torsdag 3. mai 2012

Kvil i fred!

Enda ein begravelse. Enda fleire tårer. Endå fleire triste ansikter. Enda ein tale frå presten, der han sjølv seier at dette er meiningslaust. At det ikkje er til å forstå.

Det er faktisk ikkje til å forstå. Det er faktisk heilt utan meining.

Eg stod ikkje Wenke nærmast, men likevel har Wenke rørt meg på ein spesiell måte, slik ho heilt sikkert har gjort med mange andre. Det er for seint å sei desse orda til Wenke, men eg håper av heile meg at ho likevel veit det, at eg har vore god nok til å visa det.
Wenke Rolland var eit fantastisk menneske og forbilde. Eg såg aldri på Wenke som sjuk. Ho var Wenke: Full av liv, spontanitet, omtanke, varme og ein ufattelig livsglede. Wenke var ein sånn person som fekk deg til å føla deg bra og velkommen. Ho hadde omtanke for alle og ville hjelpe alle, sjølv om det kanskje var ho som trong klemmen og hjelpa mest. Ho sparte ikkje på kompliment og gav alle ein oppmuntring når ho såg dei trong det. Eg vil aldri gløyme ein sms eg fekk av ho, akkurat då eg trong den mest. Ho såg det, ho forstod, ho brydde seg og ho gjorde alt betre. Det var Wenke.

Eg skulle så inderlig ønska at Wenke kunne fått bli gammal og grå. At Wenke kunne fått fortsette å gjera verda betre, på sin fantastiske måte. At Wenke sjølv kunne innsett kor fantastisk ho var. At Wenke kunne fått vera Wenke, endå meir. Iallefall berre litt til. For verda treng Wenke, så inderlig. Verda treng den spesielle gnisten og gleda ho hadde.

Men Wenke er borte. Ho er død, 36 og 1/2 år gamal. Wenke er ikkje lenger her på jorda. Det er ufattelig, men sant. Og sannheita svir. Sannheita får tårene til å kome. Ho er vekke og ho kjem aldri igjen. 

Sjølv om Wenke er vekke, så kjenner eg ho. Eg kjenner ho i hjarta mitt. Eg ser ho for meg. Ho smiler. Ho er med oss, saman med dei gode minnene. Fantastiske sceneaugenblikk, morsomme facebook-statuser og utallige festar. Ho ønsker oss alt godt og ho seier: "Stå på! Dette klare de! Fortsett, lev og ha det kjekt"

Og det skal me kjære Wenke. 

Eg skal leve meir enn nokon gong. Det lover eg! For du har vist meg korleis livet skal levast, og korleis sjukdom og elendighet skal taklast; Med eit smil, med mot, med positivitet. 
Mjeldalen Ungdomslag skal leva vidare med di ånd i huset. Vaksenteatergruppa skal gjera det på din måte: med humor, sjølvironi og ein heil haug med spelelyst og sceneglede! Dei speler for deg, fordi du fortener det.

Kvil i fred, kjære Wenke!







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar