tirsdag 19. april 2011

Påsken - Jesus, jobb og alkohol

Eg vil starte innlegget mitt med å takke Jesus, eller rettare sagt dei som oppfant Jesus. Utan dykk hadde me ikkje hatt påske eller jul eller sånne fridagar. Eg vil takka staten som ikkje gjer det dei burde gjere, næmlig å skilje seg frå kyrkja, men som fortsetter å la oss ha desse helligdagane, som gjer ufattelig bra for kropp og sjel.

For meg har påsken "alltid" betydd jobb (med overtid) og eit stort alkoholinntak etter jobb. I år har eg måtte roa meg ned og berre kunne sett på påsken som ei slags langhelg, med sålangt lite jobbing og lite alkoholinntak, men med lesing og student tankar. (Student tankar er liksom sånn: "hjelp, eg ligg langt etter",  eller "hjelp eg har ei oppgåve som skal inn rett etter påsken" + + + ) Noko som er ei ny verd for meg. Eg og Carina satt faktisk, nermast heilt aleine (utanom ein nerd eller to), på HF biblioteket i nokre timar i går. Det er då ein innser at noko er hakkande gale. Det gjekk ikkje lenge før me gjekk på shopping istadenfor (med mamma si lommebok<3).

Slankekrigen ja. Den går det jo så som så med. Eg har innsett at å belønne seg sjølv med gotteri og brus kvar dag ein står tidlig opp ikkje har dei beste helsekonsekvensene. På to veker har eg gått opp 0,5 kg og kan vel egentlig sei at eg har fortent det. Ikkje har eg trent heller... Korfor? Fordi det er forferdelig forferdelig forferdelig forferdelig KJEDELIG! (Carina seier at ho fortsatt ligg på det samme (altså minus 6,0 kg) men eg trur ho ikkje).

(No begynner eg igjen:)
HERRE JEMEN! EG ER SÅ UFFATTELIG LEI SLANKEMAS OG TRENINGSMAS! Er det berre meg, eller er det berre det folk snakkar om for tida? Eg har aldri opplevd ein så hysterisk befolkning nokon gong! Neida, eg seier ikkje at eg ikkje er like hysterisk, men eg ser det iallefall sjølv og prøver å kontrollere maset mitt i motsetning til alle andre. Uansett kvar ein er så er det eit jævlig mas. Facebook e full av slanke og treningsmas ("Sliten, men god i kroppen etter ein time spinn"), dersom ein er på fest så er det berre snakk om slanking og treningsmas ("Denne ølen er det ** kallorier i. Får sjå kor mange det er i din då"), og etter ei jobbehelg på Kiwien er nesten øyrene ødelagt etter alle unnskyldningar som kunder kjem med når dei kjøpe seg ein liten sjokolade eller to. "Huff. Eg burde ikkje kjøpt dette, men eg klarer ikkje å stå imot", "Det er ikkje til meg alt sammen altså", "Hjelpe meg. Så mykje snop på ein gang. Heldigvis er det spinning på mandag".
HERREGUD! . Eg bryr meg midt opp i ræve kor mange sjokolader du et. Det er helg. Ta deg ein sjokolade for faen! Da værsta e at du e tynn som ein fyrstikk og treng ein sjokolade eller to!
Kortid vart me så jævlig redd for å vera usunne og "uperfekte"? Kortid vart det store idealet å vera lik alle andre? Det ligg faktisk ikkje for alle å trene 4 ganger i veka. Nokon burde faktisk drive tida si med noko anna, som å redde verda og sånn.

Her er reklamar frå vekas (tragiske) Se og Hør (som eg egentlig boikotter, men avogtil les gratis på jobb):



 Det burde ikkje vore lov!


Faen heller! Ta deg ein sjokolade, nokre øl, og tenk heller på noko viktig i påsken! Og ikkje minst, som mine kollegaer på Kiwi ofte får høyre av meg: Ro deg heilt forbanna ned!

2 kommentarer:

  1. eg ligg på da samma faktisk!! for eg trøste meg ikkje med snop og burs...

    Men resten e eg enig i ;)

    SvarSlett
  2. HHmmm.. kanskje eg skal slutta med den belønningen? (eg trøste meg ikkje, da e snakk om belønning!!!)

    :)

    SvarSlett