søndag 13. februar 2011

Mind your own business!

Eg har aldri vore så flink til å snakke for meg eller reagere spontant med ein god kommentar i offentligheita. Nokre av deko ristar litt på hovudet no, men det er berre fordi eg kjenner dykk alt for godt og fordi eg slappar av og dermed blir flinkare te å kome med ein slengkommentar i ny og ned. (Og forresten bussjåførsituasjonen som nokre av dykk kjenner til, men då var eg full... så den tel ikkje). Men sånn ellers så blir det mumling og halveis smiling, sjølv om eg har lyst å drepe personen. (Eg støttar ikkje vald, men du skjønar). Tenk viss eg kunne utrykke meg like sjølvsikkert og bra muntlig, som eg klarar skriftleg? Då skulle de få gjennomgå, de som alltid skal blande dykk inn i andre sitt liv og vera ein pest og ein plage!

For å gje eit eksempel skulle eg på ein aldri så liten kinotur i dag. Eg kjøpte sjølvsagt popcorn og brus, noko som er obligatorisk kinosnop. Så der stod eg med hendene fulle av popcorn og brus saman med Silje (som var utan noko snop som helst. Greit. Ein liten sjokolade, men herregud liksom) og jaggu skulle ikkje det kome ei ekkel halvegs gamal dame forbi og fortelle meg at "det er mye kalorier i den der vettu", mens ho peika på popcornen min. Kva gjorde eg? Joda, eg smilte og lo litt nervøst, mens eg egentlig hadde lyst til å skrike:
KA I HELVETTE? EG HAR GÅTT NED 2,3 KILO FAKTISK, DI GAMLE HURPE! 

Kva skal denne kommentaren vera god for, kjære gamle dame? Fekk du det betre med deg sjølv eller trur du livet mitt vart så utrulig mykje betre etter den kommentaren? Trur du at eg plutselig vakna og såg ned på popcornet mitt og plutselig skjønte at: "Hey! Da e kaloriar i popcorn!" ? 

GAD! 

Sånne ting som dette irritere vette av meg. No verker det som om eg er veldig fornærma og sånn, og det er eg forsåvidt også, men dette er altså meint sånn generelt sett. Kvifor har alle så ufattelige sterke meiningar om kva andre burde gjere og ikkje gjere? Eller for å sei det på ein annan måte, for eg har sterke meiningar om alle slags folk eg også, men eg prøver ikkje å påverke eller ytre min meining til den personen det gjeld (utanom denne gamle dama og eit fåtal av andre ... greit, kanskje ein god del andre). Eg trur det må enda eit eksempel til for å få fram det eg meiner:

Eg såg eit abort program eller rettare sagt eit antiabort program på tven ein kveld. (Faktisk ein laurdags kveld. FML) Det var ein dokumentar som viste alle antiabortorganisasjonane i USA. Eg trur det er rundt 600 abort klinikker i USA og samtidig 4000 hysteriske antiabortorganisasjonar. Ka skjer liksom? Desse demonstrantane eller ekstreme antiabort folka står blant anna altså utanfor ein abortklinikk frå 6 om morgonen til seint på kvelden for å stoppe dei som går inn og skal utføre ein abort. Dei stoppar dei med løgner og falske bilder berre for å overtale dei "aborttrengande" om at dei har rett. Og for all del. Kanskje dei har rett. Kanskje abort er ein forferdelig ting. Men kan ikkje dei leve med denne vissheita aleine og ikkje tru at dei har ein slags misjonerande rett til å prøve å få folk med seg på "si side", som sjølvsagt er den beste og rette sida. KVEN gav desse rett til å påtrenge si eiga tru på andre folk, berre fordi du trur at det er rett?  Ååh jada. Me veit alle svaret: Gud sjølvsagt.

For når Gud seier det, så er det jo sjølvsagt riktig!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar