onsdag 9. juli 2014

Smellet

Eit fly flyg over himmelen, eg høyrer berre lyden, men veit det er der oppe ein stad. Utanfor vindauga mitt leikar tre jenter, mens dei plukkar rips frå trea i hagen. Sola varmar på kroppane deira og får det lyse håret deira til å bli endå lysare.

Eg høyrer eit smell og kikkar ut vindauga i rein refleks, før eg kjem på den planlagde sprenginga ved vatnet. Borna som var utanfor er no på veg heim igjen til huset på den andre sida av elva. Hendene deira er fulle i rips og munnen er lyseraud av safta frå ripsa. Dei går saman i sumarvarmen.

Eit fly flyg over himmelen, ho høyrer berre lyden, men veit det er der oppe ein stad. Utanfor vindauga hennar leikar borna hennar med steinar på bakken. Steinar som ein gong var nabohuset. Sola varmar kroppane deira og gjer den mørke huda deira endå mørkare. 

Ho høyrde aldri smellet før ho døydde, rakk aldri å sjå ut vindauga etter borna sine. Dei leika ved husveggen, men no ligg dei nokre meter frå mora si, med henda fulle av stein. Munnen deira er mørkeraud av blodet sitt som er det einaste som bevegar seg i kroppane deira. Dei ligg saman i sumarvarmen.



Tone Mjelde 09.07.2014
  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar