tirsdag 21. februar 2012

Er det greitt med religiøse skular i Noreg?

Det har lenge pågått ein liten debatt om Danielsen Ungdomsskule på Osterøy. Nokre kjem med krasse ord, mens andre forsvarar skulen og kristendommen. Danielsen ungdomskule har vore heilt stille og verken kome med forklaringar eller forsvaringar av skulen sin og trua si. Sjølv når Bygdanytt har spurd seriøse og ukritiske spørsmål, spørsmål me alle (ikkje berre foreldre) lurar på, så er dei framleis stille. Danielsen vil unngå ein forferdelig debatt i lokal avisa, som kan såre både elevar og foreldre. Eg trur likevel det er ein sunn debatt. Ein debatt som eigentlig handlar rundt det eine spørsmålet: Er det greitt med religiøse skular i Noreg?
Sjølv om me er ein kristen stat, bestemte regjeringa i 2008 at det ikkje lenger skal vera eit fag som heiter "KRL - Kristendoms-, religions- og livssynskunnskap" i grunnskulen , men "RLE - Religion, Livssyn og Etikk". Faget vart endra frå å kunn handle om kristendommen til å skulle handle om alle religionar. Det var ein presisering av at opplæringa skulle vera objektiv, kritisk og pluralistisk. At religionar og livssyn vart presentert frå læraren si personlige ståstad, som tidligare var lov, vart no ikkje godtatt. Ein sunn utvikling. For det er her det ligg. Eg har ingenting imot tru og religion i det personlige og kvardagslige plan. Me vel alle korleis me vil vera og kva me vil tru på, og alle burde bli respektert for det. Det er altså ikkje dei personlige kristne det er noko feil med. Poenget mitt er at denne personlige trua har ingenting saman med formidlinga av kunnskap å gjere. Personleg tru + kunnskapsformidling = feil!

For kva lærer elevane på denne kristne skulen, dreven av kunn kristne lærarar, ein kristen rektor og kristen administrasjon? Sjølv om Danielsen ikkje svarar, så er svaret veldig enkelt: Dei lærer om kristendommen. Eg har leita litt rundt på internett for å prøve å finne noko handfast. Det var vanskelig, men eg fann nokre vage setningar i vedtektene til Danielsen. Der står det blant anna at "Danielsen skal i all sin virksomhet søke å skape et læringsmiljø som fremmer et kristent helhetssyn på livet, forankret i troen på Gud som skaper og frelser slik dette er uttrykt i Bibelen og de evangelisk-lutherske bekjennelsesskrifter. Skolen vil i alt sitt arbeid gjøre Kristus kjent for elevene slik at Han kan bli trodd og etterfulgt". Det Danielsen seier, veldig forsiktig, er at den kristne trua er med lærarane i alt dei gjer og alt dei lærer vidare til sine elevar og at målet til skulane er at elevane skal bli kjend med Kristus og byrje å tru på han. Her finn me alle svara Bygdanytt lurer på. Lærarane har med seg den personlege trua si når dei lærar vidare til elevane om korleis verda vart skapt. Dei har den personlege trua si med seg, når dei forklarar og fortel kva ein burde tenke om homofili og seksualitet. Dei har trua på Gud og Frelsaren med seg når dei fortel om krigane i Midtausten og når dei reflekterer om kven som har rett til "det hellige landet". Alle desse spørsmåla kan eg allereie no tippe svaret på. Alle desse svara er ikkje henta frå ei objektiv lærebok, men frå Bibielen.
Me snakkar heile tida om mangfald i det norske samfunnet og i offentlig sektor. Barnehagar og barneskular får ris fordi dei har for mange kvinnelige ansatte. Det sender ut feil signal til ungane, seier mange. Kvifor godtek me då denne skulen, der det ikkje finns mangfald i det heile? Eg meiner skulen i Noreg skal vera full av mangfald. Ein skule skal reflektere samfunnet vårt og på den måten vise alle dei fine sidene med vårt fantastiske opne og demokratiske samfunn. Eg vil ha lærarar som er kristne, muslimar, humanetikarar, homofile, heterofile, ikkje etniske nordmenn, nordmenn, kvinner og menn.  Men mest av alt vil eg ha lærarar som ikkje blandar trua si inn i undervisninga. Eg vil ikkje ha fadervår kvar morgon. Eg vil at elevane skal bli kjend med alle religionar, både dei me er fryktelige redde for og dei me ikkje er så redde for. Og eg vil at dei sjølv skal velje kva religion dei trur på eller ikkje trur på, og ikkje føle at dette valet er feil. Eg vil ha ungdommar som kan sjå på andre kulturar og religionar med opne auge og ikkje fulle av fordommar fordi dei ikkje har lært om verda frå ein nøytralt ståstad. Ein stad der kristendommen er det grunnleggande, det rette og der alt anna e heilt feil. Eg vil ha homoseksuelle elevar, som ikkje gøymer seg og skammar seg, men som reiser seg opp og seier: "Her er eg. Ingenting med meg er feil".
Det heile kokar ned til eit spørsmål: Er det greitt med religiøse skular i Noreg? Ein ting er sikkert. Me hadde aldri godkjent ein islamsk skule i Fotlandsvåg. Me hadde gått i protesttog frå ungdomshuset til "Jokern". Me hadde skrike "Islamisering" og nikka når Siv Jensen kom på tven. Sjølv om Danielsen er "mindre skummel" er det likevel det same. Det er begge to stadar der ungdommen lærer at bøker for over 2000 år sidan har alle dei rette svara og at ny forskning ikkje har det. Eller at nokre menneske, grunna sin legning, tru eller kjønn, har mindre verdi enn andre. Dette er livssyn og verdiar som ikkje burde vore godtatt i dagens samfunn og som absolutt ikkje høyrer heime på skular på Osterøy og elles rundt om i Noreg.
Tone Mjelde

5 kommentarer:

  1. Hei! Har lest innlegget ditt og vil gjerne kommentere ganske kort. Eg jobbar sjølv på ein kristen skule og eg synest du svartmalar voldsomt her. Tenk litt i gjennom korleis du sjølv definerer toleranse, for det er ikkje den verdien som gjennomsyrar din måte å omtale hverken andre menneske eller andre livssyn på. Det er faktisk ein foreldrerett i samfunnet vårt å få velje skule for borna, og kvifor skulle ikkje då kristne foreldre eller andre som synest det er bra at borna får gå på ein slik skule, få velje det?? Viss du trur at lærarane berre står og preikar om kristendommen tar du fullstendig feil! Eg gjer stort sett akkurat det same som eg gjorde i den offentlege skulen då eg jobba der. Forskjellen er at me har ein annan profil på delar av skulen, og at me ynskjer å gje elevane eit møte med noko viktig me trur på utan å prakke det på dei!! Du burde spørje elevar på slike skular korleis dei opplever det. Kvifor skal eit politisk parti gå inn og nekte slike skular når ein stadig opplever at dei er populære og at elevane trivst?? Gode resultat vert det og. Kva er logikken her? Trur du verkeleg at lærarar som ikke er kristne er livsynsnøytrale?? Alle har eit syn på livet som dei formidlar meir eller mindre bevisst. Eg vil for all dei ikkje bu i eit totalitært samfunn der staten nektar kristne skular som er opne for alle. På min skule har me ikkje berre kristne elevar!! Alle vert respektert og tatt vare på, uavhengig av religion eller livssyn. Arbeiderpartiet representerer haldningar som eg er skuffa over, og eg lurar på kor toleransebegrepet som vart lyfta fram etter 22.juli er blitt av..Danielsen sine skular er ikkje lukka skular med hverken indoktrinering eller skular der me unnlet å læra elevane om andre religionar. Eg håpar verkeleg at du som er politisk engasjert ser kor viktig det er med toleranse - også når det gjeld det som har med religion å gjere. Det nøytrale finst ikkje-heller ikkje i skulen. Mvh Mona

    SvarSlett
  2. Hei! Takk for kommentar. Eg meiner det ikkje burde vore lov med religiøse skular. Der er ikkje fordi eg ikkje respekterer og tolererer andre meiningar, livsyn og tru enn mi eigen, men fordi eg meiner dette ikkje har noko med kunnskapsformidling å gjere. Folk kan få tru kva enn dei vil, men å blande det inn med skule, synest eg er feil. Eg er heilt enig i at det ikkje er nok nøytralitet i den offentlige skulen,og det må jobbast vidare der også, men den offentlige skulen har iallefall ikkje vedtekter som seier at dei skal formidle det kristne livssyn og la elevane bli kjende med Jesus. Nøytraliteten er altså mykje mindre på religiøse skular. Elevane har det sikkert kjekt på ein slik skule. Kristen leirar kan også vera kjekke med andre venner, dyr, aktiviteter og leikar. Men det kristne livssynet ligg bak og blir lurt inn på ein "kjekk" måte. Ikkje fortel meg at dersom ein elev spør kva homofili er, så får ein eit nøytralt svar tilbake? Det har eg ingen tru på.
    22.juli viste også det norske folk at det er viktig med meir åpenhet. La oss snakke om dette, utan å bli beskylt for å ikkje tolerere kvarandre. Eg meiner ikkje at alle kristne verdiar er forferdelige. Det norske samfunnet er bygd opp på mange av desse, som fungerer som normer i kvardagen vår, men det er også nokre utdaterte syn, der vitenskapen og normal fornuft har kome lenger.

    Eit kort svar, skrevet på veg ut døra. Men takk for kommentar og for at du engasjere deg :)
    Helsing Tone

    SvarSlett
  3. Takk for tilbakemelding:) Kunnskapsformidling er ikkje livssynsnøytral og det bør ikkje vere eit mål heller. Me menneske vil aldri kunne formidle kunnskap utan at han er farga av oss sjølv som personar og korleis me ser på livet. Ein humanetikar formidlar eit syn på livet sjølv om han eller ho påberopar seg å vere "nøytral"..Kristendommen har svært mange gode verdiar som er vel verd å ta vare på for landet vårt, men sjølvsagt skal me også vere tolerante overfor andre. Danielsen ynskjer å vere ein tolerant skule. Skulen har viktige verdiar og ein tydelig kristen ståstad med verdiar som å sjå den enkelte elev og å vere medmenneske. Dette bør vere verdiar som det norske samfunnet treng! Og du bør kanskje spørje elevane om dei opplever seg utanfor viss dei går der og ikkje er kristne sjølv..MEN skulen forsømer ikkje den oppgåva han har som skule. Då hadde skulen aldri vorte godkjent!
    Du skriv at fornuft og vitenskap er komne lengre enn religion/tru. Då har du ikkje heilt kva som er definisjon på religion: å tru på noko ein ikkje kan sjå eller bevise, men som ein er overbevist om i hjarta og gjerne fordi ein har fått ulike former for opplevingar. Å redusere tru til noko som kan bevisast blir drøyt..Dessutan kan ikkje vitskapen gje svar på alt. Det finst "missing link". Arbeidarpartiet (der mange meiner det same som deg) er med på å prøve å bygge ned kristne verdiar og valfridomen i samfunnet. Det synest eg er heilt feil fokus. Kva skal me fylle inn med i staden??
    Eg meiner ikkje at me ikkje skal ha åpenhet, og eg respektere dine synspunkt:) Det er likevel veldig viktig for meg å kjempe for at samfunnet ikkje kneblar annerleistenkjande i toleransen sitt navn. Det er IKKJE toleranse at alle skal verte mest mogeleg like (og at kristne skular dermed skal vekk) Og så bør du ta ein kikk på kor stor prosentandel av norske elevar som går på kristne skular..Kanskje ikkje så stor prosent at det utgjer ein trussel akkurat..
    Mvh Mona

    SvarSlett
  4. Forstår ikke helt hva du legger i begrepet "åpenhet" i det du skriver, Tone Mjelde. For meg virker det som at du mener at det kan være åpenhet og toleranse så lenge det ikke dreier seg om religioner og kr.dom. Du skriver at: "Men mest av alt vil eg ha lærarar som ikkje blandar trua si inn i undervisninga". Det jo nettopp det alle lærere gjør. Vi har da alle et livssyn som preger måten vi lever på, om man er på skolen eller er på trening, om man tror på mennesket i selv, Gud eller Allah. Å påberope seg å være "nøytrale", er noe ingen er. Man tar alltid en side i en sak, som bygger seg på vårt livssyn, om det så er å si at alle religioner er like viktige, eller det motsatte; ingen religioner er viktige. Å si at man ikke "tror på noe" er også et livssyn. Steinerskolen og Montessoriskolen står også for et livssyn. Den offentlige skolen, med sine verdier, står også for et livssyn. På meg virker det som at så lenge man ikke har et livssyn man kan plassere i forhold til en gud eller religion, er det greit. Det du kommer med her er for lite nyansert, og det er preget av nettopp det du selv tror på. Å i det ene øyeblikket si at man skal ha åpenhet og toleranse, og i det neste si at man ikke bør ha religiøse eller kristne skoler, blir som å si at "jeg tolererer andres livssyn, så lenge de ikke tror på en gud".

    Vil også minne om at foreldreretten står sterkt i vårt samfunn, og det er ingen som blir tvunget hverken til å delta på kristne aktiviteter eller å gå på en kristen skole. Det er totalt valgfritt, og det er nettopp valgfriheten som avler åpenhet og toleranse, ikke at man skal forby mennesker å tro på noe mer enn det man ser.

    SvarSlett
  5. Er heilt enig med deg Tone.. Religion har ingenting med skule å gjere. Skulen er der for at me skal kunne lære og få oss ein utdanning. Den er ikkje skapt for å få noko å tru på. Religion kan bli dyrka i heimen, saman med familie eller venner.

    På denne øya har me til og med laga ei gruppe for kristne (unge kristne) for at dei som trur på det skal kunne samlast å snakke om det. Dette synst eg er ein fin ting.

    På ungdomsskulane lærer dei også om religion. Dei er innom dei fleste religionane som finst, og dermed kan elevane sjølv velje kva dei vil tru på. Sjølv om Noreg er bygd på kristen tru, så er det ikkje slik at nokon skal bli tvungen til å tru på det. Kanskje ikkje dei kristne skulane tvinge elevane til å tru på gud, men det kan likevel følas slik for elevane.

    Kanskje ikkje elevane mistrivast på denne skulen heller, det er det ingen som har sakt noko på. Men at elevane skal bli flytta frå kvarandre er ein stor feil. Når du er ungdom er då du finn vennane dine og bygg eit felleskap. Det er det me treng på denne øya, felleskap!

    SvarSlett