tirsdag 1. mars 2011

Depresjon og lavkarbo!

Så var denne dagen gått og eg sitt med ein kjensle av å ikkje ha gjort ein dritt, også i dag. (I tillegg brukar eg tid på å skrive eit innlegg, istadenfor å desperat lese pensum som eg burde lese for ein evighet sidan).
Egentlig burde eg vore supernøgd sidan eg faktisk fekk meg opp av senga i dag tidlig. Eller dei fleste vil ikkje kalle 8.30 tidlig eingong (dei har problem), men de ane ikkje kor mykje eg sleit med meg sjølv i dag tidlig. Eg høyres forferdelig lat ut, men eg er ikkje det. Eller jo. Kanskje eg er det, men eg vil ikkje vera det. Det er ikkje det at eg er trøytt som er problemet, å vera trøytt er litt godt egentlig. Det er psyken.
Eg skjønar ikkje på meg sjølv. Det er som om eg er to forskjellige personar, som skiftar mellom å vera overlykkelig til sjukleg deprimert. Om kvelden er, som oftast, livet bra og eg har store planar for morgondagen, veka, månaden, året og resten av livet. Ja, med unntak av angstliknande tankar om døden og "kva er meininga med livet" tårer, som eg reknar med dei fleste har i ny og ne (Iallefall eit par gongar i veka...Heilt normalt trur eg). Uansett! Når vekkerklokka ringer om morgonen ser eg ingen meining med livet, ingen grunn til å stå opp og drøymeverda verkar så ufattelig mykje betre enn verkelegheita. (Noko den som oftast også er). Motivasjonen er på bånn og sjølv om eg veit at dagen kan bli bra berre eg står opp, så vinn senga som oftast. Det hjelpe ikkje at eg satt ein laurdagskveld, søkte på "depresjon" på Google og fann ut at eg også er ein hypokondar (Burde forsåvidt skjønt det når eg spurte mamma om ho kunne kjenne på ein "kul" i brystet mitt for nokre veker sidan, og seinare på halsen etterfulgt av hudkreftundersøkning på ein føflekk.... Eg synst framleis det er ein kul på halsen forresten).

Dette valdsomme kjensleutbrotet ovenfor seier vel litt om korleis det går med slankinga: rævvaaaa dårlig! (for min del)
Carina er komen heim frå syden og jada jada. Der var ho vinnaren gitt! Ho har gått ned tilsaman 5,3 kg, mens eg har gått ned 2,6 kg. Ho har dermed vunnet kampen om å vera 5kg lettere. Då e me ferdig liksom..? Neida. Me har økt målet til 7 kg berre for å gjera meg endå meir mislykka, deprimert og desperat.

Ja, når me snakke om desperat: I dag satt eg under forelesning og kritiserte den populære lavkarbodietten ("kan ikkje skjønna at folk gidd liksom", "trur ikkje litt på at det virker")og endte opp med å gå heim og bestille ei bok som handlar om nettopp lavkarbo dietten og lavkarbo oppskrifter.

Eg e ein hyklar!

Blogglisten

2 kommentarer:

  1. Hurra!!! 2,6 kg er 100% mer enn ingenting og bare tenk på kor mye bedre enn om du hadde gått opp!! Og alle er vinnere i en slankekonkurranse vet du ;)

    SvarSlett