Eg las gjennom bloggen min frå Sør Afrika og her kjem eit av innlegga og nokre bilete frå den 2,5 mnd lange turen, der eg jobba frivillig i ein barnehage i slummen.
Nolitas creche
Nolitas creche er ein barnehage, der eg og Torill jobber. Nolita er barnehagetanta der og det er 28 registrerte born i barnehagen frå 2 til 5 år. Vanligvis pleier det å vera mellom 13 til 16 ungar. Vel, berre og berre. Det er meir enn nok.

I dag kom me til barnehagen. Det var ca 20 ungar der og ingen barnehagetante. Det endte opp med at eg og Torill var åleine med ungane heilt til 11.30. Då hadde ingen fått frukost og me hadde ingen aning kor barnehagetanta var og om ho i det heile tatt kom til å komme. Dottera hennar kom kl.11.30 og fortalde at me kunne ta lunsj, mens ho passa ungane. Dottera er max 12 år... Då me kom tilbake frå lunsj var Nolita framleis vekke. Kl.13.30 kom ho endelig... Nevnte et at ungane ikkje skjønne eit einaste ord engelsk? Og ikkje har noko respekt for oss sidan me ikkje slår? Det var kaotiske tilstandar.


Alle ungane skrik etter oppmerksemd. Nokre slår for å få deg til å sjå på dei, andre berre heldt seg rundt deg heile tida og vil ikkje forlate deg. Kjensla av ein liten gutt som klenge seg inntil deg i armane dine, som han ikkje har nokon andre å stole på og at han aldri vil sleppe deg, er heilt ubeskrivelig. Iallefall når ein veit at desse ungane kjem til å sitte utanfor eit kjøpesenter og tigge i framtida. Eller kanskje mykje værre. Dei er berre born. Dei fortener så utrulig mykje meir. Dei fortener det livet og dei mulighetane me har i Noreg.

Alt er så utrulig annleis her. Både på godt og vondt. Men akkurat dette er vondt.
Rørande histore.!
SvarSlettDa er folk i Norge som også har det vondt, men samanlikna med verda ellers so er vi nordmenn heldige. Vi har lite å klaga over. Du Tone er ein flott person, som gjer ein kjempe god jobb der du til einkvar tid befinner deg. !
Takk, Tone <3
SvarSlett