torsdag 25. mars 2010

Kva ville du gjort dersom du vann 110 millionar?

På onsdag er førstepremiepotten i vikinglotto svimlande 110 millionar! Det er kanskje absurd og urealistisk å tenkje på, men tenk deg... Berre for ein augenblink... At du vinn desse 110 millionane. Kva ville du brukt dei på? Du hadde sjølvsagt vore gjeldsfri og tatt deg ein tur til syden. Men kva meir? Det er ikkje snakk om ein million, men hundreogti millionar! Tenk deg, at du har moglegheit til å oppfylle alle dine materielle draumar. Om pengar gjer deg lukkeleg, er ein diskusjon i seg sølv, men materielle og økonomiske bekymringar hadde ikkje vore tilstades i din framtidige kvardag. Draum deg vekk og tenk litt. Kva hadde du gjort?

Interresant eller ikkje:
Eg ville brukt mykje pengar på meg sjølv, mykje fordi eg for tida sitt på ræv og lengtar etter eventyr. Eg hadde nok forsvunne frå Noreg (fyrst finansiert grasbana i Haus og utbygging av ungdomshuset i Mjeldalen sjølvsagt) og tatt med meg nokon eg er glad i. Levd livet og vore litt bortsjemt, men samtidig brukt pengar der det trongs.
Etter eg hadde rast av meg, hadde eg reist heimatt til flotte Noreg, der eg hadde bygd meg eit hus i Mjeldalen og overtatt garden. Samtidig hadde eg jobba i ein jobb der eg hadde tjent lite. Det er jo i dei jobbane ein trivs i.
Eg hadde nok sløst mykje pengar vekk, for det klarar eg allereie no, med 6000kr lønning frå Kiwi. Men eg håpe eg hadde gjort mange fine ting.

Så tenke eg meg om og blir irritert på meg sjølv. Kvifor berre gjere fine ting dersom ein har mykje pengar? Kvifor ikkje begynne å forandre seg før desse pengane evt. kjem? (1:12000000 sjans) Kvifor leve etter "Dersom eg hadde hatt så og så mange millionar, så hadde eg gitt ein mill. til dei fattige." regelen? Kvifor ikkje byrje med det eg allereie har. Gje litt av det eg har. Gje litt av tida mi til dugnadsarbeid eller verv i lag og organisasjonar som flotte MUL og HFK. Spare litt pengar til ein liten sydentur i ny og ne. Bli Planfadder for 240 kr. månaden.
Kvifor føle seg betre av å gje 1mill av 20mill, enn 400 kr av 6000 kr?

Ein må jobbe med det ein har... Men... Det er lov å drøyme litt:)

7 kommentarer:

  1. Hehe...Ja det e både låv å vikti å drøm!! "Livet skal ikke begripes, det skal gripes"...Ha ein fin Dag :)

    SvarSlett
  2. Så sant, så sant:) samme til deg, Marthe :)

    SvarSlett
  3. Eg trur eg hadde donnert ein del pengar til buddhistiske tempel. Dei er så koselege. Dersom ein er seriøs nok er det gratis å praktisera der(i Korea i alle fall) med kost og losji.

    SvarSlett
  4. Hehe. Ja, der har du og noko. Eg trur eg må setta meg meir inn i sånne ting. Følte meg litt utanfor no:P

    Men detta e ein grunn til at da e kjekt å høyra ka folk hadde brukt pengane på. Da e så mange forskjellige ting å bruka dei på:)

    SvarSlett
  5. Det var ikkje meininga at du skulle kjenne deg utanfor. Dersom du vil kan eg fortelja litt om det eg erfarte i Korea. Uansett vert det ikkje på eit koreansk tastatur seint siste frikvelden i Korea. I morgon vert det meditasjon heile natta og så er det tilbake til Noreg.

    SvarSlett
  6. Stilig. Kor lenge har du vore der? Høyres utruleg spennande ut då!

    SvarSlett
  7. Eg har vore her sidan 8. mars(reiste fraa gardermoen 7. mars. Vart visst ikkje meditasjon i kveld likevel, men eg maa reisa klokka 0700 paa laurdag. Det vil seia klokka 2300 fredag kveld norsk tid.

    SvarSlett