torsdag 28. november 2013

Fruer

Eg e redd for det perfekte. Redd fordi det får alt med meg sjølv til å verka så fuckings feil. Dei mørke tankane mine, dei svære låra mine og middagskvilen på sofaen. Eg har kjempa lenge mot min trang til å vera perfekt. Min trang til å ikkje visa fram at eg ligg på sofaen. At eg kan sei feil ting. At eg kan gjere feile ting. Trangen til å ikkje visa heile meg. Sårbare meg, som kan sove ein heil dag i strekk og som får lyst å gje opp heile verda inni mellom. Ganske ofte.

I alle fall låra mine. 

Eg er kanskje patetisk,
men fotballfruer og andre fruer set meg tilbake.
Eg burde vera glad. Glad for at nokon har det så flott. Så rosa, så perfekt.

Men eg blir redd.
Redd for at det faktisk finst slike personar,
som er akkurat det eg alltid har drøymt om å bli:

Perfekt.

4 kommentarer:

  1. Kjenner meg såååå igjen! Tidlegare/dessverre litt noverande perfeksjonist eg og...

    SvarSlett
  2. Det eg skreiv nettopp til deg på twitter, om å vere større fan av deg enn fruene, dette er grunnen. At du tør å dele dette set deg faktisk på ein pidestal langt over alle fruene for ganske mange. Eg veit du ikkje ser det sjølv, men for oss andre som sit inne med liknande tankar er det att du set ord på det ikkje berre bra, men viktig.

    SvarSlett
  3. Lina: Godt å høyre at det er fleire med same tankar. Denne perfeksjonismen er ikkje så enkel å ha med å gjera. Takk for kommentar :)

    Ida Marie: Tusen takk. Du ane ikkje ka da betyr for meg <3

    SvarSlett