meg. Det kan hende eg berre innbiller meg det. Kanskje fordi eg reknar med at folk veit det, har lest det, og at eg ikkje treng late som. Som om eg e perfekt. At eg ikkje treng vera andre enn meg sjølv. Tone Mjelde, med sjølvmordstankar i bagasjen... Som mange andre.
Dette "sjølvmord-hysteriet" heldt på å roe seg og kvardagen innhente meg. Det er fint, for eg vil at kvardagen skal innhente meg. Det er ikkje det at eg vil at sjølvmord-snakk skal gå over. Eg håper det aldri går over. Det er berre hysteriet liksom. Me treng ikkje hysteri. Eg treng ikkje hysteri.
Eg kjenner at eg snart er over det. Over faktumet at heile vestlandet veit om mine dystraste tankar. At folk i Oslo har lest artikkelen min. At nokon faktisk har oversatt den til engelsk på internett. Det tar litt tid, men eg er snart over det. Eg kjenner eg byrjer å tenkje på andre ting. På verda der ute liksom, og på deira problem. Sakte, men sikkert.
Det er liksom sånn at for å klare å sjå verdensproblema (dei verkelege verdensproblema) og for å kanskje kunne gjere noko med dei, så treng eg å ha kome over "sjølvmordtida mi", sjølvfokuseringa mi og mine eigne verdensproblem. Eg er snart det. Trur eg. Håpar eg. Det er ikkje at problema mine er så små, dei er meir enn nok. Dei vart nesten alt for mykje. Men eg må kome over dei. Eller gjere dei mindre.
Eg vil ikkje bruke meir energi på å tenke på unødvendige ting, som berre dreg meg ned og tære meg opp. Eg ynskjer å kunne fokusere på alle og alt det eg vil fokusere på. Massakrene i Syria, Palestinakonflikten, barneteateret i Mjeldalen, vaffelrøremangelen i Hausvik-kiosken. Sånne ting.

Men akkurat no er eg litt oppe i hovudet mitt igjen. Litt sånn at eg berre kan sitte å sjå ut vindauga og tenke. Eller berre sjå i ein vegg, og tenke. På meg sjølv, og littegrann på resten av verda, utan å gjere noko som helst. Utan å kome fram til noko etter å ha tenkt og tenkt.

Kanskje eg berre er ein tenkar. Og ein skrivar.

Og kva blir ein då liksom? Når ein blir stor altså...

Ingenting?


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar