fredag 7. september 2012

Good morning... sunshine?

Når eg legg meg om kveldane, eller rett før eg sovnar, så er eg full av optimisme. Morgondagen verkar så flott liksom. Eg gledar meg til å starte den. Klarar nesten ikkje sove, fordi eg tenkjer på alt eg skal gjere. Kven eg skal møte. Kven eg skal snakke med. Morgondagen kjennes som fyrste dagen av resten av livet. Eit fantastisk liv.
Men så vaknar eg, på denne morgondagen, og alt er svart liksom. Det eg tenkte kvelden før er vekke og umulig å finne fram. Dagen verkar lang, utan noko å glede seg til. Alt for mange å møte, alt for mange å imponere. Den e skremmande, og det er mykje betre å berre sove seg gjennom den. Trygt og godt under dyna.

Kanskje eg treng nokon atmed meg i senga, som minnar meg på det eg tenkte kvelden før. (Ikkje at det er plass i 90senga eg søv i for augenblinken, men du skjønnar). Kanskje eg treng ein motivator om morningen. Ein som ikkje lar meg slå av vekkerklokka dersom eg ikkje står opp. Ein som kan fortelje meg det eg sjølv tenkar i vaken tilstand, men som eg gløymer i halvsøvne om morgonen. Ein som fortel meg om planane mine .  Som minnar meg på den fantastiske framtida. Vår fantastiske framtid.

Eller kanskje eg berre treng ein hund. Som faktisk får plass i 90 senga mi.

Ja, det er det eg gjer. Eg treng ein hund faktisk!


ntååååå....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar