onsdag 2. mai 2012

Å finne sin eigen sjuke meining med livet

Det er det som er målet i dette livet, er det ikkje? Å på ein eller annan måte finne ei meining eller ein grunn til å leve? Vell, eg leiter endå, men eg trur eg har leita feil. Eg trur eg har fokusert feil. Eg trur eg har tenkt feil, tenkt for mykje, tenkt for hardt. Istadenfor å leve og dermed funne meininga. Dermed funne ein grunn til å leve. For livet er jo ganske fint av og til, dersom ein ikkje fokuserer på at det kan gå gale når som helst. At døden e rett rundt hjørne liksom, og ventar på deg eller dine. Eller at du ikkje skal lykkast, bli ein tapar, ein som aldri utretter noko. Ein som ingen hugsar. At du dør aleine, utan nokon som er ekstra glad i deg, og berre deg. At du ikkje bringer dine verdiar og syn vidare til ein neste generasjon. At det sluttar med deg. At du blir ein skuffelse. Eit svart får i familien. Ein av dei som ingen tørr nevne i familiebesøket. Den personen liksom.
Dersom ein ikkje tenker på slike ting, og mange andre, så er livet ganske fint inni mellom. Ein må berre ikkje tenke.
Og så tenker eg, eg tenker alltid og no har eg tenkt noko smart, at kvifor skal ein absolutt bli noko spesielt? Når eg kjenner etter, så er det målet mitt. Å bli noko spesielt, noko ingen andre er, noko som alle hugsar, og snakkar om. Ikkje leve eit vanlig og kjedelig liv. Nei, det er for lite. Det må vera noko ekstraordinert. Kvifor det? Kvifor er eg så jævla spesiell? Det har eg også tenkt på. At eg må bli nøgd med tanken på eit normalt liv. At eg kjem til å leve som andre, normale og kjedelige folk resten av livet og at det er greit. At det er fint. At det er det som er livet. Eg må innsjå at alt eg veljer er greit. Alt er godt nok. Eg er god nok.

Då blir eg kanskje lykkelig. Kanskje.


1 kommentar:

  1. trur du nett har funne meiningen med livet, tone :P

    SvarSlett