onsdag 22. august 2012

Oh my good!

Herrejemen for nokre døgn!
Etter "Dønn-fuckings-lukkeleg" kronikken min kom på trykk i Bygdanytt har alt vorte snudd på hovudet. Dobbeltlivet eg har levd i alle år har vorte avslørt. Av meg sjølv. Perfekte Tone har vorte uperfekte Tone. Og herregud så deilig det er!
Det føltes som lange dagar frå eg bestemte meg å sende artikkelen, til den vart publisert, og all slags tankar dukka opp. Kanskje ingen kom til å sjå meg i augene igjen. Og herregud. Eg sku på jobb dagen etter. På styremøte same kveld. Kva kom folk til å sei? Kom dei til å sei noko i det heile? Eg sov ingenting natt til fredag.

Første meldingen kom 06.53 og etter det har det nesten ikkje vore stille på mobilen og på facebook. Responsen har vore enorm. Og enormt positiv. Eg hadde aldri i min villaste fantasi sett for meg kor stort dette kom til å bli. At reaksjonane skulle vera så sterke og mange. Alt frå klemmer på butikken, fine ord på facebook, til telefon frå TV2! 
Eg har vore langt oppe. Så uendelig langt oppe. Eg har grene gledestårer i dusjen fordi eg er så uendelig glad at eg ikkje har det slik no. At eg ikkje tenker på sjølvmord. At å hoppe frå ei bru verkar heilt, heilt meiningslaust. Men samtidig så veit eg korleis dei tankane er, og kor utrulig aleine og mislykka ein føle seg. Som om alt anna enn å leve er det beste. For deg sjølv, og for alle andre. Eg veit kor langt ned eg kan kome, viss eg ikkje heile tida jobber med meg sjølv og tankane mine. Og samtidig så veit eg at nokon der ute, kanskje ikkje langt vekke frå meg, kjenner på desse tankane akkurat no. At dei føler at verda ikkje bryr seg. At ingen andre har det som deg.

Grunnen til eg sendte denne kronikken var for å prøve å bryte et dårlig mønster som eg meinar samfunnet vårt er på veg inn i. Ikkje berre på facebook (men det er der du ser det tydelig). Eg ville vise at det ligg meir bak Perfekte-Tone. At eg har nedturar, som alle andre. At me alle har nedturar. At det er normalt. Og at me må snakke om det. At alt blir betre då. Du får det betre, og samfunnet blir betre.

Så kjære deg. Kjære uperfekte deg. Vær deg sjølv. Vær deg. For du er god nok!

 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar