torsdag 2. oktober 2014

Vekke frå deg

Er du klar over kor vanskelig det er å sovne når heile kroppen min lengtar.
Er på veg ut av senga, på veg på bussen.
Heim til deg.

Når hjarta bankar seg ut av brystet,
klarar ikkje banke roleg,
har gløymt kva kvilepuls er.

Korleis sovne når alle tankane eg ikkje har fortalt deg berre surrar i hovudet.
Når du ikkje er her og kan roe dei ned.

Er du klar over kor vanskeleg.
Faktisk heilt umogleg.
Det er å sovne.

Vekke frå deg

Tone Mjelde 30.10.14

søndag 28. september 2014

Unnskyld

Men eg elskar han
når han ser på meg
med sine knallblå auge

Som ser rett inn i sjela mi

Unnskyld,
men eg elskar
å ligge så nærmt han
at eg kjenner hjarta hans bankar

For meg

Unnskyld!
Eg veit ingen grunn er god nok for deg,
men du anar ikkje
kor lenge hjarta mitt har venta,
lengta.

Etter han

Alt eg kan sei er unnskyld

For at eg elskar hjarta hans,
smilet hans som smeltar kvar einaste del av meg.
Kroppen hans.
Kvart einaste ord som kjem ut mellom dei fyldige leppene hans.
Måten dei sug røyken ut av ein Malboro-sigarett.

Alt heilt perfekt

Unnskyld,
men eg klarar ikkje å la vera

Å elske han

tirsdag 26. august 2014

Kjærleik i solnedgang

Det sterkaste minne eg har frå sumarens tur til Palestina er frå ein beduinleir i ørkenen utanfor Betlehem då eg satt og såg på ei jente og far hennar. Dei hadde skimta kamelane sine kome traskande i det fjerne og far og dotter var på veg for å klargjere vasstankane. Midt i den fantastiske solnedgangen i ørkenen gjekk dei saman, hand i hand. Det er sjeldan eg har sett ein så sterk kjærleik, ikkje berre for kvarandre, men for jorda si.

Eg møtte mange menneske på Vestbreidda og vart nok ein gong minna på kva Israel sin okkupasjon gjer med palestinarane. Kor mykje den hindre dei i å leve liva sine, kor den audmjuke og diskriminere dei og kor den sakte men sikkert gjer ein Palestinsk stat umogleg. Rett etter eg kom heim frå Vestbreidda braut helvete laus i Gaza, noko som har resultert i 2034 drepne palestinarar, 1607 av desse sivile, 473 av desse born. På israelsk side har 67 personar blitt drepne, tre av desse sivile.

Etter eg kom heim har eg delt hundrevis av artiklar, jævlige bilete og intervju på facebook. Eg har diskutert med menneske og har prøvd å formulere meg utan å verka som ein palestina-aktivist som ikkje klarar å sjå den andre sida. Det er vanskeleg og eg har ofte heller vald å berre late som eg ikkje har ei meining. Eg har kjent meg hjelpelaus, trist, tom og åleine, fordi eg føler at det ikkje er vits. Mine ord forandrar ingenting. Og eg har vore sint, uendelig sint, på den handlingslamma verda og på meg sjølv.

Det er ikkje meg det er synd i. Det er ikkje eg som må oppleve dette kvar dag. Eg kan reise heim igjen, bestemme over mitt eige liv og ikkje vise ID kortet mitt fleire gongar for dagen fordi eg ser mistenkeleg ut. Eg treng ikkje stå i timeslange køar, fordi ein mur har blitt satt opp mellom arbeidsplassen og heimen min. Ikkje sjå barnet mitt bli reven i fillebitar av israelske bomber eller konstant frykte for livet mitt, innestengt av mur på alle kantar. Eg kan reise, elske og flytte kvar eg vil. Når eg, som har det så bra og som berre har vore i Palestina to gongar kan bli så sint, kor sint er palestinarane då? Når eg kjenner meg så håplaus, at ingenting hjelper, er det rart palestinarane kjenner seg enormt hjelpelause og blir desperate?  

Dei fleste gongane eg har lagt ting ut på Facebook har eg fått ingen eller liten respons. Det verkar som me (ikkje berre dei som lede landet vårt, men meg og deg) er uendelig redde for å ta eit standpunkt, vera engasjerte. Vera ho der som skrik på Facebook kvar einaste kveld. Det er meir akseptert å vera den som ikkje har peiling, som kjøper vesker til 3000 kroner og kunn hever stemma når ein katt blir dumpa i sjøen. Eg får hundre likes på eit bilete der eg nyter livet på Mallorca med ein drink i handa, men null på ein status der eg meiner bombinga av uskuldige born i Gaza må ta slutt. Det får meg til å tenke, får meg til å undre på kva samfunn me lever i.

Når eg spør palestinarane kva me i Noreg kan gjere svarar dei alltid at me kan bry oss og at me kan støtte. Ikkje vald, ikkje ekstremisme, men dei vanlege menneska som det finst flest av i Palestina. Palestinarane har sett landet sitt blitt tatt frå seg og dei kjemper med nebb og klør for det dei har igjen, som kvart einaste folk ville gjort. Som Noreg sine motstandsmenn gjorde under andre verdskrig, ein innsats og eit heltemot me i dag hyllar. Mange eg snakkar med meinar at "det kjem aldri til å bli fred der nede". Denne mentaliteten frigjer oss frå å bry oss. Jo! Det kan bli fred dersom me engasjerer oss og tek tak i uretta som skjer. Dersom partane blir tvungen til å behandle kvarandre som menneske og dersom me sluttar å tenke på eigne interesser og kva stat me tener mest på å vera "venn med". Dersom me byrjar å lese og setje oss inn i saker, ikkje berre Palestina/Israel-saka, men i alle fall noko viktigare enn at Linni eit eller anna har fått nye puppar. Dersom me bryr oss.

Etter dette innlegget har eg kanskje blitt stempla som verdas mest bitre 24 åring. Alt eg eigentleg ville sei er at verda treng stemma di, hjarta ditt og engasjementet ditt. For veit du kva? Me kan redde verda saman, hand i hand. 

* Denne kronikken vart publisert i Bygdanytt fredag 22.08.14
* Tala på drepne er no 2122 palestinarar, over 500 av desse born


tirsdag 22. juli 2014

Ein tvilande ateist

Det må finnast ein gud
Sjå steinane som passar saman
som formar seg av sola
som blir til kunst
med ørkenen som museum

Det kan ikkje finnast ein gud
Sjå munnen hennar
som ein gong smilte
som no er full av blod
Hennar uskuldige auge
såg blod for siste gong

Det må finnast ein gud
Sjå stjernene
som gjer himmelen om til eit maleri
Ein blir svimmel av å sjå
men klarar ikkje slutte
Klarar ikkje sjå ned

Det kan ikkje finnast ein gud
Sjå handa hennar
som strekker seg mot bornet sitt
Sjå tårene på kinnet
som blandar seg med blod

Det må finnast ein gud
Sjå mauren, med fargar på ryggen
som saman med dei andre
beveger seg i eit mønster
i same rytme
mot same mål

Det kan ikkje finnast ein gud
Sjå mannen,
som målretta
kjenslelaust
løftar våpenet og skyt

Det kan ikkje ha skapt seg sjølv
Så perfekt, så feilfritt

Ein gud kan ikkje ha skapt dette
Så grusomt, så feil


Tone Mjelde 
20.07.2014


Ørken utanfor Betlehem

onsdag 9. juli 2014

Smellet

Eit fly flyg over himmelen, eg høyrer berre lyden, men veit det er der oppe ein stad. Utanfor vindauga mitt leikar tre jenter, mens dei plukkar rips frå trea i hagen. Sola varmar på kroppane deira og får det lyse håret deira til å bli endå lysare.

Eg høyrer eit smell og kikkar ut vindauga i rein refleks, før eg kjem på den planlagde sprenginga ved vatnet. Borna som var utanfor er no på veg heim igjen til huset på den andre sida av elva. Hendene deira er fulle i rips og munnen er lyseraud av safta frå ripsa. Dei går saman i sumarvarmen.

Eit fly flyg over himmelen, ho høyrer berre lyden, men veit det er der oppe ein stad. Utanfor vindauga hennar leikar borna hennar med steinar på bakken. Steinar som ein gong var nabohuset. Sola varmar kroppane deira og gjer den mørke huda deira endå mørkare. 

Ho høyrde aldri smellet før ho døydde, rakk aldri å sjå ut vindauga etter borna sine. Dei leika ved husveggen, men no ligg dei nokre meter frå mora si, med henda fulle av stein. Munnen deira er mørkeraud av blodet sitt som er det einaste som bevegar seg i kroppane deira. Dei ligg saman i sumarvarmen.



Tone Mjelde 09.07.2014
  

onsdag 18. juni 2014

Di verd

Eg veit ikkje kven du trur du er, men orda dine skadar, sårar, øydelegg.

Det må vera fuckings trist å vera deg. Ein alle tenkjer på med forrakt.
Og så skjønar du det ikkje sjølv, kor fucked up du er.

For i di verd er sånne som meg fucka.
Sånne som grin og hylar.
Sånne som er seg sjølv.

Faen.
Eg har alltid ville vore som deg; hardhuda, stolt, sikker.

Men eg er den svake,ydmyke, usikre.

Eg trudde eg endeleg hadde godtatt det.

lørdag 31. mai 2014

Sløret over auga

Folk er så forbanna lukkelege

Eg høyres bitter ut. Sjalu kanskje. Sint på andre som har det så fuckings bra.

Det er ikkje det. Eg håpar folk har det bra. Håpar folk har verdas beste kjæreste og at hjarta deira er varmt så ofte som mogleg. Men eg veit korleis det er å ikkje vera der. Korleis verda ser ut. Korleis facebook ser ut når alt er mørkt.

Når ein er deprimert, så har ein eit slør foran augene sine. Sløret ligg seg som ei hinne over auga og gjer at alle fargane ute i verda blir fargelause. Gråe. Ein ser verda gjennom dette sløret kvar einaste dag, men ser ikkje sjølv at det er eit slør der. Istadenfor trur ein at sløret har forsvunne og at ein endeleg ser verda slik den er; jævlig. Og ingenting vil gjere den jævla verda betre, så kvifor prøve.

Når ein er deprimert, så blir alt eit ork. Tanken på å gå i dusjen. På å måtte ta av deg alle kledna, ta sjampoen i håret, tørke den stygge kroppen din med handkleet. Å lage seg ei brødskive til frukost blir ein maraton-etappe, heilt utan meining. Heilt utan resultat. Kvifor ete. Kvifor puste. Kvifor leve.

Når ein er deprimert, så isolere ein seg sjølv. Å møte menneske blir det mest utslitande som fins, fordi ein i tillegg til å ha det jævlig, må skjule det. Finne fram maska med smilet klistra på. Så ein møter ikkje menneske. Ein ligg heller der i senga si og blar seg gjennom facebook. Blar seg gjennom instagram og møter verda på den måten.

Der ser ein verda og verda er alt anna enn det du er. Den er lukkeleg. Flink. Sprek. Den har ein familie. Born. Kjærast. Den har gode augeblikk og den set pris på dei. Verda der ute ser feilfri ut og den ser ut som den meiner det. At den smiler med verkeleg glede bak, utan å måtte ta på seg ei maske. Det ser ikkje ut som eit einaste menneske har ein einaste mørk tanke i seg.

Sjå kor fuckings åleine du er. Heilt, heilt åleine.

Menneska sirklar rundt deg, men dei veit ikkje, forstår ikkje, kjenner ikkje den smerta du ber på i hjarta ditt. Dei ser ikkje sløret over auga dine, høyrer ikkje tankane dine som ynskjer å slutte å tenke. Slutte å vera. For det blir ikkje betre og folk kjem aldri til å skjøne. Du viser dei ikkje, fortel dei ikkje, fordi du allereie veit at det ikkje er vits. Dei kjem til å le av deg. Fortelje deg at du må skjerpe deg. Ta deg saman. Tenke positivt.

Du veit at det vil vera dråpen.

Eg er ikkje lenger deprimert.
Eg har det faktisk fuckings bra.
Så bra at eg faktisk ikkje må skrive det på facebook.
Slik eg gjorde då eg var deprimert.