Då synke eg til det nivået at eg legg ut ønskelista mi her på bloggen. Anbefaler alle å flytte inn i ein leilighet litt før jul, for då har ein så masse ein ønske seg og kan skriva ei laaang ønskeliste :) Sjølv om ønskelista kan verka litt kjedelig for utenforståande, så synst eg sjølv at den egentlig ikkje er det i det heile tatt :)
Tilfeldig rekkefølge sjølvsagt :
1. Ein kvit puff med oppbevaringsmuligheter :)
Denne her (kvit): http://www.ikea.com/no/no/catalog/products/S59885809/#/S39885829
2. Denne lampen:
http://www.ikea.com/no/no/catalog/products/90148766/
3. Grytekluter og kjøkkenhåndkle (dette e ein sånn kjedelig ein, men eg treng da verkeleg)
4. Opplevelser. Ein kinotur med deg. Ein teaterframsyning. Eit show. Ein tur. Ein kaffiavtale :)
5. Gåvekort på diverse stader er alltid genialt
6. Alkohol! (helst ikkje raudvin)
7. Kjøkkenstoler! (helst kvite eller limegrønne)
8. Gåvekort på tv2 sumo!!!
9. Datapute! (gjerne med høgtalarar). Akkurat sånn som denne faktisk:
http://www.dinside.no/836229/logitech-speaker-lapdesk-n700
10. Teskjeier og anna kjøkkenutstyr:D
11. Øyenskygge (gjerne jordfarger)
12. Symbolske gåver (Dette ønsker eg verkeleg altså og blir veldig glad for, spesielt dersom de vel: "Retten til et hjem":) http://www.symbolskegaver.no/Retten-til-et-hjem
13. Ting som gjer at eg kan finne ut kva eg skal bli...
14. Gode bøker. Denne her feks.: http://oktober.no/Boeker/Skjoennlitteratur/Romaner-noveller/Syngja
15. Gitarbok. Alltså ei bok med sangar med gitargrep :)
16. Treningsklede (kanskje eg begynne å trena då?)
17. Denne: http://www.enklereliv.no/sovnmaskin.html
18. DENNE HER: http://www.enklereliv.no/pillehusker.html
19. Oooog denne: http://www.enklereliv.no/solskygge.html
Og fred i verda sjølvsagt :)
fredag 30. november 2012
onsdag 21. november 2012
Eit heilt folk - gløymt av verda
Landet Israel er full av kontrastar.
I løpet av den månaden me var i landet reiste me frå sør til nord, frå vest til
aust. Den eine dagen gjekk me rundt på Vestbredden omringa av ein 8 meter høg
betongmur, mens me nokre dagar seinare låg på stranda i storbyen Tel-Aviv, ein
time eller to vekke frå det heile, med ein drink i handa, utan bekymringar. For
dette er Israel. Eit moderne og fantastisk land, med rettigheiter, gode vegar
og velferdstilbod. For israelarane... Me opplevde mange flotte bygningar,
historiske stadar og møtte mange flotte menneske i heile Israel. Både jødar,
kristne og muslimar. Eg kunne ha skrive mykje om reisa vår, men vil i denne artikkelen
konsentrere meg om det me opplevde og dei inntrykka me fekk på Vestbredden, Palestinarane sitt
område, som i dag er okkupert av Israel.
Huset deira med mur på alle sider |
Uansett grunn: Konsekvensane av denne muren er ekstreme og
det såg me sjølv på turen vår. Mellom Jerusalem og Betlehem trefte me ein
familie som budde rett ved hovudvegen som gjekk mellom Jerusalem og Betlehem før
muren vart bygd. Familien hadde då butikk og bilverkstad og tente gode pengar.
I dag er huset deira omringa av muren på tre sider. Dei er skilt frå venner,
slekt og naboar som budde rundt dei og er økonomisk konkurs. Familien hamna på
Betlehemsida, skilt frå alle på Jerusalemsida. Før kunne dei gå til naboane
sine, i dag er det nesten umogleg å reise på besøk. Dette fordi dersom ein
arabar, som bur på Vestbredden, vil inn i Jerusalem må han søke om lov. Dette
tar dagar og veker å få godkjent. Som oftast får ein nei som svar. Familien kan
heller ikkje gå opp på taka sine, så dersom vatnbehaldaren på taket ryk må dei
vente fleire dagar på godkjenning. I mellomtida er dei utan vatn. Mora i
familien fortalde oss om sine traumatiserte born, som kom heim frå skulen og
oppdaga at huset var blitt innestengt med mur på alle kantar og om soldatar på
muren som trua og kjefta dersom borna spelte fotball i gata utanfor heimen sin.
Borna hadde forandra seg kraftig og sleit psykisk grunna denne totalforandringa
av kvardagen sin. På grunn av muren.
Utsikten frå huset deira Mur på alle sider
Me var så heldige og fekk møte Kirkens Nødhjelp i Betlehem og
høyre om deira arbeid på Vestbredden. Dei overvåker blant anna checkpoints.
Checkpoints er opningar på muren, strengt kontrollert av israelske soldatar,
der palestinarar som skal gjennom og inn på andre sida av muren må stå i kø, gå
gjennom metalldektorar og vise identifikasjon og godkjenning. Representanten me
møtte, Elsa frå Noreg, kunne fortelje om soldatar som med vilje brukar lang tid,
stenger checkpointer utan grunn og forvarsel, og som håner og trakasserer
Palestinarar. Ein veit aldri kor lang tid ein gjennomgang vil ta. Palestinarar
med jobb i Jerusalem ventar vanlegvis frå kl.4 til kl.7 om morgonen for å kome
seg på jobb, kvar einaste dag. På
checkpointen er det unge og gamle som står i timevis i kø for å vente på sin
tur til å vise sine identitetspapir til unge Israelske soldatar som har all
makt over liva deira. I eit land dei sjølv vart fødd i. I eit land dei ser på som
sitt heimland. Der generasjonar av slekta deira har levd, dyrka jorda og vandra
fritt. Dei er no innestengde og blir behandla som terroristar.
På veg inn i ein checkpoint mellom Jerusalem og Betlehem ein rolig ettermiddag. Her står palestinarane som sild i tønne kvar morgon |
Me høyrte også om ekstrem vald og "Molotov-cocktails" som blir kasta inn i palestinske hus av jødiske busettarar. Hjå ein familie me besøkte hadde eit born på 18 månadar blitt drepen av ei slik bombe, men ingen blei straffa for det. I følgje FN blir meir enn 90% av anmelde saker om busettarvald henlagt utan tiltale og rapporterte angrep frå busettarane har auka sterkt dei siste åra.
Ekstreme settlarar høyrde me også om i Jerusalem då me
besøkte huset til ei palestinsk kvinne. Ho var 80 år gamal og hadde tepper
hengande framfor vindauga sine. I alle fall halvparten av dei. Resten av huset
hennar var overtatt av jødiske settlarar. Kvar dag stod desse naken i vindauga,
urinerte bort på hennar del av huset og ropte skjellsord og trua ho. Desse teppene
var hennar beskytting mot trakasseringa ho opplevde kvar dag. Ingen andre greip
inn for å stanse det og i den israelske retten har ho ikkje ein sjans mot
busettarane. Slike historiar var ikkje vanskelige å finna, men dei er framleis
vanskelige å forstå.
Fredsdua med skotsikker vest. Gatekunst av Banksy.
Jente som leiker i Hebron |
For kvifor gjer Israel dette? Det er viktig å hugse på opp i alt dette at regjeringa i Israel har mange grupper å tenkje på. Frå sekulære til ekstremt religiøse. Det er også viktig å hugse på at Israel opplevde mange sjølvmordsbombarar i tida før muren kom og at desse er blitt kraftig redusert etter bygginga av muren vart starta. Likevel; etter å ha sett konsekvensane av handlingane til regjeringa i Israel, spør eg: Er det rettferdig å behandle eit heilt folk for det nokon gjorde? Ein skal aldri akseptere terrorisme og sjølvmordsbombing, men blir hatet mot Israel mindre ved å bygge ein mur og ved å behandle menneske på denne måten? Blir hatet og terrorismen mindre ved å undertrykke og diskriminere? Guiden vår, som viste oss rundt på Vestbredden, fortalde om Palestinarar utan håp. Om ungdom som slutta seg til motstandsbevegelsar, som ser på terrorisme som einaste utveg. Han var skremt av denne utvikliinga, men forstod også desse unge palestinarane. Verda ser dei ikkje og høyrer ikkje, samtidig som landet dei alltid har budd i og elska blir tatt frå dei, sakte men sikkert.
Det har vist seg at Palestinarar nektar å la seg rokke med og kjempar sin eigen
stille kamp. Dei blir værande og nektar å reise, sjølv om kvardagen deira
verkar både håplaus og vanskeleg og sjølv om verda ikkje løfter ein finger for
å forbetre situasjonen. Det er tydelig at muren/sikkerhetsgjerde, som skulle
vera løysninga på problemet, heller har ein skapt eit sinne og ei kjensle av
undertrykking, som ein dag vil renne over. Slik blokaden av Gazastripa også
fører til. Nemlig meir hat og meir ekstremisme.
Ein kan diskutere lenge om kven som eigentlig har rett på
dette heilage landet i Midtausten og korleis ein skal få fred mellom partane. Eg
har ikkje kome fram til ei løysning, men skjønar no at ein aldri får fred ved å stenge eit folk inne, splitte
familiar og vener, og fjerne dei frå jorda si. Ein får ikkje fred ved
diskriminering, audmjuking og mistenkeleggjering. Ein får ikkje fred dersom ein ikkje kan
forstå og anerkjenne den andre parten, slik
me menneske må gjere, dersom me skal leve saman. Ein får aldri fred dersom
Israel fortsette på denne måten.
EM-kamp på storskjerm i Jerusalem |
På reisa vår oppdaga eg også ein annan viktig ting, som er
lett for å gløyme. Nemlig at
dette er menneske. Menneske som fortene å bli beskytta av anna enn plastdukar
og tepper foran vindauga sine. Dei er menneske som meg og deg. Som går på
skule, som ser fotball, som er forelska og som har draumar og kjensler.
Menneske som berre ynskjer å leve liva sine, der dei alltid har levd det og med
familie og venar som dei alltid har levd med. Dei ynskjer å sjå EM i
fotball med energidrikk og solsikkefrø som snacks og å kunne spele fotball i
gata utanfor heimen sin.
Uansett om ein meiner at dei trur på feil religion, ikkje har rett å bu der dei bur, tenkjer feil eller handlar gale, så bør ein behandle dei som menneske. Menneske med rettigheitar og verdigheit. Etter turen vår til Vestbredden kan eg med handa på hjarte seie at det blir ikkje palestinarane i dag.
Uansett om ein meiner at dei trur på feil religion, ikkje har rett å bu der dei bur, tenkjer feil eller handlar gale, så bør ein behandle dei som menneske. Menneske med rettigheitar og verdigheit. Etter turen vår til Vestbredden kan eg med handa på hjarte seie at det blir ikkje palestinarane i dag.
torsdag 8. november 2012
Det er noko fint
Det er noko fint
med å høyre lyden av oppvaskemaskina,
som du veit du har tatt på og som du veit du skal tømme.
Det er noko fint
med fatet på benken,
som du veit du satt der og som du føler kan stå der litt til.
Det er noko fint
med lysa i vindauga,
som du har tent og som du kan slukke.
Når du vil.
Det er noko fint
med rotet i senga.
Sjølv om du skulle hatt eit nattbord
Det er noko fint
med den planten som har visna.
Det er di skuld og du veit det.
Det er noko fint
med å sitte i sofaen og vete at den har du kjøpt.
Den er din.
Det er noko fint
med å bu for seg sjølv
og lydane og rotet sitt
Det er noko fint
med å leve åleine
med tinga sine
med tankane sine
Ja, akkurat no,
er det er ganske fint
med å høyre lyden av oppvaskemaskina,
som du veit du har tatt på og som du veit du skal tømme.
Det er noko fint
med fatet på benken,
som du veit du satt der og som du føler kan stå der litt til.
Det er noko fint
med lysa i vindauga,
som du har tent og som du kan slukke.
Når du vil.
Det er noko fint
med rotet i senga.
Sjølv om du skulle hatt eit nattbord
Det er noko fint
med den planten som har visna.
Det er di skuld og du veit det.
Det er noko fint
med å sitte i sofaen og vete at den har du kjøpt.
Den er din.
Det er noko fint
med å bu for seg sjølv
og lydane og rotet sitt
Det er noko fint
med å leve åleine
med tinga sine
med tankane sine
Ja, akkurat no,
er det er ganske fint
onsdag 7. november 2012
Der var han
Det var som om noko gnistra mellom dei to. Ho skjønte ikkje kvifor eller kva det var, men ho kjende det på heile kroppen. Ho prøvde å konsentrera seg og holde fokus, men kroppen og tankane hennar søkte han. Ho drøymte seg vekk. Fantasterte korleis det ville vera å ta på han. Korleis det hadde vore å bli tatt på, av han.
Han gjorde ingenting spesielt, berre gjekk og snakka som alle andre, men likevel var ho heilt satt ut av å vera i nærleiken av han. Måten han bevegde seg på gav ho frysningar på ryggen. Måten han smilte på, gjorde at hjarta hennar vart varmt og rolig. Alt han sa, gav ho lyst til å grine. Grine fordi alt var så riktig. Han og orda hans.
Ho såg ryggen hans mens han gjekk ut døra og tenkte: Der var han. Der var draumemannen.
Han gjorde ingenting spesielt, berre gjekk og snakka som alle andre, men likevel var ho heilt satt ut av å vera i nærleiken av han. Måten han bevegde seg på gav ho frysningar på ryggen. Måten han smilte på, gjorde at hjarta hennar vart varmt og rolig. Alt han sa, gav ho lyst til å grine. Grine fordi alt var så riktig. Han og orda hans.
Ho såg ryggen hans mens han gjekk ut døra og tenkte: Der var han. Der var draumemannen.
mandag 5. november 2012
Lykketjuvane
I helga har eg vore på stressmestringskurs på Solstrand Hotell, saman med 10 andre flotte personar. Sjeldan har eg kjent på ei sånn rolig kjensle inni meg. Eg kan ikkje hugse sist eg sovna med eit smil om munnen på denne måten. Med ei kjensle om at alt kjem til å ordne seg.
Eg vil dele eit utdrag frå papirheftet me hadde. Ein beskrivelse av depresjon, som eg kjenner meg veldig godt igjen i:
Lykketjuvane
Depressive lidelsar er tjuvar som tar lykken frå menneske. Dei stjel sjølvtillit, energi og livslyst. Depresjon er å miste evna til å vera glad, men depresjon er også å miste evna til å føle sorg. Som opplevelse kan depresjon minne om sorg, men er verken sorg, vemod eller tristheit. Depressive lidelsar angrip sjølvbilete på ein heilt annan måte.
Depresjon er å miste delar av evna til samhørighet med andre. Det er ein djupt einsam tilstand. Depressive lidingar gjer menneske sjølvsentrerte, men ikkje egoistiske.
Depresjon er å dø av tørst, med eit vannglass foran deg.
Ein deprimert person kan lengte etter kontakt, men skyv andre frå seg og isolerar seg. Det som er så trist, er at ein også mister seg sjølv som støttespelar. Istaden får man ein kritikar inni seg som ser det negativ i alt. Når kritikaren blir for sterk er det lett å sjå på seg sjølv som verdilaus, oppfatte livet som meiningslaust og miste håpet om eit betre liv
Eg vil dele eit utdrag frå papirheftet me hadde. Ein beskrivelse av depresjon, som eg kjenner meg veldig godt igjen i:
Lykketjuvane
Depressive lidelsar er tjuvar som tar lykken frå menneske. Dei stjel sjølvtillit, energi og livslyst. Depresjon er å miste evna til å vera glad, men depresjon er også å miste evna til å føle sorg. Som opplevelse kan depresjon minne om sorg, men er verken sorg, vemod eller tristheit. Depressive lidelsar angrip sjølvbilete på ein heilt annan måte.
Depresjon er å miste delar av evna til samhørighet med andre. Det er ein djupt einsam tilstand. Depressive lidingar gjer menneske sjølvsentrerte, men ikkje egoistiske.
Depresjon er å dø av tørst, med eit vannglass foran deg.
Ein deprimert person kan lengte etter kontakt, men skyv andre frå seg og isolerar seg. Det som er så trist, er at ein også mister seg sjølv som støttespelar. Istaden får man ein kritikar inni seg som ser det negativ i alt. Når kritikaren blir for sterk er det lett å sjå på seg sjølv som verdilaus, oppfatte livet som meiningslaust og miste håpet om eit betre liv
Ensomheten
Og ensomheten er huset ved veien
du raver dødstrett inn i
og finner varmt og trygt og godt
Og ensomheten er frosten
som gjennomsyrer deg senere på natten,
vinden som iser gjennom åpne sprekker
og istykkerslåtte vinduer,
og jager deg ut igjen.
Men ensomheten er fortvilelsen
som hyler over veiene.
Gunvor Hofmo
du raver dødstrett inn i
og finner varmt og trygt og godt
Og ensomheten er frosten
som gjennomsyrer deg senere på natten,
vinden som iser gjennom åpne sprekker
og istykkerslåtte vinduer,
og jager deg ut igjen.
Men ensomheten er fortvilelsen
som hyler over veiene.
Gunvor Hofmo
lørdag 3. november 2012
Stressa
Det er rart. At ein kan få panikk. Bli stressa. Så stressa at kroppen skjelv. Av berre ein liten filleting, som egentlig ikkje betyr noko. Som du egentlig ikkje treng å stresse over og som du ellers ikkje hadde tenkt over eingong. Men akkurat i dag, så stressar du. Noko voldsomt.
Eg er flink å stresse. Stressar når eg er vaken, og når eg søv. Heile tida. Nokre gongar meir enn andre, men det er alltid stressing inne i bilete. For småting, men også for store ting. Dei store spørsmåla i livet. Kva ein skal bli. Kven ein skal vera. Kva ein skal gjere med resten av livet sitt.
Eg slapper aldri av.
Eg stressar.
Fordi eg er ein stressar.
Eg er flink å stresse. Stressar når eg er vaken, og når eg søv. Heile tida. Nokre gongar meir enn andre, men det er alltid stressing inne i bilete. For småting, men også for store ting. Dei store spørsmåla i livet. Kva ein skal bli. Kven ein skal vera. Kva ein skal gjere med resten av livet sitt.
Eg slapper aldri av.
Eg stressar.
Fordi eg er ein stressar.
Abonner på:
Innlegg (Atom)