torsdag 3. mai 2012

Det går bra

Når folk spør meg om det går bra, så får eg lyst å skrike. Skrike at nei, det går absolutt ikkje bra. Skrike at eg verkeleg har det forjævlig, sjølv om eg smilar. Eg får lyst å grine, sprutgrine til eg blir raud i ansiktet. Å hulke mens eg seier det slik det er. At det kjennes som om verda går under, at det kjennes som om eg snart dør, utan å ha fått til noko som helst. Utan eit levd liv. Eit skikkelig liv. Og at eg ikkje veit kvifor eg kjenner alt dette. At eg ikkje veit kvar eg skal gjere av meg, fordi eg ikkje veit kvifor. At eg gjerne skulle visst kvifor. Kvifor eg har det slik.
Eg seier det ikkje. Eg skrik ikkje. Hulkar ikkje heller. Eg smilar. Eg seier det går bra.
Nokre gongar, når det er  umogleg å smile, blir svaret: "heilt greitt". Folk stoppar opp.  Dei veit ikkje korleis dei skal reagere. Går det ikkje bra? Det blir stille. Ingen av oss veit kva meir ein skal seie. Kva som passar seg. Eg kjenner tårene kome. Det er best å bytte emnet. Vekk frå meg. Vekk frå mitt katastrofale og einsame liv. Muren kjem opp. Kanskje personen ikkje høyrde det. Det ser ikkje ut som om personen har bestemt seg for om han høyrde det eller ikkje.. Etter ei stund ristar eg berre på hovudet og seier at det går bra. Ler litt og smilar litt og spør spørsmålet tilbake, slik ein skal.

Og du svarar at du har det bra. Du smilar. Du ler. Du har det alltid bra.

 Ikkje eg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar