torsdag 6. januar 2011

Mannfolk i forandring?

Eg har busett meg på Osterøy i jula og fann fort ut at eg hadde tatt for lite klede med meg. No har det snart gått tre veke og eg har budd i Carina sitt kleskap sidan byrjinga av ferien. For ja. Eg har framleis ferie, ferie, ferie, ferie. Tirsdag brakar det heile laus med 2 heile timar, og ikkje minst 2 heile timar torsdagen også (eller var det 4?Huff !). Før det plutselig vart helg. Sukk. Det er hardt du. Neida. Joda! Det er faktisk ganske hardt, sånn psykisk. For sjølvdisiplinen min slit allereie med tanken på at eg må stå opp om morningar og sjølv tvinge meg sjølv til å lese. For dersom eg skal overleve universitetet, så reknar eg med eg må gjere meir enn å gå på forelesninger (finn raskt nok ut av det). Vel. Wish me luck. (Øver på engelsken sidan 90% av lesestoffet er på engelsk dette semesteret).

Sidan eg har hatt så mykje tid i det siste, har eg hatt store fritidsproblem. Eg har gått turar, laga sunn mat til husholdninga (min familie) og ikkje minst: sett på tv. Og når ein må velje mellom Oprah og NRK sporten, så blir det sjølvsagt NRK sporten. Og kven er der? Vår aller kjære Northug. Sutrete og jævlig. Altså. Særris? Ka e det med han her?

Kva har skjedd med mine gamle barndomshelter?


Thomas Alsgaard, med sine fantastiske augebryn og Bjørn Dæhlie sitt strålande smil. "Kor e alle heltan hen?" No sitt me igjen med ein arrogant drittunge, på 24 år, som sjølvsagt e flink nok til å stå på ski men som flauer seg ut gang på gang på gang med sine ekle kommentarar.

Dette innleder til min nye avsløring, næmlig at gutar rundt oss oppfører seg som jenter i eit tenåringsdrama. Eg snakker ikkje om Northug, men om gutar i mitt liv. Gutar, som burde vore menn, men som heller brukar tida si på å baksnakke, utestenge og nærmast mobbe andre gutar. Når ein må sitte på fest og høyre på gutar, vel over 20 i alder, som snakkar som jentegjengen min gjorde på ungdomskulen. Då e det på tide å vokse opp eller for min del: Bytte venegjeng.
Har det alltid vore slik? Har menn, hemmelig, vore hormonelle tenåringar, eller er dette noko nytt? Kanskje eg berre har gått på ein smell og havna i feil guttegjeng?

For meg verkar det iallfall som om mannfolka er i krise. Kor vart det av mannfolka som ikkje grin offentlig, som ikkje barberer seg og ikkje baksnakker, som ikkje bruker energi på småkranglar og ikkje tenker over alt mogleg?

Gad. Eg kjem til å vera singel for ever!

4 kommentarer:

  1. Mannfolka har nok ikkje alltid vært slek,Tone (heldigvis) men dessverre e da blitt ein mote å væra med på utestening, baksnakking og mobbing blandt gutter, sjøl de øve 20....

    SvarSlett
  2. HAHAHAHAH.... Priceless den siste der.. :P

    SvarSlett
  3. Så eg må leita i 30årsalderen for å finna meg nåkken, Ina? ;) "Bra" det ikkje berre e eg som har merka dette fenomenet.

    Linn-Sara:
    Greit å ha ein unskylding på kvifor ein er singel :P Klar for skulestart? Saknar deg <3

    SvarSlett
  4. Du må nok kanskje opp ett par år i alder enn da du e sjøl virke da sånn...

    SvarSlett