tirsdag 23. oktober 2012

Meir enn berre fotball


Det er med tungt hjarte eg innser at fotballsesongen går mot slutten og ein vinter utan lokalfotball står for tur. Det har vore nok eit flott år med mykje fotball, mange solgte vaflar, sosiale stunder og både glede og sorg. Som styremedlem i Hausvik FK tilbringe eg litt tid på idrettsplassen og i klubbhuset i Haus, saman med mange, mange andre flinke og engasjerte Hausingar. Sjølv om eg sitt i styret og burde vore veldig fotballinteressert, sett Premier League og iallefall heia på eit lag utanom Hausvik, så er eg heller av den typen som gjerne er meir opptatt av kor mykje pengar kiosken fekk inn på ein kamp, enn om det var offside eller ikkje offside. Og som heller er opptatt om vaflane var gode enn om det var feilkast eller ikkje. Likevel så sitt eg i eit fotballstyre, ser fotballkampar og plutselig så likar eg fotball utrulig godt. I alle fall lokalfotballen.
                For lokalfotball er ikkje berre fotball.  Den er så utrulig mykje meir. Sjølvsagt er det viktig å spele god fotball og at ballen går forbi keeperen i ny og ne liksom, men det er ikkje berre den fotballen det handlar om. Lokalfotball er fedre, som stolt ser bornet sitt score sitt fyrste mål og "fotballmammaer", som klagar over kunstgrasknottar i heile huset. Lokalfotball er å juble over å så vidt behalde plassen sin i 6.divisjon, etterfylgt av ein heidundrandes fest med allsong og frysningar på ryggen. Det er heiing og oppmuntring, sjølv om keeperen mista ballen mellom beina. Det er diskusjonar etter kampen om "drittdommaren", som openbart  dømte imot Hausvik.  Det er heimelaga bollar i kiosken og litt utgått brus. Lokalfotballen er ungdomsjenter som møter opp på kampar, totalt uinteressert i fotball, men fryktelig forelska i spissen og pittelitt i høgrebacken. Det er trenarar som favoriserer sin eigen son eller dotter og som skrik heilt til dei blir hese. Lokalfotballen er samtaleemnet på butikken. Lokalfotballen er limet i bygda.
                Dette limet er grunnen til at eg liker lokalfotballen så godt og det er grunnen til at eg sitt i eit fotballstyre. For limet er så utrulig viktig for ei bygd. Det skapar tilhørigheit, samhald og fellesskap. Me finn det ikkje berre i fotballen, men også i resten av frivilligheita i bygda. I musikklaget. I ungdomslaget. I speidaren. Dette limet gjer at ei bygd fortsett å fungere og ikkje dør ut. Det er det som gjer at folk blir buande og kjem tilbake til bygda etter livet i byen. "Fotballpuben" er kjekk ei stund liksom, men etterkvart så saknar ein å stå på sidelinja i Haus med ei varm vaffel i handa. Limet skapar aktivitet og engasjement og det får heile bygda til å legge vekk alt anna enn dugnadsarbeid i to år, slik at ein kan bli ferdig med kunstgraslegging og opprusting av idrettsplassen. Limet gjer at foreldre vil ofre fleire kveldar i veka som trenarar og supporterar. Limet er det som får oss til å føle at me høyrer heime ein stad og at ein høyrer til eit fellesskap. Eit fellesskap som er opent for alle. Ja, berre ein heier på riktig lag då sjølvsagt.
                For alle kan møte opp som tilskodar på kampar. Lokalfotballen passar nemlig for allslags folk. Både for dei som faktisk er fotballinteresserte og for dei som "berre" er forelska i midtstopparen. Ein har ein lika god grunn til å ville sjå kampen. Og når ein ser på lokalfotball, så er det lov å skrike på feil plass eller sei at det er offside, sjølv om det soleklart ikkje er det. Eller å skrike straffe sjølv om spelarane ikkje er innanfor 16 meteren eingong. Det er fullt lovlig å heia ekstra på bror sin, som sjølvsagt alltid er banas beste, eller bue litt på han som knuste hjartet ditt på ungdomsskulen.
                Så dersom du saknar ein plass der du kan vera uproff og ikkje ha peiling: Du er hjartelig velkommen å sjå på lokalfotball med meg. På sidelinja på Haus Idrettsplass. Kanskje som kioskvakt i ny og ne, med to-tre vaflar i magen. Rundt oss kjem det til å vera folk, som har totalt forskjellige mål og interesser enn oss. Men me har alle ein ting til felles: Me likar lokalfotballen. Fotballen som er meir enn berre fotball. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar