torsdag 16. desember 2010

Skippertak!

Skippertak (def.: kort og intensiv anstrengelse) er ordet som kan beskrive min situasjon denne veka. Er det mulig å utsette mest mogleg for å så sitte to dagar før innlevering av to eksamensoppgåve og ha skrevet 10% av oppgåvene? Ja. Det er fullt mogleg. Eg hadde faktisk gløymt kor utrulig skippertak-menneske eg er når det er noko som er fullstendig uinteressant (som exphil og exfac) må bli gjort.Det er rart kor spennande alt anna blir når ein burde gjera noko kjedelig. I går "vakna eg plutselig opp" mens eg støvsugde leiligheita og tenkte: Ka faen? Eg støvsugde mandag, kvifor gjer eg dette igjen? I dag bar eg ut bosset og vaska badet... Alt for å ikkje gjere det som verkeleg er naudsynt: nemleg eksamensoppgåvene.

Eg byrja å ta bilete av meg sjølv: (altså eg tar kanskje eit i ny og ne, men no tok eg ein heil serie med bileter, noko som minna meg om fjortisperioden min som varte til vidaregåande ... Ja, eg va litt sein i utviklinga)


Ein kan tydelig sjå sinnstemninga endre seg til neste dag...


Eg ringte til og med mamma i ein halvtime og maste non stop!

Plutselig låg eg merke te skoa mine og måtte konstantere at desse skoa må i søppelet og eg må (... nok ein gong...) ta turen til skobutikken! HERREGUD! Dei e berre... 2-3 år! KORFOR kan ikkje sko vara evig?

Nei... Dei hadde ikkje kvitt mønster (salt) på seg når eg kjøpte dei!

Så. Her sitt eg. Fullt klar øve at eksamensoppgåvene vart crappy, men med et smil om munn...
Kvifor? Jo :) Fordi eg glede meg te å koma heim :) til...

Stress, krangling, kjæfting, mas og kaos

Altså: Det er juleferie!

1 kommentar:

  1. Hehehe. Kjenne meg godt att her, Tone! Trur det er mange som lide av denne slags sjukdom. Men det funkar visstnok for nokon. Kunsten er å ikkje tenka på oppgåva før skippartaket kjem. Om du øydelegge vekene før innlevering med stress og bekymringstankar, er heile vitsen vekke. Då kunne ein like godt starta frå dag ein.

    PS! Ikkje bekymr deg for at du e fjortiss endå ;)

    SvarSlett