søndag 22. juli 2012

På kanten

Eg står her
på kanten av stupet

Sjølv om tryggheita
Livet med beina på bakken
er bak meg

Så vil eg hoppe

Sjølv om fornufta er der
Sjølv om alt er lagt til rette
og planlagt

 Så vil eg hoppe

Eg vil ikkje snu meg
Eg vil ikkje høyre
For eg ser framtida
der nede

Der nede i mørket

Mørket er skummelt
Utan ein einaste garanti
Men det overvelder meg
av kjensler
av kjærleik

Noko eg aldri før har kjent

Eg står her på kanten
av stupet
Og eg veit
at valet må tas

 Eg vel
og hoppar ned

 I mørket

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar