mandag 6. desember 2010

Kvifor kjøpte eg desse skona?

Så var det på tide igjen: Skohandling.
Imotsetning til alle andre jenter på jordkloden, HATER eg å kjøpe sko. Det finns mange grunnar, blandt anna at eg har størrelse 35/36 og ofte må snu nesa mot barneavdelingen, eller at eg har merkelige og skreive bein, som passar dårleg i normale og "billige" sko. Den tredje gode grunnen er at eg har forfeeerdelig tjukke legger (eller som pappen min sei da: Sterke fotballegger. Jaddaaa). Men ikkje minst så hater eg skohandling, fordi eg ALLTID (utanom ved eit par anledninger) ender opp med å hate skoa eg kjøpte. Og sidan eg er så dum som eg er, så ender eg også opp med å gå med desse skoa, sjølv om dei ikkje passar, ser jævlig ut eller er tunge som faen.

Og jammen skjedde det igjen! Snøen kom og eg måtte tilslutt innsjå at dei tynne sommarskoa ville drepe meg av kulde dersom eg ikkje trossa frykta mi og tok meg ein skohandlings tur. I skobutikken røska eg med meg nokre vintersko i str.37 (sjølv om eg veit at eg har str 35/36. "Godt med litt plass til tjukkelester. Ja du, som om eg bruker tjukkalester...) prøvde eine skoen, såg på beina i speilet og vinka med tærne: Perfekt, tenkte eg! Eg var blid og fornøgd og skraut til alle eg møtte om mine nye og varme vintersko.

Etter fyrste tur frå Danmarksplass til Høyden, måtte eg konstantere at eg var full i gnagesår, blodet hadde stoppa i leggen, at skoa føltes som 10 kg på kvar fot, og at eg brukte str. 35 og ikkje str.37. Ei veke seinare såg eg fleire ungar med same sko og eg kunne rett og slett konstantere at eg hadde klart det igjen: Nok eit forbanna dårleg skovalg.

Og kva gjer eg?
Eg fortsetter å bruke dei og har herved hatt dei i ein månads tid. Ja, for dei er jo tross alt heilt forbanna fantastiske.

2 kommentarer:

  1. Eg synst du skal komma øve kneiken, og berre innsjå at du må kjøpa sko som passe din tildelt fot(frå Gud?). Eg må forresten tilføya, etter dagens lån av desse skora, at eg også fekk gnagsår. Men eg tvilar det var på grunn av størrelsen. Eg vil tru det er av dårlig design. Skona er ikkje tilpassa norske føtter.

    PS! Dessuten er det søtt med småe føtter :D
    Lykke til med nye skokjøp!

    SvarSlett