torsdag 8. november 2012

Det er noko fint

Det er noko fint
med å høyre lyden av oppvaskemaskina,
som du veit du har tatt på og som du veit du skal tømme.

Det er noko fint
med fatet på benken,
som du veit du satt der og som du føler kan stå der litt til.

Det er noko fint
med lysa i vindauga,
som du har tent og som du kan slukke.

Når du vil.

Det er noko fint
med rotet i senga.
Sjølv om du skulle hatt eit nattbord

Det er noko fint
med den planten som har visna.
Det er di skuld og du veit det.

Det er noko fint
med å sitte i sofaen og vete at den har du kjøpt.
Den er din.

Det er noko fint
med å bu for seg sjølv
og lydane og rotet sitt

Det er noko fint
med å leve åleine
med tinga sine
med tankane sine

Ja, akkurat no,
er det er ganske fint

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar