fredag 30. mai 2014

Venen min

Eg har ein venn. Han er litt som meg; opptatt av konflikten i Midtausten, glad i ostesmørbrød og er alt for aktiv på Facebook. Han er ofte våken om natta og treng to koppar med kaffi før han kan fungere. Likevel er han sjeldan gretten. Han gjer feil, akkurat som alle oss andre. Som den laurdagskvelden han tok benken utanfor butikken med seg heim, mens han smilte til overvåkingskamera som filma det heile. Hjarta hans er så ufattelig stort og det forelskar seg lettare enn noko hjarte eg nokon gong har møtt. Likevel er han redd for å sleppe nokon inn. Redd for smerta dersom dei ombestemmer seg og vil ut igjen.

Kvar morgon når han sjekker facebooken sin ligg det som oftast ei melding å ventar i inboksen hans. Den pleier som oftast å vera stygg. Den pleier som oftast å fortelje han kor patetisk og ekkel han er. Kor liten verdi han har som menneske og at han helst bør hoppe frå ei bru enn å spreie sjukdommen sin vidare i samfunnet. At dei står klar med balltreet neste gong dei ser han. Ein del vil hjelpe han. Redde han frå helvete, der sånne som han skal brenne i evigheita saman med andre syndarar. Han viser meg meldingane og så slettar han dei. Gong på gong.

Det er ikkje fordi han av og til stel benkar i fylla eller fordi han støtter palestinarane at han får desse meldingane på Facebook. Han får dei fordi hjarta hans bankar raskare når guten i kassa på Rimi smilar til han. Fordi han synst menn med hår på brystet er sexy. Fordi han meiner det er ingenting som er betre enn å ligge i armkroken til ein mann du elskar og fordi han ikkje er redd for å seie det høgt. Han får hatmeldingar fordi han er homofil.

Eg ser aldri eit utanlandsk namn når eg får sjå meldingane. Dei som sender heiter Ole, Miriam og Frode og på profilen deira har dei rørande bilete av seg sjølv med den nyfødde sonen sin. Eller eit skrytebilete frå Bergen-Voss. Avsendarane er ikkje radikale muslimar, som ynskjer Sharia-lovar i Noreg, men tilsynelatande vanlege nordmenn, som kunne vore naboen din, tanta di, klassekameraten din eller venninna di.

Det er gått 42 år sidan Noreg fjerna loven som sa at mannleg homofili var kriminelt. Homofili er framleis kriminalisert i 78 land i verda i dag, men det er ikkje berre i andre land me finn diskriminering, vald og hat mot homofile. Ei undersøking av norsk ungdom i 2007 viste at ein tredjedel av homofile og bifile jenter hadde opplevd truslar om vald. For homofile og bifile gutar sa halvparten av dei spurte at dei hadde opplevd truslar. Når det gjaldt vald så alvorleg at den ramma måtte oppsøke legehjelp sa 40% av dei homofile og 18% av dei bifile at dette hadde ramma dei. I tillegg er homofile sterkt overrepresentert når det kjem til sjølvmordstankar og det å ta sitt eige liv. Dette er Noreg.

Det er ikkje mange månader sidan Den Norske Kyrkja bestemte seg for å fortsetje å nekte å la homofile gifte seg i kyrkja. Frelsesarmeen og andre kristne organisasjonar har lov å nekte homofile menneske å arbeide for dei, berre fordi dei er homofile. Dette er diskriminering av ei kyrkje der nærare 80% av Noregs befolkning er medlem. Betyr det at nesten 80% av alle menneska i Noreg meiner at homofile sin kjærleik er mindre verd enn andre? At venen min sitt hjarte hoppar feil? Betyr det at 80% av Noregs befolkning ser på homofile som mindre verd? Eg håpar ikkje det. Eg håpar det berre er så voldsomt vanskeleg å skrive ut utmeldingsskjemaet, signere det og sende det i posten.

Me er ganske like, men venen min er ikkje som meg. Han lar seg ikkje knekke. Lar ikkje tårene kome ved frukostbordet dersom han har fått ei stygg melding på facebook. Han vil ikkje bli likt av alle. Treng faktisk ikkje at du forstår han ein gong. Det einaste han vil er å få vera seg sjølv utan all den smerta og skammen samfunnet prøver å gje han kvar dag. For det er ikkje homofili som skadar og øydelegg menneske. Det er hatet.

1 kommentar:

  1. Jeg liker av og til å tenke, at den her er om meg!

    SvarSlett