Eg trur du hadde likt kjærasten min
Han er ein sånn som
likar å snakke
som
likar å spørje
Ein som verkeleg bryr seg om
kva du seier
Eg trur du hadde likt han
Eg trur han hadde likt deg
Og eg trur at han hadde spurt deg
om alle dei tinga
som eg aldri turde spørje om
Farmor
Barndommen din
Hjarta ditt
Eg håper du liker
at han går rundt i huset ditt
Eg håper det er greit
at han søv på soverommet ditt
Han søv der saman med meg
Eg håper det er greit
at me har lyst å bu her
At det blir meg og han
Og at dine Mjelde-gener blir ført vidare
med han
For eg trur du hadde likt han.
Kjærasten min.
Eg trur du hadde likt han veldig godt.
onsdag 18. februar 2015
torsdag 8. januar 2015
Før og med, deg.
Før deg, trudde eg at eg var skapt for å vera åleine. At eg trong pauser, lange stunder, dagar, for meg sjølv. Det var berre då eg kunne puste, sånn skikkelig. Slappe av. Nå kvilepuls.
Før deg, har eg aldri slappa av saman med andre. Sjølvsagt meir med nokre enn andre. Nokre nesten, men aldri heilt, heilt avslappa. Tankene automatisk stoppa før dei har blitt sagt, omformulerte.
Med deg, renn orda ut. Dei blir sjeldan stoppa. Sjeldan omformulert. Dei er heilt nakne, ofte ekle, stygge, rare. Men alltid dønn ærlige. Kanskje eg testar deg.
Du består kvar gong.
Med deg, når eg kvilepuls og makspuls. Eg treng ingen pausar frå deg. Alt eg vil er å kjenne hjarta ditt og pusten din. Høyre orda dine, kjenne handa di møte mi. Lukte blandinga av røyk og munnskyllevatn. Lukta av deg.
Med deg, er eg ikkje lenger skapt for å vera åleine.
Med deg, pustar eg.
Før deg, har eg aldri slappa av saman med andre. Sjølvsagt meir med nokre enn andre. Nokre nesten, men aldri heilt, heilt avslappa. Tankene automatisk stoppa før dei har blitt sagt, omformulerte.
Med deg, renn orda ut. Dei blir sjeldan stoppa. Sjeldan omformulert. Dei er heilt nakne, ofte ekle, stygge, rare. Men alltid dønn ærlige. Kanskje eg testar deg.
Du består kvar gong.
Med deg, når eg kvilepuls og makspuls. Eg treng ingen pausar frå deg. Alt eg vil er å kjenne hjarta ditt og pusten din. Høyre orda dine, kjenne handa di møte mi. Lukte blandinga av røyk og munnskyllevatn. Lukta av deg.
Med deg, er eg ikkje lenger skapt for å vera åleine.
Med deg, pustar eg.
torsdag 2. oktober 2014
Vekke frå deg
Er du klar over kor vanskelig det er å sovne når heile kroppen min lengtar.
Er på veg ut av senga, på veg på bussen.
Heim til deg.
Når hjarta bankar seg ut av brystet,
klarar ikkje banke roleg,
har gløymt kva kvilepuls er.
Korleis sovne når alle tankane eg ikkje har fortalt deg berre surrar i hovudet.
Når du ikkje er her og kan roe dei ned.
Er du klar over kor vanskeleg.
Faktisk heilt umogleg.
Det er å sovne.
Vekke frå deg
Tone Mjelde 30.10.14
Er på veg ut av senga, på veg på bussen.
Heim til deg.
Når hjarta bankar seg ut av brystet,
klarar ikkje banke roleg,
har gløymt kva kvilepuls er.
Korleis sovne når alle tankane eg ikkje har fortalt deg berre surrar i hovudet.
Når du ikkje er her og kan roe dei ned.
Er du klar over kor vanskeleg.
Faktisk heilt umogleg.
Det er å sovne.
Vekke frå deg
Tone Mjelde 30.10.14
søndag 28. september 2014
Unnskyld
Men eg elskar han
når han ser på meg
med sine knallblå auge
Som ser rett inn i sjela mi
Unnskyld,
men eg elskar
å ligge så nærmt han
at eg kjenner hjarta hans bankar
For meg
Unnskyld!
Eg veit ingen grunn er god nok for deg,
men du anar ikkje
kor lenge hjarta mitt har venta,
lengta.
Etter han
Alt eg kan sei er unnskyld
For at eg elskar hjarta hans,
smilet hans som smeltar kvar einaste del av meg.
Kroppen hans.
Kvart einaste ord som kjem ut mellom dei fyldige leppene hans.
Måten dei sug røyken ut av ein Malboro-sigarett.
Alt heilt perfekt
Unnskyld,
men eg klarar ikkje å la vera
Å elske han
når han ser på meg
med sine knallblå auge
Som ser rett inn i sjela mi
Unnskyld,
men eg elskar
å ligge så nærmt han
at eg kjenner hjarta hans bankar
For meg
Unnskyld!
Eg veit ingen grunn er god nok for deg,
men du anar ikkje
kor lenge hjarta mitt har venta,
lengta.
Etter han
Alt eg kan sei er unnskyld
For at eg elskar hjarta hans,
smilet hans som smeltar kvar einaste del av meg.
Kroppen hans.
Kvart einaste ord som kjem ut mellom dei fyldige leppene hans.
Måten dei sug røyken ut av ein Malboro-sigarett.
Alt heilt perfekt
Unnskyld,
men eg klarar ikkje å la vera
Å elske han
tirsdag 26. august 2014
Kjærleik i solnedgang
Det sterkaste minne eg har frå sumarens tur til Palestina er
frå ein beduinleir i ørkenen utanfor Betlehem då eg satt og såg på ei jente og
far hennar. Dei hadde skimta kamelane sine kome traskande i det fjerne og far
og dotter var på veg for å klargjere vasstankane. Midt i den fantastiske
solnedgangen i ørkenen gjekk dei saman, hand i hand. Det er sjeldan eg har sett
ein så sterk kjærleik, ikkje berre for kvarandre, men for jorda si.
Eg møtte mange menneske på Vestbreidda og vart nok ein gong
minna på kva Israel sin okkupasjon gjer med palestinarane. Kor mykje den hindre
dei i å leve liva sine, kor den audmjuke og diskriminere dei og kor den sakte
men sikkert gjer ein Palestinsk stat umogleg. Rett etter eg kom heim frå
Vestbreidda braut helvete laus i Gaza, noko som har resultert i 2034 drepne
palestinarar, 1607 av desse sivile, 473 av desse born. På israelsk side har 67 personar blitt drepne,
tre av desse sivile.
Etter eg kom heim har eg delt hundrevis av artiklar, jævlige
bilete og intervju på facebook. Eg har diskutert med menneske og har prøvd å
formulere meg utan å verka som ein palestina-aktivist som ikkje klarar å sjå
den andre sida. Det er vanskeleg og eg har ofte heller vald å berre late som eg
ikkje har ei meining. Eg har kjent meg hjelpelaus, trist, tom og åleine, fordi
eg føler at det ikkje er vits. Mine ord forandrar ingenting. Og eg har vore
sint, uendelig sint, på den handlingslamma verda og på meg sjølv.
Det er ikkje meg det er synd i. Det er ikkje eg som må
oppleve dette kvar dag. Eg kan reise heim igjen, bestemme over mitt eige liv og
ikkje vise ID kortet mitt fleire gongar for dagen fordi eg ser mistenkeleg ut.
Eg treng ikkje stå i timeslange køar, fordi ein mur har blitt satt opp mellom
arbeidsplassen og heimen min. Ikkje sjå barnet mitt bli reven i fillebitar av
israelske bomber eller konstant frykte for livet mitt, innestengt av mur på
alle kantar. Eg kan reise, elske og flytte kvar eg vil. Når eg, som har det så
bra og som berre har vore i Palestina to gongar kan bli så sint, kor sint er
palestinarane då? Når eg kjenner meg så håplaus, at ingenting hjelper, er det
rart palestinarane kjenner seg enormt hjelpelause og blir desperate?
Dei fleste gongane eg har lagt ting ut på Facebook har eg
fått ingen eller liten respons. Det verkar som me (ikkje berre dei som lede
landet vårt, men meg og deg) er uendelig redde for å ta eit standpunkt, vera
engasjerte. Vera ho der som skrik på Facebook kvar einaste kveld. Det er meir
akseptert å vera den som ikkje har peiling, som kjøper vesker til 3000 kroner
og kunn hever stemma når ein katt blir dumpa i sjøen. Eg får hundre likes på
eit bilete der eg nyter livet på Mallorca med ein drink i handa, men null på
ein status der eg meiner bombinga av uskuldige born i Gaza må ta slutt. Det får
meg til å tenke, får meg til å undre på kva samfunn me lever i.
Når eg spør palestinarane kva me i Noreg kan gjere svarar
dei alltid at me kan bry oss og at me kan støtte. Ikkje vald, ikkje
ekstremisme, men dei vanlege menneska som det finst flest av i Palestina. Palestinarane
har sett landet sitt blitt tatt frå seg og dei kjemper med nebb og klør for det
dei har igjen, som kvart einaste folk ville gjort. Som Noreg sine motstandsmenn
gjorde under andre verdskrig, ein innsats og eit heltemot me i dag hyllar. Mange
eg snakkar med meinar at "det kjem aldri til å bli fred der nede".
Denne mentaliteten frigjer oss frå å bry oss. Jo! Det kan bli fred dersom me engasjerer
oss og tek tak i uretta som skjer. Dersom partane blir tvungen til å behandle
kvarandre som menneske og dersom me sluttar å tenke på eigne interesser og kva
stat me tener mest på å vera "venn med". Dersom me byrjar å lese og
setje oss inn i saker, ikkje berre Palestina/Israel-saka, men i alle fall noko
viktigare enn at Linni eit eller anna har fått nye puppar. Dersom me bryr oss.
Etter dette innlegget har eg kanskje blitt stempla som
verdas mest bitre 24 åring. Alt eg eigentleg ville sei er at verda treng stemma
di, hjarta ditt og engasjementet ditt. For veit du kva? Me kan redde verda
saman, hand i hand.
* Denne kronikken vart publisert i Bygdanytt fredag 22.08.14
* Tala på drepne er no 2122 palestinarar, over 500 av desse born
* Denne kronikken vart publisert i Bygdanytt fredag 22.08.14
* Tala på drepne er no 2122 palestinarar, over 500 av desse born
tirsdag 22. juli 2014
Ein tvilande ateist
Det må finnast ein gud
Sjå steinane som passar saman
som formar seg av sola
som blir til kunst
med ørkenen som museum
Det kan ikkje finnast ein gud
Sjå munnen hennar
som ein gong smilte
som no er full av blod
Hennar uskuldige auge
såg blod for siste gong
Det må finnast ein gud
Sjå stjernene
som gjer himmelen om til eit maleri
Ein blir svimmel av å sjå
men klarar ikkje slutte
Klarar ikkje sjå ned
Det kan ikkje finnast ein gud
Sjå handa hennar
som strekker seg mot bornet sitt
Sjå tårene på kinnet
som blandar seg med blod
Det må finnast ein gud
Sjå mauren, med fargar på ryggen
som saman med dei andre
beveger seg i eit mønster
i same rytme
mot same mål
Det kan ikkje finnast ein gud
Sjå mannen,
som målretta
kjenslelaust
løftar våpenet og skyt
Det kan ikkje ha skapt seg sjølv
Så perfekt, så feilfritt
Ein gud kan ikkje ha skapt dette
Så grusomt, så feil
Tone Mjelde
20.07.2014
Sjå steinane som passar saman
som formar seg av sola
som blir til kunst
med ørkenen som museum
Det kan ikkje finnast ein gud
Sjå munnen hennar
som ein gong smilte
som no er full av blod
Hennar uskuldige auge
såg blod for siste gong
Det må finnast ein gud
Sjå stjernene
som gjer himmelen om til eit maleri
Ein blir svimmel av å sjå
men klarar ikkje slutte
Klarar ikkje sjå ned
Det kan ikkje finnast ein gud
Sjå handa hennar
som strekker seg mot bornet sitt
Sjå tårene på kinnet
som blandar seg med blod
Det må finnast ein gud
Sjå mauren, med fargar på ryggen
som saman med dei andre
beveger seg i eit mønster
i same rytme
mot same mål
Det kan ikkje finnast ein gud
Sjå mannen,
som målretta
kjenslelaust
løftar våpenet og skyt
Det kan ikkje ha skapt seg sjølv
Så perfekt, så feilfritt
Ein gud kan ikkje ha skapt dette
Så grusomt, så feil
Tone Mjelde
20.07.2014
![]() |
| Ørken utanfor Betlehem |
onsdag 9. juli 2014
Smellet
Eit fly flyg over himmelen, eg høyrer berre lyden, men veit
det er der oppe ein stad. Utanfor vindauga mitt leikar tre jenter, mens dei
plukkar rips frå trea i hagen. Sola varmar på kroppane deira og får det lyse
håret deira til å bli endå lysare.
Eg høyrer eit smell og kikkar ut vindauga i rein refleks,
før eg kjem på den planlagde sprenginga ved vatnet. Borna som var utanfor er no
på veg heim igjen til huset på den andre sida av elva. Hendene deira er fulle i
rips og munnen er lyseraud av safta frå ripsa. Dei går saman i sumarvarmen.
Eit fly flyg over himmelen, ho høyrer berre lyden, men veit
det er der oppe ein stad. Utanfor vindauga hennar leikar borna hennar med
steinar på bakken. Steinar som ein gong var nabohuset. Sola varmar kroppane
deira og gjer den mørke huda deira endå mørkare.
Ho høyrde aldri smellet før ho døydde, rakk aldri å sjå ut
vindauga etter borna sine. Dei leika ved husveggen, men no ligg dei nokre meter
frå mora si, med henda fulle av stein. Munnen deira er mørkeraud av blodet sitt
som er det einaste som bevegar seg i kroppane deira. Dei ligg saman i
sumarvarmen.
Tone Mjelde 09.07.2014
Abonner på:
Innlegg (Atom)


