søndag 28. oktober 2012

Eg og Halldis

Eg og Halldis er mykje med kvarandre for tida. Kvar kveld, før eg sovnar. Ein morgon i ny og ne. Eg ligg i senga og smakar på kvart einaste ord ho gjev meg. Kvart einaste ord. Eg finn ein ny meining med orda hennar rett som det er. Ho er spennande, på den måten. Ein veit aldri heilt kva ho meinar eller kven ho tenkjer på. Men ho tenkjer mykje. Eg og ho er like, på ein måte. Ho seier akkurat det er tenkjer og det eg kjenner på. Ho har tydeligvis vore gjennom det same som meg. Følt det same. Kjent på dei same kjenslene. Det er godt. Støttande, på eit vis.

Takk, Halldis.

ORD OVER EI GRIND 

Du går fram til mi inste grind
Og eg går fram til di
Innanfor den er kvar av oss einsam
Og det skal vi alltid bli


Aldri trenge seg lenger fram
Var lova som gjaldt oss to
Anten vi møttes tidt eller sjeldan
Var møtet tillit og ro


Står du der ikkje ein dag eg kjem
Fell det meg lett å snu
Når eg har stått litt og sett mot huset
Og tenkt på at der bor du


Så lenge eg veit du vil koma i blant
Som no over knastrande grus
Og smile glad når du ser meg stå her
Skal eg ha ein heim i mitt hus


Halldis Moren Vesaas

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar