fredag 10. august 2012

Fridom

Slår til med eit dikt eg skreiv til bygdanytt då "homo-debatten" pågjekk for fullt i lokalavisa.


- Fridom -

Dei andre sitt blikk
Blikket dømmer
Korleis får eg dei til å forstå?
Nei, eg rømmer!

Hjarta seier meg:
Snu, fortel dei og lev!
Men blikka deira er der,
redsel dei meg gjev

Dei andre,
dei har mange grunnar.
Dei ramsar dei opp
frå sine hatfulle munnar.

Min fridom
betyr ikkje mykje.
Eg bør gjere som dei fleste,
gløyme mi lykke.

Men så høyrer eg nokon
som kviskrar meg i øyra;
"Kva har du gjort gale?
La meg få høyra".

Eg snur, vender heim.
Eg fortel. Eg lever.

Så kjem blikket.
Og eg mitt hovud hever.


Copyright Tone Mjelde

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar